Julehefter 2020 – Disneys ender


Når ein tel med alle format er Donald Duck (m/familie og venner) den
suverent mest profilerte juleheftehelten også i år.


Donald Ducks Julehistorier (Egmont / kr 99,-)
Denne hardcover-pocketen (eigentleg ein Donald Pocket julespesial) som kjem ut kvar jul, står som oftast ikkje med resten av juleheftene, og kan fort oversjåast. Men det er vanligvis kjekk lesing smekkfullt med julestemning. Så òg i år.

Nivået på teikningane er høgt i år; tidlegare år så har det vore litt om og men, og sjølv om dei store favorittane mine ikkje er med i år (Corrado Mastantuono og Massimo Di Vita sniker seg inn med ein einsider kvar) så er der ganske mange bra historier. Tito Faraci leverer ein crossover med Skrue og Mikke over 60 sider  der dei to må samarbeide for å redde jula, med fortreffelege Ren og Stimpy-aktige teikningar av Stefano Intini. For meg er dette høgdepunktet.  Alessandro Sisti og Emmanuelle Baccinelli lar Super-Langbein redde jula frå romvesen i ein historie som minnar meg om Sergio Asteriti på sitt beste.

Der er eit vidt spenn av historier her, nokon av dei gode og sentimentale,  andre med fokus på action og humor.  Absolutt strålande julelesing. Denne julepocketen er definitivt valuta for pengane. Sjølv om ikkje alle historiane når opp, så er den så tettpakka at vi setter karakteren utifrå det beste. 

Terningkast 6

*

Donald – Jul i Gruffenberg  (Egmont / kr 67,-)
Julehefta til Arild Midthun, med Knut Nærum og Tormod Løkling som solide støttespelarar, har dei siste åra vore så påliteleg solide at ein kan verte freista til å gi dei ein 6-ar før ein les hefta.

Samstundes så finner Midthun & Co. ein balanse mellom klassisk Barks og nye vrier. I år så satsar dei på klassisk mellomeuropeisk / alpin setting, ein gong på 17-1800 talet, i «eventyrtida», samstundes som teikningane skjeler til detaljrikdomen og den friare layouten i moderne fransk-belgisk fantasy. Donald er attende som museumsvakt, og ein mystisk Griff-statue som fører med seg ulukke transporterer han og nevøane på magisk vis inn i eit eventyrleg kongerike styrt av skumle B-Gjeng-aktige adelsmenn som har forbudt Jula! (Då veit vi at dei er slemme.)  Berre Donald og nevøane kan redde jula.

Les historia og få jula di redda du òg.

Terningkast 6.

*

Disneys Julaften  (Egmont /kr 99,-)
«Fra alle oss til alle dere», dette er ein slags teikneserieversjon av Disney-spesialen som går på NRK (nesten) kvar jul: Julenissens verkstad, Bambi på glattisen, Askepott sin kjole og Pluto sitt juletre, dei er alle her. I tillegg får vi heile teikneserieadapsjonen av Disneys Jungelboken frå start til slutt. Ikkje like fengande som teiknefilmane, men likevel så kan det vere kjekt for ungane.

Terningkast 4

*

Donald Duck &Co.  Julehefte 2020 (Egmont kr 67,-)
Dette juleheftet tek meg attende til når eg som barn på 1980-talet las Donald:  Ei spretten vinterhistorie av Daniel Branca om Skrue i konflikt med ein alpinbaron som meiner Skrue sitt skihotell øydeleggjer utsikta hans. Dolly driver med skøyteløp og er rivaliserer i Rosita i Bas Heyman sin strek. Den aller første Lilleulv-teikneserien nokon sinne kjem på norsk for første gongen nokon sinne, og vi får ein av Tony Strobls Donald og Klodrik som Skrue kontorassistentar-historier, eit fast innslag i det Donald Duck & Co som eg hugsar.

Heftet hentar opp tidlegare uutgitte ting, men er likevel nostalgiprega, denne gongen for dei som først las Donald på 1980-90 talet. Nok vinter til at det står til godkjent, men ikkje full julestemning.

Terningkast 4

*

Donald Duck &Co.  – Jul på 60-tallet (Egmont / kr159,-)
Egmont starta ein ny tradisjon i fjor, med ei julebok der ein trykte opp julenummer av Donald Duck & Co frå 1950-talet. Dei hald fram i år med 60-talet, nærare bestemt 1962/63. Dette er faksimiler, så sjølvsagt så kan ein merke seg litt «feil» fargar og andre trykkproblem, som anten vil framstå som irriterande eller sjarmerande, avhengig av nostalginivået hos lesaren. Berre halvparten av historiane er knytta til jul, vinter eller snø, men dei er til gjengjeld svært sjarmerande.

Teiknarane er alle frå Disney sin «Hall of Fame»: Carl Barks, Paul Murry, Jack Bradbury, Al Hubbard og Tony Strobl pluss ein del enkeltmateriale frå andre. Sidan det inkluderer reklamer og lesarbrevsider og alt anna så er dette sjølvsagt å rekne som nostalgi-utgjevingar; ein slags spin-off av «komplette årganger». Men det må seiast at dei har plukka ut veldig gode serier, sjølv om enkelte vil verke veldig gamaldagse nå. Her er i tillegg til Donald og Mikke også Snipp og Snapp, Lilleulv, Fant og Raptus von Rupp. Barks er representert med «Billiarder i hullet», ein av hans beste, mens Murry er representert med Mikke og Langbein som dampskip-transportører på Mississippi, så det er knas.

Sidan biletkvaliteten og «gamaldagse» serier er ein del av Nostalgi-effekten, så skal eg ikkje trekkje for det. 

Terningkast 5

*

Carl Barks Jul
Det er Barks,  så då veit  vi stort sett at det er bra, men det er lite jul over heftet. Vi får ein 10 sider med Donald og gutane på Hakkespett prøve i snøredding. Elles litt småhumrete materiale.  Innholdslista fører opp «Penger på is» , den aller første Pengebinge-historia til Barks, men den er ikkje med og er djupt sakna.  Greit nok i bunken viss ein ikkje har Barks komplett frå før.

Terningkast 4

*

Donald Duck God Gammel Årgang (Egmont / Kr 67,-)

Sundagsstriper frå 1936 til 1940 av Al Taliaferro.  I denne perioden hadde han mange ruter å jobbe med per side, og hans slapstick-rutiner får verkeleg plass til å utfalde seg. Som vanleg så er dette heftet mest for fans av dei gamle teiknefilmane sin krakilske og nebbete bråkmaker-Donald, og dette er Taliaferro sin mest sprudlande periode.

Terningkast 5

*


Walt Disneys Julehefte (Egmont / Kr 67,-)
Redaktørane har her sett saman den vanlege «sju slag»-menyen av solide julehistorier som (også) trakkar utanfor ande- og muse-universa. Peter Pan hjelper Julenissen, Snipp og Snapp tullar med Bamse Brakar og ein av mine absolutte favorittar: Basil Mus løyser et mysterium på dronningas julemddag. Sjølvsagt med eit par gode Donald-historier av Mau Heymans, Daniel Branca, Vicar med meir. Nokon av seriane er kanskje meir småhumrande interessante enn ustyrteleg morosame, men dei er vakre og bør ha appell til gamle lesarar.

Terningkast 4

3 tanker om “Julehefter 2020 – Disneys ender

  1. «Den aller første Lilleulv-teikneserien nokon sinne kjem på norsk for første gongen nokon sinne…»

    Faktakorrigering: Det er ikke den aller første, men den ANDRE Lilleulv-serien noensinne som er på trykk i årets Donald Duck & Co-julehefte. Den første historien sto på trykk i Donald Duck & Co nr. 4/2005: https://inducks.org/story.php?c=W+WDC++52-06

  2. Om Donald Ducks Julehistorier (pocketen) skriver Knut Robert: «står som oftast ikkje med resten av juleheftene». Dette stemmer ikke, boken står i den ordinære, store sjokkselgeren med de andre juleheftene. Men den har ikke blitt sendt ut sammen med de andre juleheftene til anmelderne.

  3. Beklagar at eg ikkje har svart før, då eg har vore utan sosiale media i ei veke.

    Du har sjølvsagt rett, Haakon, i at Donald sin Julepocket SKAL og BØR vere i Sjokkselgeren.

    Mitt poeng, kanskje dårleg uttrykt, er at eg har vore fan av denne pocketen lenge, og som du nemner, så er den blant dei som eg som anmeldar må kjøpe i butikk. Og når eg kvart år er i butikken for å kjøpe pocketen så er det hipp-som-happ om den er i sjokkselgaren eller har blitt plassert med andre Donald-pocket. Uansett kor eg er.

    I år, så var eg innom ein butikk som har sjokkselgar, og måtte likevel plukke den opp frå ved sidan av pocketene.

    Eg meinte difor at viss lesarane ikkje fann den i sjokkselgaren, så burde dei leite vidare i bladhyllene etter pocketen, for den er verdt å få med seg.

    Eg uttrykte mine personlege og gjentakande utfordringar med å finne pocketen som om det gjaldt universelt og det var dårleg uttrykt frå mi side.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *