Oppfinnar-prinsessa

Fontini leiter framleis etter teikneserien som kan fylle tomrommet medan forlaget venter på bind ni av bestseljarserien «Amuletten». Og det må i alle fall seiast at dei prøver ut alternative visuelle uttrykk med nyheita «Olava og reisen til verdens ende».

Akkurat som fjorårets «Lightfall» frå same norske forleggaren er «Olava» ein fersk omsetjing av ein heilt ny fantasy-teikneserie for barn (den debuterte i Storbritannia i april i år).

Utgangspunktet er heilt klassisk: Eit spedbarn i ei korg blir lagt utanfor porten til byen Engelstad, med ein lapp som åtvarar om stor fare dersom barnet noko gong går utanfor byens murar. Den lokale herskaren, hertugen, adopterer barnet, ei jente som får namnet Olava. Etter som ho veks til, begynner Olava å kjenne på utferdstrangen, og startar på ei farefull reise både til lands og i lufta, men særleg til vanns.

Den engelske teiknaren Robin Boyden har ei variert og omfangsrik merittliste, men storparten av det han har produsert, er illustrasjonar til bildebøker og kapittelbøker, og vanlegvis skrive av nokre andre. Hans første heilt eigne teikneserieroman (eller «graphic novel for kids», som det heiter i bokbransjen) er prega av dette.

For det første har teikningane hans, kor til handlingsmetta dei enn kan vere, ein slags stivheit i seg som heng igjen frå bildeboktradisjonen han kjem frå. Proporsjonar og formar som kan fungere som eit sjølvstendig kunstarisk uttrykk i ei bildebok, blir litt ubehagelege å sjå frå rute til rute i ei 200 siders teikneseriebok. Den flate fargelegginga er grell og ofte uharmonisk. Kanskje er det noko bevisst anarkistisk over heile den visuelle presentasjonen? I så fall kan det stemme godt med korleis forteljaren nok vil at vi skal oppfatte heltinna.

For Boyden vil mykje med forteljinga, og den er såleis rik på dramatiske topp-punkt, på farar og spanande, eksotiske lokasjonar. Teiknaren legger utan tvil grunnlaget for eit stort eventyr. I kontrast til dette er dialogen stort sett triviell og kortfatta.

Ein fordel har likevel den avgrensa dialogformen, og det er at underliggande bodskap ikkje blir stava ut i for stor grad. Olava er på mange måtar ein typisk representant for den post-feministiske, kvinnelege heltetypen: Ei rebelsk prinsesse som vil utforske verda og vere ein tøff eventyrar, og i alle fall ikkje bli ei danna prinsesse med pene kjolar og teselskap. At Olava er ein ivrig amatøroppfinnar på da Vinci-nivå (for det ser ut til å vere omtrent kor Olavas verd befinner seg reint tekonologisk) gir henne heldigvis nyanser ut over dette. Uansett så prøver ho å finne sin eigen veg.  

Også namnet hennar spelar snedig på dette, og fornorskinga av namnet ser ut til å vore veldig bevisst valt. På originalspråket heiter ho Georgia, og ein kan rimeleg gå ut frå at meininga er at ho er «oppkalla» etter den adopterte storebroren, hertugens son, som heiter Olav på norsk. Namnet Olav har ein «regal» klang på norsk, som George har det på engelsk, men i namnevalet ligg det også ein uuttala tanke om at Olava treng komme ut av storebrorens skugge.

Robin Boyden har ein god ide, eit overraskande solid grunnlag på botn her. Eg vil ikkje røpe nøyaktig kva ideen er, men historia tek etter kvart ei vending som er meir enn ein smule metafysisk i si litterære tilnærming, noko som kan forklare kvifor permen anbefaler denne boka for barn opptil 12 år, sjølv om dialogen tydeleg er tilpassa yngre barn. Dette opner også for fleire tolkningar av sjølve tittelen. Såpass bra fungerer den store avsløringa, at den er lett å nyte, trass i alle andre problem. Eg tek den inn over meg med lettelse, og med ei interesse for neste bind som eg ikkje hadde venta å sitte igjen med. Men også med frustrasjon over at det heile ikkje var betre presentert.


Olava og reisen til verdens ende
Av Robin Boyden
Omsett av Olav Bjørge
206 sider
249 kr. (veil.)
Fontini Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *