Eit hav av tristesser

Med trebindsverket «Ontography» er serieskapar Øyvind Lauvdahls mest populære produksjon samla i bokform.

Skilnaden mellom denne trilogien og Lauvdahls førre teikneseriepublikasjon kunne knapt vore større, men utgjevnaden er ikkje uventa. Ikkje berre er teikningane hans på Instagram det mest populære han nokon gong har gjort, og ein internasjonal kultsuksess, men i eit intervju med Serienett for ganske nøyaktig eit år sidan, kunne Lauvdahl fortelje at teikningane hadde vore på utstilling.  Denne blei til i samarbeid med det nordnorske forlaget Utenfor Allfarvei, som også står bak bokserien.

Dei tre bøkene kom ut samstundes, og samlar teikningane fortløpande, utan noko tematisk inndeling. Derfor blir dei omtala under eitt.  Og det er snakk om lekre utgåver, minimalistisk presentert med stive, industrielle permar, identisk av utsjånad på alle måtar unntatt i undertittelen og teikningane dei inneheld.

Kva enkelt teikning står for seg sjølv og utan kontinuitet, og premissen er dermed i grenselandet for kva ein kan definere som teikneserie, men det er inga tvil om at Lauvdahl nytter seg av teikneseriens formspråk. Han har ein trygg og veldig profesjonell strek, kraftig, rund, og med fylde, som tydeleg slektar på både Moebius, Crumb og Wolverton. Sansen for det groteske og surrealistiske er godt fundert i Ontographys uttrykk.  Teikningane dreier seg i hovudsak rundt ein anonym mann i eit tomt og einsamt univers. Mannen har berre mørke der augo skulle ha vore, ein tydeleg gjennomgåande symbolikk; han er ein skikkelse utan håp som både fysisk og psykisk blir mishandla av usynlege krefter, utan å gjere motstand.

Teikningane blir attgjevne som fotografi, og har dermed ein noko råare form enn om dei var skanna og pussa opp. Det er utvilsamt ein gimmick, men er også ein enkel og verknadsfull måte å forsterke den grå tristessa som allereie er i teikningane sin natur.       

Samspelet mellom tekst og teikning er til ein kvar tid essensielt; kvar teikning, med svært få unnatak, står saman med ein tekst som konsekvent forsterkar den allereie ibuande kjensla av angst, tomheit og framandgjering. Sistnemnte ordet har serieskaparen sjølv framheva som eit nøkkelord, men eksistensiell angst og tomheit er like så tydelege tema i det meste av Ontography. Formuleringar som «nothing, then something, and nothing again» og «Nothing will happen, eventually» er det nærliggande å lese som lakoniske betraktningar om dødens uunngåelegheit og tomheit.  Andre tekstlege særtrekk ved Ontography er bruken av utstrykingar og parentes, nokre gonger for å endre positive formuleringar til negative (t.d. «You can be anything!»), men endå oftare for leike seg med formuleringar i ei kontekst der meininga er langt meir tvitydig .  

Korte, men sterke formuleringar med mykje underforstått tyding og leik med ord, går igjen i Lauvdahl sine teikningar. Sameint med misantropiske, ofte direkte ubehagelege illustrasjonar, etterlet dei sterke inntrykk. Samstundes er det noko naturleg subtilt ved Øyvind Lauvdahls stil når han teikner for Instagram, og det verkar ikkje som han er ute etter å presse på lesaren eit kynisk og håplaust livssyn. Teikningane krev at ein stopper opp og reflekterer på kvar enkelt av dei. Ontography-bøkene er difor ikkje den naturlege formatet å lese desse i.    

Så kvifor eksisterer denne trilogien? Truleg mest ut av eit ønske om å bevare kunsten, og ei kjensle av at digital oppbevaring aleine ikkje gir nok verdigheit. Kvar bok i trilogien har undertittelen «a catalogue (of being!)», eller «eksistensens katalog» og ordet «katalog» er velvalt i denne samanheng. Eit ord som t.d. «samlebok» ville ha tyda på noko som kan lesast frå perm til perm, og meir eller samanhengande sjølv om det ikkje nødvendigvis er ein samanhengande historie.  Eit ord som «katalog» tyder på ei samling med separate einingar som har ei eller anna felles tematisk samanheng, men at kvar enkelt oppføring er interessant berre i seg sjølv.

Det eg får ut av å lese Ontography samanhengande, er først og fremst at kvar teikning innbyd til analyse. Men helst i isolasjon. Sett i samanheng blir Lauvdahls surrealistiske tristesser etter kvart litt for like kvarandre, dei opphavleg originale uttrykka til tross.  Dei slår kvarandre i hel; noko som vel eigentleg er heilt i tråd med teikningane sitt innhald.



Ontography – a catalogue (of being!)
Ontography – a catalogue (of being!) Too
Ontography – a catalogue (of being!) Also
Av Øyvind Lauvdahl
ISBN 978-82-93688-00-6/01-3/02-0
160 sider pr. stk
200 kr. pr. stk.
Utenfor Allfarvei Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *