Oppfølgjaren til «Skare» spelar på fleire av teiknarens sterke sider. Inntrykket er likevel at forfattaren har ei betre forståing av serien.
«Snøengler» opnar med eit heilsidebilde av fire barn som leiker i snøen. Dei lager snøenglar. Innan vi har kome nedst på neste side er det berre eit barn igjen. Symbolikken er veldig tydeleg, særleg med tanke på bokas tittel, men i seriens postapokalyptiske setting er symbolikken også ekstra verdifull.
Forlaget skryter av at ein kan kome inn i handlinga i «Snøengler» utan å ha lest første bindet, og det er eit løfte dei held. Etter snøenglescenen blir heile premissen straks forklart, medrekna det at hovudpersonen, tenåringsjenta Skare, leier ein ekspedisjon av jamaldrande sørover. Dette i håp om at viss dei berre held det gåande, må dei ein eller annan gong komme til ein plass som ikkje er dekka av evig is og snø.
Med det utgangspunktet tek historia etter kvart ei vending som tvingar Skare og følget hennar til å vurdere andre alternativ. I ei verd der alternativa er svært få. Dei tek imot invitasjonen frå dei titulære snøenglane, ei sekterisk men tilsynelatande vennlegsinna gruppe som tilbyr dei ei trygg hamn i eit veldrive kollektiv for overlevande.
Snøengle-kollektivet er sjølvsagt for godt til å vere sant; dei skjuler ei mørk hemmelegheit. Noko anna ville vere veldig ukonvensjonelt for sjangeren, og Aleksander Kirkwood Brown er framfor alt ein dyktig forteljar innan konvensjonane. Eg er usikker på kor mykje serieskaparane eigentleg vil ha oss til å mislike sektleiarane. Dei framstår som kloke, men feige, og det går an å argumentere for at dei gir meir enn dei tar. På den andre sida, den aller mest tilfredsstillande augneblinken i boka er når Skare avviser nyansane som sektfolka prøver å påberope seg med eit sint «Du aner ikke hvor lei jeg er av å høre folk si det!»
Vendinga i historia har også den fordelen at den let Thomas Falla Eriksen få bruke sine evner som illustratør på det han er verkeleg god til, nemleg surrealistiske landskap og overveldande, men urovekkande arkitektur. Pluss overjordiske udyr sjølvsagt. Dei hadde han med seg frå starten, men historia trengte å gi han meir miljø å arbeide med. Meir miljø enn snødekte åsar og innesnødde, urbane ruiner. Resultatet er at «Snøengler» kjennest som ein teikneserie av Falla Eriksen, medan første boka kjentest som ein teikneserie som tilfeldigvis var illustrert av Falla Eriksen.
Illustratøren er nemleg best på det fantastiske, Like dyktig er han ikkje på å teikne ekspressive menneske, noko som framleis er eit problem, for «Snøengler» er ei historier med mykje kjensler. Vi får verkeleg kjenne på fortvilinga og resignasjonen som realistisk sett ville råda i ei slik situasjon, særleg hos barn og ungdommar. Kirkwood Brown har gjort ein tilfredsstillande jobb med å få fram realismen der. Rett nok er det visse karakterar Falla Eriksen er flinkare med; eg får inntrykk av at han har sine hjartebarn som han anstrengar seg ekstra for å gi gode ansiktsuttrykk, så som yngstejenta Hanne frå Skare sitt følgje, og nykommaren, kollektivguten Hung.
Inntrykket er likevel at forfattaren har ei betre forståing av serien enn teiknaren. Kor går ein vidare når verda er ved vegs ende, spør boka bak på permen. Spørsmålet er endå meir relevant når Kirkwood Brown vil ha oss engasjerte nok i ei soge til følgje den inn i bind to og vidare. Og at han ønsker engasjementet vårt, er tydeleg. Bok 1 i serien var «high concept» først og sist: Arktisk Mad Max møter arktisk Dune. Se ungar, action! «Snøengler» er meir. Historia har modna.
Skare Bok 2 – Snøengler
Skrive av Aleksander Kirkwood Brown, teikna av Thomas Falla Eriksen
172 sider
349 kr.
Strand Forlag
Les også:
Håp under rød snø