Popgruppa Subwoolfers teikneseriedebut, «Oppdrag Bestemor», er ein smule umusikalsk, for ikkje å nemne atonal, men eigna til å tilfredsstille barns sans for det ustyrleg absurde og plumpe.
Subwoolfer dukka fyrste gong opp i norsk offentlegheit i januar 2022, som kandidatar til Melodi Grand Prix 2022. Duoen opptredde offentleg iført gule, stiliserte ulvemasker, gule hanskar og dressar, og dei kalla seg Keith og Jim. I lang tid var identiteten deira hemmeleg, og i den offisielle historia heitte det at Subwoolfer blei skipa for 4,5 milliardar år sidan, var busett på månen og hadde som mål å «erobra kvar einaste planet musikalsk». Teikneserien er basert på dette konseptet, og på MGP-bidraget deira, «Give that wolf a banana».
To spørsmål eg ofte stiller når eg blir presentert for ein teikneserie som spelar vidare på historier frå andre media, melder seg igjen: Kven bad om dette, og kvifor nå? Ideelt sett burde denne boka ha kome ut i fjor, og aller mest ideelt mellom mars og mai 2022. «Give That Wolf a Banana» var ein ganske soleklår vinnar av den norske MGP-finalen 2022, og enda på 10. plass i den internasjonale finalen same året. Ikkje eit direkte flaut resultat, og det var ein gong i tida då NRK og norsk musikkbransje hadde gått over lik for ei såpass høg internasjonal plassering. Men særskilt minneverdig var det vel heller ikkje, og eg har ikkje inntrykk av at Subwoolfer greidde å halde seg i søkelyset.
Men noko har skjedd sidan. Den siste singelen deira «Worst kept secret», kom ut i februar 2023. Same tid blei identiteten til Subwoolfer omsider offentleggjort: Gruppa består av Ben Adams frå A1 og den norske popsongaren Gaute Ormåsen. Dermed kan Adams stå fram som teikneseriens forfattar, mens teikningane er av Martin Ass, tidlegare best kjent for edutainment-barneboka «Det kuleste fra vikingtiden».
Det er freistande å seie at «Oppdrag Bestemor» er kva du får når du let ein boyband-musikar skrive bok. Plottet er berre ein unnskyldning for ein serie med små bisarre episodar som verkar utprega improviserte. Ein astronaut krasjlandar på månen, og må love å ta ulvane Keith og Jim med til bestemors hus på jorda, så dei kan ete henne. For dei er så lei av bananar. Men romskipet hans er spreidd på mange ulike tematisk inndelte planetar, så dei må reise hit og dit for å sette det saman igjen.
Var dette eigentleg meint å vere eit spel? De er nærliggande å tru det når eg gir eit synopsis av handlinga på den måten.
To fordelaktige ting kan eg seie om historia. Den tek seg opp etter kvart, og den er uføreseieleg. Boka startar med eit syltynt plott og mykje underbuksehumor (inkludert urindrikking). Etter eit besøk på «Toalettplaneten» ser det ut som om serieskaparane har fylt kvota si med underbuksehumor, og i større grad kan la fantasien springe løpsk. Herifrå går «Operasjon Bestemor» i alle retningar og følger sin eigen sjølvtilfredse anti-logikk der eit resonnement sjeldan held stikk i meir enn 2-3 sider om gongen, og etter kvart blir det faktisk litt morosamt. Særleg når ulvane og astronauten kjem til Oslo (for handlinga er meir enn berre hopping frå planet til planet). Å komme gjennom heile boka var noko av eit ork, endå så lettlese den er, men nokre små humringar sat eg til slutt igjen med.
Til ei slik bok kunne det vore naturleg å velje ein teiknar med ein grovare og meir rufsete strek, men ein har gått i motsett retning med Martin Aas. Illustrasjonane hans er runde, tydelege, og så stilisert søte (sjølv når hovudpersonane vandrar i bæsj) at dei nærmast kan klassifiserast som raffinerte emojis. På ei og same tid har teikningane ein snert som forsterkar det humoristiske, og ein naivitet som kontrasterer den anarkistiske historieforteljinga.
Forlaget anbefaler serien til ungar som liker Hundemannen og Kaptein Supertruse. Dermed har eg fått eit fullgodt svar på spørsmålet om kvifor denne eksisterer, i alle fall. Skal du lage ein norsk konkurrent til Dav Pilkeys seriar, er det betre med eit halvkjent konsept enn eit heilt ukjent konsept. Og eg kan stadfeste at Subwoolfer-teamet Adams/Aas forstår kva gjorde Pilkey til ein suksess, og veit korleis ein kan tilfredsstille barns sans for det ustyrleg absurde og plumpe.
Og dermed har eg også litt forståing for at denne boka absolutt skulle ende med en cliffhanger. Ikkje at den treng det, men konkurransen på dagens barnebokmarknad inneber tydelegvis å inngå ein uskriven kontrakt med lesaren om at det kjem meir.
Subwoolfer (1) – Oppdrag Bestemor
Skrive av Ben Adams, teikna av Martin Aas
168 sider
279 kr. (vegl.)
Cappelen Damm