Bendik Kaltenborns Sykt nais er ein kunstnarleg tour de force av originalitet, galskap og humor.
Sjeldan har ei melding fått det til å koke meir i kommentarfeltet på Serienett enn vår eigen Knut Robert Knutsens slakt av teikneseriekollektivet Dongerys samleboks for ti år sidan. Kommentarfeltet er interessant og kosteleg lesnad for den som ønskjer å skjøne diskursen knytt til kunst og kommersialisme i teikneseriemediet. Kva er ein god teikneserie? Kva er kunst? Og kvar går grensa mellom banalt, internt sludder og komisk genialitet? Bendik Kaltenborn, ein av grunnleggarane av Dongery, utfordrar på ny desse spørsmåla i Sykt nais.
Til å vere ei samling «ferdig publiserte serier (…) skisser og påbegynte serier som hadde stoppet i løse lufta» er boka eit forbløffande heilskapleg produkt. Kaltenborn har organisert desse lause trådane ved å mellom anna bearbeide og vidareutvikle teikningar og tekst slik at lesaren opplever at alt heng saman på ein slags måte. Boka opnar med ein teikneserie om ei jente som oppsøker ei kjempe (?) kalla Tor for å høyre om ho kan få tilbake den peanøtta han skuldar henne medan lyden gong gjentar seg i bakgrunnen. Det er ikkje noko punchline eller synleg poeng, men det er gøy likevel. Gong-lyden går som ein slags raud tråd og kuliminerer med ei samling teikneseriar i klassisk stripeformat der kvar stripe opnar eller sluttar med at ein fugl flyr inn i eit vindauge: GONG! Eg veit ikkje heilt kvifor eg synest det er så gøy, men eg ler meg fillete likevel. Boka består av fleire slike bindeledd, men dei er like surrealistiske og fjollete som resten av innhaldet.
Å formidle innhaldet på ein måte som gir meining er ikkje lett. Genialiteten i det kaltenbornske universet kjem av fleire ting. Han er ein illustratør med ein svært eigenarta strek, – ein kjenner han att med ein gong, om det er serviettskisser, akvarellar eller teikneseriar – og han er ein imponerande god observatør av korleis folk faktisk snakkar. Sjølv om karakterane i seriane ter seg på uventa og surrealistiske måtar, finst det altså noko gjenkjenneleg i alt kaoset. Viss det stemmer at dei viktigaste bestanddelane i god humor er det uføreseielege og det ein kan kjenne seg att i, er Kaltenborn ein meister i faget.
Boka har eit enormt spenn, både når det gjeld stil og innhald. Eit eksempel på dette spriket kan ein til dømes sjå i teikneseriane «Knirk» og «Guardian». Der «Knirk» til tider er skisseaktig og svart-kvit med ujamne rammer, er «Guardian» stringent og forseggjort når det kjem til komposisjon, fargebruk og teiknestil. Dei fungerer likevel godt utmerkt saman i boka fordi dei er uttrykk for den samme galskapen og originaliteten. Om karakterane balar med daimkaker og knirkande dører eller er overbeskyttande fedrar og/eller kaker har lite å seie. Dei snakkar som oss og liknar på oss, men dei ter seg… kaltenbornsk.
Bendik Kaltenborn er sannsynlegvis den høgast utdanna teikneserieskaparen i Noreg – han er ph.d.-stipendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo – og ein av dei med størst internasjonalt nedslagsfelt, i alle fall når det kjem til illustrasjonsarbeid. Kaltenborn er og har vore bidragsytar for alt frå The New York Times og The Washington Post, Google og Rick and Morty, for å nemne noko. Likevel er det i (teikneserie)bøkene hans ein får det fulle biletet av kva som rører seg i skallen hans. Det er ein ganske sjuk skalle.
Tidleg i dongeryboksen blir det presentert eit slags manifest (via Christopher Nielsen) som mellom anna seier at at ein teikneserieskapar ikkje skal binde seg til ein sjanger, at det skal vere balanse mellom tekst og teikning og at seriane aldri må ha ein lukkeleg slutt eller eit positivt bodskap. «You must reveal your soul! You must reveal your soul negatively!» avsluttar manifestet (med ein god del fleire ropeteikn enn i sitatet). Kaltenborn viser seg i Sykt nais som ein relativt trufast læresvein når det kjem til desse prinsippa. Boka er med andre ord ikkje for alle. Viss du vil ha samanhengande narrativ og punchlines kan leite andre stader. Viss du derimot vil ha ei heksegryte som boblar over av kunst, humor og genuin originalitet, har du mykje å sjå fram til.
Sykt nais
Av Bendik Kaltenborn
160 sider
420 kr.
No Comprendo Press
The recurring motif of the gong sound and the bird flying into a window adds a surreal and humorous touch to the book. Could you elaborate on how these elements contribute to the overall tone and atmosphere of ‘Sykt nais’? Visit us Telkom University