På onsdag inviterte Egmont til si største lansering nokonsinne, med heile ti bøker som blei presentert frå scena.
Onsdag 11. september, frå klokka seks kom dei sigande inn dørene på Litteraturhuset i Oslo, dei ulike teikneserieskaparane.
Serienetts utsende var så heldig å få tatt bilete av Victor Nordahls første møte med den fysiske utgåva av «Byen», bok 3 i Ville poter-serien. I timen før arrangementet starta inne i salen, var det signering og møte mellom mange glade fans og teikneserieskaparane ute i butikkområdet. Fleire kom utkledde i ulike antrekk og cosplaya karakterar.
På biletet ovanfor ser de Lydia, som cosplayar Kha frå Dragens øye (og ved sida av, ein meir Ville Poter-inspirert cosplayar). Kosebamsen Ranja hekla mora hennar natta før hendinga!
Kvelden opna med sang ved Linn Isabell Eielsen, ho sang to eigenskrevne songar og det var urframføring på «Me vant». Ho kom med «Alene hjemmefra» i august og sang flott, trass i sjukdom tidlegare i veka. Som ho sa «Det har kome skikkeleg masse snørr ut av meg i dag, så eg håper eg har fått ut alt!»
Som innleiing til dei ulike intervjua spela Stinius Maurstad (bilete under), kjærast til Malin Falch, ein slått som bestefaren hans hadde spelt inn på plate i 1927.
Mange av serieskaparane intervjua kvarandre og første par ut var Cha Sandmæl som intervjua nemnde Malin Falch om «Harukkas ønske», bok 7 i Nordlys-serien.
Falch fortalde at ho alltid hadde visst at Sonja skulle tilbake til Jotundalen ein gong, etter at ho vendte heim i «Portaltreet del 2». På spørsmålet om det finst eit hemmeleg dokument med oversikt over heile handlinga i serien, ville ikkje Malin svare. Men ho kunne fortelje at det kjem tre bøker til i serien.
Tormod Løkling intervjua H. L. Phoenix om bok 4 i «Arkin»-serien «Lyset». Phoenix, eller Helge Lee, fortel at Arkin handlar om å gå frå å vere redd, til å våge meir og utfordre seg meir. Og trass i den lyse tittelen, tek historia ei mørkare vending i dette bindet. Ikkje minst eit moment som henga saman med hans eige tap av foreldra i ung alder.
Egmont gir ikkje berre ut teikneseriar, men har og to barnebøker på haustlista. Den eine er utgitt av ein gamal ringrev i Teikneserie-Noreg, Øyvind Sagåsen (bilete nedenfor, frå venstre), skapar av Radio Gaga og no manusforfattar av «Flåklypa»-albuma, kjem med boka «Pandoras flaske». Den andre er «Vintergjesten» av Inger Merete Hobbelstad og Even Skaranger (bilete ovanfor). Desse blei intervjua av Løkling. Dei to samarbeida også om første boka i serien som kom i fjor. Skaranger har hatt eit hendelsesrikt år, han blei far og kom på 2. plass i Strand forlags store teikneseriekonkurranse tidlegare i sommar.
«Pandoras flaske» blei til etter nedlegginga av Radio Gaga. «No kom eg på at det var eg som la ned Radio Gaga», sa Tormod Løkling i starten av intervjuet med Sagåsen, til latter frå salen. Bokas hovudperson heiter Jostein, ein heilt vanleg tenåring som vil passe inn på ungdomsskulen. «Pandoras flaske» handlar om det å våge å vere synleg, om svindyr energidrikk og om mange sprøe påfunn.
Hobbelstad og Skaranger held fram forteljinga om Emilie og Anton, som no møtast på eit hotell utanfor Voss på 1880-talet. Det skjer mystiske ting, ein spøkelseshistorie går, og dei to må prøve å løyse mysteria. Skaranger fortalte om at han hadde lært mykje det siste året, om å sleppe folk til, å samarbeide med andre
Fleire av teikneserieskaparane nemnde anime og manga som viktige inspirasjonskjelder. Ein som tydeleg er inspirert, er Odin Helgheim (bilete ovanfor, frå høgre) og hans nye bok, «Ragnarok 5 – Loke». Han fortalte intervjuar Sara Hjardar, at han brukar manga og animeseriar som inspirasjon for ulike synspunkt og vinklar ein kan gjere seg nytte av i ei teikning. Til dømes korleis ser noko ut frå under føtene til ein karakter. Helgheim fortel at han likar å putte inn masse små detaljar. I tillegg til «Loke» har han skissa og skrive manus til spinoffserien «Frøya – Vokterhunden Garm», medan Isabell Martinsen strekar ut og fargelegg.
Cha Sandmæl og Sara Hjardar (bilete ovanfor, frå høgre) intervjua kvarandre om sine nye teikneseriar henhaldsvis «Dragens øye 5 – Knust» og «Mia Myhr (3) og det råtne vannet». Sandmæl nærmar seg fullført serie, og lengta litt tilbake til dit Hjardar er, midt i serien med mange mogelegheiter framleis opne. Begge serieskaparane hadde planlagt korleis historia skulle utvikle seg, men Hjardar har visstnok ein mykje meir gjennomarbeida plan (serien starta som ei bacheloroppgåve). I «Knust» nærmar Kha og Ranja seg gullkransen, men møter hindringar på vegen. Og det kjem ein augneblink som mange har venta veldig på, i bok fem.
Cha Sandmæl intervjua Victor Nordahl (bilete ovanfor, frå venstre) om «Byen», bok 3 i «Ville poter»-serien. Dei to revane Lukas og Ty skal passe på ein skadd elgkalv og samtidig prøve å finne mammaen til Lukas. Dei møter andre dyr i skogen, men kjem og i kontakt med menneske. Eit hardbarka piggsvin, Sisu, ein ny karakter i boka, er inspirert av kjærasten til Nordahl. Medan mange av dei andre karakterane er basert på ulike sider av Nordahl. Med unntak av ein bakar i denne boka er det nesten ingen onde karakterar i serien. Nordahl tenkjer at dyr berre gjer det dei må for å overleve.
Stinius Maurstad avslutta den hendingsrike kvelden med ein fiolinversjon av musikken frå Miyazakis «Kikis budservice».