Sjokolademjølk til alle

Grafisk medisin, jammerdal og 90-talsparty. Dette var fredagen på årets OCX på Serieteket.

Tekst av Trond Sätre og Anne Elisabeth Kaldhol. Fotografier av Trond Sätre. Forsidebilde av Eden B. melles.

Det er blitt tradisjon at første punkt på programmet etter den offisielle opninga er ein presentasjon av årets 24 timars teikneseriemaraton., som i år ble arrangert frå onsdag 5. juni klokka åtte om morgonen til same tid torsdag. I år kunne Are Edvardsen, som har oppsynet med den årlege 24t både i Oslo og Bergen, skryta av å ha fått med 24 serieskaparar som produserte kvar sin 24 timars historie. Særleg Nora Dåsnes blei i år framheva. Historia hennar, «Kveldsåpent», er ein psykologisk grøssar med lagt til Storo Senter nord i Oslo. Folk fullfører stadig tidlegare, kommenterte Are. Nora var ein av dei. For hennar del trur ho pandemien og nedstenginga kan ha gjort henne van med denne arbeidsrytmen. – Då var det 24t kvar dag.

Presentasjonen slutta som vanleg med at alle deltakarane fekk kvar sin komplette samling med årets 24t-fanziner. Resten av opplaget ble seld på stand på marknadsplassen.

Are Edvardsen og Nora Dåsnes.

Forteljinga om mange mødrer
Straks etter følgte ein panelsamtale med Trond Bredesen, Jennifer Hayden og Klara Wiksten. Grafisk medisin er fellesnemninga på teikneseriar som handlar om sjukdom og personlege kriser. Alle dei tre paneldeltakarane har laga teikneseriar som kan plasserast innan feltet. Dei tre paneldeltakarane har fortald om brystkreft (Hayden), demens (Bredesen) og sorgarbeid (Wiksten).

Klara Wiksten har skreve «Mors dag», ei samling noveller om barn som mistar si mor. Ho sjølv mista mora som liten. Med boka ønskja ho å vise fram sorg, og våge å røre ved dei mørke kjenslene. Ho meiner samfunnet ofte vil patalogisere og medisinere sorga, og at ein skal bli «ferdig» med den på eit tidspunkt, men slik fungerer det ikkje. Tapet av ei mor er ikkje berre eit tap som ung, men mange tap gjennom livet, ettersom det kjem nye store hendingar som mora ikkje får oppleve.

F.v. Klara Wiksten, Jennifer Hayden, Trond Bredesen og ordstyrar Aleksandra Bartoszko

More til Trond Bredesen derimot, blei gamal. I «Mora mi» ville Bredesen fortelje om dei siste åra av livet hennar. Ho levde med demens, og teikneserien blei eit humoristisk blikk på livet i denne tilstanden. Det starta som eit usentimentalt prosjekt mange år etter at mora døde, men blei meir personleg etter kvart.

Jennifer Haydens «The story of my tits» handlar om hennar historie med brystkreft. I tillegg til ho sjølve har både mora og fleire kvinnelege familiemedlemmar hatt brystkreft. Ho jobba med teikneserien i åtte år før den blei utgitt.

Hayden fortalte om viktigheita av at medisinsk personell ser på ein som pasient og ikkje berre som ein sak eller noko ein skal behandle. Det er viktig å hugse på at det er eit menneske ein møter, ikkje berre ei diagnose. Bredesen la til at ein tekneserie kan fortelje ting på ein betre måte enn skjønnlitteratur, for ein kan seie ting utan ord.

Jammerdalen

Det stusselege i mennesket
Fjorårets vinnar av Årets Tegneserie» 2023 gjekk til Flu Hartberg for «Jammerdalen». Fredagens nest siste innslag var derfor til ære for han og boka. Teikneserien handlar om ein presteson som i vaksen alder prøvar å finne ut kva som hende med broren hans som forsvann når dei var unge. Jørgen, hovudpersonen i «Jammerdalen» er litt prega av Flu sjølv.

Deler av serien er inspirert av Hartbergs eigen familie, med hans oppvekst som presteson i ein kristen familie med ein spesiell og streng bestefar.

Hartberg hadde jobba med teikneserien sidan 2010, før den kom ut i 2022.

I samtale med Sigrid Hvidsten, tilsett i Dagbladet og ansvarleg for publisering av «Fagprat»-stripene som gjekk i avisa i over 10 år, fortalde Hartberg om kor inspirasjonen til stilen hans kom frå og korleis han jobba med serien Fagprat.

Å visualisere det stusselege i mennesket, det autentiske, er noko Hartberg likar å gjere i arbeidet sitt. Han fortalde om gleda over eit blankt ark og alle mogelegheitene som ligg opne med det. Etter å ha tatt eit manuskurs gjekk arbeidet med «Jammerdalen» og no den kommande teikneserien hans, foreløpig titulert «Oslolovers», mykje betre.

Ida Larmo og Hans Ivar Stordal

Ein alder då alt er gøy
Det fanst nokon i min barndoms nabolag mitt som drakk Nesquick, men dei hadde det ikkje så bra heime, trur Ida Larmo. Som kjent har ho oppkalla sin nye sjølvbiografiske teikneserie etter yndlingsdrikken frå barndommen, O’boy. Ho avrunda kveldsprogrammet på fredag med ein presentasjon av boka «O’boy – Min klin kokos tegnedagbok», og Hans Ivar Stordal frå Strand sto for intervjuet. Ho har tatt vare på alt. Hendingane i boka er autentiske, og ho kan bevise det med kassevis av bilder og notater, t.d ein Turtles-teikning i si gamle kristendomsbok. Eg har hatt det så gøy, eg koste meg glugg i hel og lo av mine eigne vitsar, fortalde ho på fredag. Etter suksessen med «Rigel» fekk ho ekstremt mange forslag til andre historiske tragediar ho kunne lage teikneserieroman av. Men det var ikkje det ho ville då.. 

Dette er ikkje forsøk på å skape ei nostalgisk stemning, det var berre slik det var, eller slik ho opplevde det, tidleg på 90-talet. Ho er 11/12 i boka, og meiner ho peaka i ein alder av 12. – Ein nydeleg alder då alt var gøy.

Teikneseriar av Maja, frå Ida Larmo si utstilling på Braud Toastbar.

Eldstedottera, Maja Larmo Frivold, har alt skrive dagbok i fleire år, og ho teiknar også. Tidlegare denne veka opna ein utstilling på Braud Toastbar på Grünerløkka, ein liten spasertur frå Serieteket. Den står til 5. juli, og her kan ein sjå trykk og plakatar både frå «O’boy» og frå Maja sine teikneseriar.

Om boka sa Ida avslutningsvis: -Eg vil at barn skal bli inspirert til å finne på ting og leike. At dei skal vere litt bøllete, på ein god måte.

Denne kvelden fortalde Ida også mykje om sitt nåverande liv, i Kabelvåg, langt frå barndommens Romerike. Ho har budd i Lofotbygda sidan 2016 – Lite stille, og koseleg, seier ho. Her har ho hus med atelier, eit stort gamalt teiknebord som seljaren hevda blei brukt til teikne Bergensbanen, blekk, pennsplitt og akvarell.

Fredagen blei avslutta med 90-talsparty, komplett med Ida barndomsfavorittar – Sjokolademjølk (bland-sjølv-O’boy, sjølvsagt) og surt smågodt.

Tagget med

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *