
Sogndal har vist seg å vere ein fruktbar plass for å avholde fancon. Her er nokre inntrykk frå den aller første festivalen av sitt slag i Sogn og Fjordane.
Alle fotografier av Trond Sätre.
1. mars blei SognaCon arrangert på Sogndal Kulturhus, som distriktets aller første festival for all typisk «nerdekultur»: Rollespel, manga og anime, cosplay, gaming, og e-sport, design, spelutvikling, miniatyrar og modellar.

Arrangementet var heildags i ordets rette forstand, frå ti om morgonen til ti om kvelden i høgskulebygda ved Sognefjorden, og ein suksess, både etter augemål og etter tala vi har fått frå prosjektleiaren, kulturhuset sin eigen Per Helge Pelle Hågvar.

Her ser me Guro Kristine Hågvar som registrerer publikummarar til eit lotteri. Premien var ei gåveøskje som alle standhaldar hadde forplikta seg til å bidra til. Det var rett under 500 som registrerte seg til konkurransen. – Vi har gått gjennom dei ulike tala og oppteljingane våre, og landa på at 1867 var innom dørene under SognaCon 2025. Eit tal vi er veldig nøgde med, fortel Pelle Hågvar i etterkant.

Überpress hadde stand heile dagen, borte ved biblioteket. Lars Erik Helgemo hadde reist til Sogndal saman med Are Edvardsen, så det var mykje fokus på sistnemnte sin teikneserie, Udugelege Heltar. Her har Lars Erik tiltrukke seg merksemda til ein familie på handletur. Udugelege Heltar blei samla i bokform i fjor, men Lars Erik kan melde at han er i ferd med å lansere eit nytt teikneserieprosjekt, Bounties.

Outland hadde også eigen stand. På grunn av SognaCons fokus hadde dei berre tatt med manga frå teikneserieutvalet, i tillegg til spel av mange slag.

Den einaste teikneserieskaparen på SognaCon med eigen stand, var Therese Voldsund., alias Lillamint. Ho hadde to teikneserie-fanziner til sals, «Black Widow» og «Heksa i Skogen». Therese bur i Mo i Rana, og det var ei tilfeldig bekvemmelegheit som gjorde henne i stand til å reise til Sogndal; ho kunne besøke venner som bur der, og overnatte hos dei.

SognaCon hadde storsalen til rådigheit heile dagen, I tillegg var dei to mindre salane sett av til anime-visningar delar av dagen. Storsalen er strengt tatt for stor, men for mykje plass er eit vanleg luksusproblem for kulturhus i distrikta. Publikumstalet låg typisk på mellom 20 og 40 personar per arrangement. Her ser vi gruppa Rollespillpodden i gong med liveinnspeling av ein podcast.

Mangateiknar Hiwar Nehli, som snart er lanseringsaktuell med «Mantikorens Kongerike»-bok, var det einaste teikneserieinnslaget i storsalen. Her snakka han om karakterar. premiss og format innan manga. Den meir tekniske delen, dvs. korleis ein teikner i mangastil, tok han for seg i eit teiknekurs seinare på dagen.
Les også:
Nerdefest i Fjøra
Flott reportasje frå eit svært interessant arrangement!