Siste Udugelege Heltar?

Det blir kanskje eit julehefte, seier skaparane av Udugelege heltar. Men med lansering på Spillhuset nå i ettermiddag er serien tilsynelatande avslutta.

Fotografier: Trond Sätre

-Det har vore ei glede og ei ære, innleia Überpress’ Are Edvardsen. Saman med Lars Erik Helgemo (plott, teikningar) og Markus Pedersen (plott, manus) var han på Spillhuset i Bergen for å lansere tredje og siste bindet av Udugelege Heltar, «Endelaus». Superheltserien inspirert av vaksenanimasjon starta på nettet i 2016 under tittelen «No-Good Heroes», og kom i norsk språkdrakt frå 2022.

Nettseriar er notoriske for aldri å bli ferdige, og Helgemo og Pedersen hadde då eigentleg tenkt seg at den skulle bli tre gonger så lang. Mellom anna såg dei for seg ein annan sisteboss, og det skulle vere meir enn tre heltar. -Ambisjonane var store, hevdar Markus Pedersen. Vi skulle bli det nye Marvel, det nye DC. For kvart kapittel hadde dei eit møte, og mesteparten av den tenkte historia forsvann under desse.  

Lanseringane av Udugelege Heltar-bøkene har følgt eit mønster. Ein begynner med eit kvarters innleiande prat, før presentasjonen går over i ein quiz som i år var laga på AhaSlides. Årets quiz var ei blanding av seriøst nerdetrivia og tøys, og også tradisjonen tru tok serieskaparane innimellom pausar for å snakke meir om sjølve serien. Mellom anna blei personlege favorittar drøfta. Helgemo liker Chrissa best, for ho er lettast å teikne. Pedersens favoritt er Kløbahl på grunn av posisjonen som denne gale vitskapsmannen har i forhold til teamet. Og fordi han snakkar stavangerdialekt, så Pedersen kan la han seie kva som helst utan at det går imot språkvaska. Men eg greier aldri å hugse kor h’en i namnet hans går, seier manusforfattaren.

Vinnar av quizen blei premiert med eit komplett sett av Udugelege Heltar-bøker. Og sjølvsagt var bøkene til sals på Spillhuset etter presentasjonen, med høve til å få teikning og signaturar (sjå bildet ovnfor).  

Men er det verkeleg slutt for Udugeleg Heltar? Vel, duoen gir inntrykk av at dei held døra så vidt open for eit julehefte. Pedersen har to utkast til noko slikt.


Forsidebilde: F.v. Are Edvardsen, Lars Erik Helgemo og Markus Pedersen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *