Karstein Volle førebur seg på midtlivskrisa med eit sympatisk, politisk manifest i lommeformat.
«Livsgrisen» er blitt haustens mest originale teikneseriepublikasjon, ei blanding av teikneserie og bildebok i eit lommeformat tilsvarande «Karstein Volles skjebner: Et kunstnerisk selvmord» frå 2011 – Men med ein meir heilskapleg og handgripeleg ide. Ein filosofisk fabel om livsmål høyrest veldig stort ut, men bodskapen er ikkje vanskelegare enn at den passar nettopp i di eiga lomme.
I sentrum for fabelen står ein anonym hovudperson, som forresten ikkje likner for mykje på Karstein Volle sjølv, men som kanskje er omtrent på hans alder. Han jobbar iherdig med å jakte på bokstavelege dødlinjer, men frykter å ende opp som dei utbrente på NAV. Den mystiske krafta som heiter Livsgrisen, manifestert som ein godsleg utsjåande, men faretrugande stor gris, forsterkar denne frykta. Mannens beste venn er Bobmester Bygg, ei maskulin manifestasjon av krav og ambisjon, og mannen ser til Bobmester for hjelp og råd om korleis han skal beskytte seg mot Livsgrisen. For Bobmester er visstnok den beste. Men er det beste alltid godt nok?
Hovudhistoria er fortald gjennomgåande med dobbeltsider (med eit unnatak), noko som gjer historia desto meir kompakt og målretta, med fargar i gråbrune nyansar på store, tomme landskap som set den rette melankolske stemninga.
Eg kan ikkje heilt bestemme eg for om «Livsgrisen» er ei banal, eller ei sofistikert ytring om samfunnets press på enkelindividet. På den eine sida er boka er full av søkte ordspel og ordleikar («Det er deisammen. Det fikser alt (…) Bare ta deisammen, så går alt bra.»), på den andre sida krev den også refleksjon frå lesaren si side.
Grunntanken er likevel ikkje for gåtefull. For det første går det ein parallell frå Karstein Volles «Den halvgamle serietegneren sjainer kåk!» i Forresten 31, der bodskapen er at folk ikkje burde bli for oppslukt av ambisjonane. Men viktigare, og lettare å slutte seg til, er det poenget at nokre gonger held det ikkje med ambisjonane uansett. «En prekariatisk allegorisk billedbok» kallar serieskaparen denne boka for. «Prekariatisk» er eit relativt nytt sosiologisk omgrep som skildrar tilstanden av å vere i ein permanent (eller i alle fall langvarig) lausarbeidarstatus, noko som gjer ein ekstra sårbar for svingande konjunkturar. Straks ein skjøner det, fell bitane i historia på plass. Di eiga innsatsvilje er ikkje alltid nok, du kan ha jernvilje og likevel gå på trynet. Påminninga er deprimerande, men lett å kjenne seg igjen i, og måten den blir uttrykt på, er varm og trøsterik. Volles medkjensle er meir enn truverdig.
Bodskapen kan lesast både som allmenn livsvisdom, noko som sikkert er tilstrekkeleg for mange, og som ei politisk erklæring. Karstein Volle var kanskje litt uroleg for at det sistnemnte ikkje skulle kome klart nok fram, så epilogen i boka er ein rein teikneserie der han forklarer den tanken bak. Stort sett er dette veldig greitt poengtert, og utan for konkrete ideologiske føringar, men på slutten snakkar han seg litt vekk når han plutseleg trekk inn Michael Young. Serieskaparen kunne kanskje ønska seg meir plass å forklare på.
Men den avgrensa plassen, og kravet det set både til formidlinga og forståinga av bodskapen, er jo mykje av sjarmen med boka.
Livsgrisen
Av Karstein Volle
104 sider
200 kr.
Überpress