Tor Arne Hegna kan sjå tilbake på eit år med høg aktivitet i noko så sjeldsynt som eit bygde-teikneserieforum. I Sauherad har han skapt ein ny møtestad for teikneserieinteresserte.
I 2002 slutta Sørlandsbanen å stoppe på Akkerhaugen i Sauherad. Men stasjonsbygget lever vidare som eit kulturhus i den vesle Telemarksbygda. Akkerhaugen Rocksamfunn (ARS), også kjent som «Rockerhaugen» er, i tillegg til øvings-og konsertlokale også festlokale, uoffisielt bibliotek (etter at boksamlinga blei flytta hit frå det nå nedlagde folkebiblioteket), sjakklubb og teikneserieforum.

Eit møtelokale for teikneserieinteresserte verkar usannsynleg i ei bygd med knapt 400 innbyggjarar, men stiftaren Tor Arne Hegna kan fortelje at teikneseriemøta trekk i alle fall 10-12 personar gongen, i snitt. På deira mest populære treff, der tema var anime og manga, møtte det over 20. Hegna er illustratør, serieskapar, og lærar i webdesign og appdesign ved USN, avdeling Notodden. I nærleiken av ARS bur også, ved sida av Hegna sjølv, serieskaparane Arne Iaschsen og Tor Atle Høgstad, som bidreg til å skape eit naturleg avgrensa, men levedyktig miljø.

Høgstad teiknar nettserien om den lokale rockegruppa Humbucker, som har øvingslokale i same huset. I august lanserte ARS eit Humbucker-teikneseriealbum med cruise på leasa turistbåt og sjølvsagt konsert.
Og det var ikkje den første lokale teikneseriepublikasjonen som ARS og forumet fekk ut. Treffa kom i gong då Hegna køyrde ein teikneseriekonkurranse i fjor, og fekk ideen om å gi ut bidraga som eit eige julehefte, «Jul På Råkkerhaugen», med sponsing frå lokalt næringsliv. Eit 20 siders hefte blei seld for 100 kr. stykket på daglegvarebutikkar og bokhandlarar i nærområdet. Ettersom det var ein svært enkel produksjon, blei eit sal på 170 eksemplar rekna som vellukka. Prosjektet gjekk med overskot, som blei brukt som startkapital. Hegna ville nemleg ha teikneseriekveldar med tema og gjester, og takka vere ein stønad på 25 000 frå Telemark Fylkeskommune har han nå drive teikneserieforum på huset i eitt år. Årets siste arrangement av dette slaget blei gjennomført på måndag, då Haakon W. Isachen hadde foredrag om juleheftas historie og om sitt eige manusarbeid på Flåklypa julehefte. Til stades var også broren hans, den før nemnte Arne Isachsen, som var ein pioner innan norske underground-seriar på 70-talet.

Hegna føler seg trygg på at det kjem eit Råkkerhaugen julehefte i år også, sjølv om teikneseriekurset som Tore Strand Olsen heldt for ARS ikkje resulterte i mange nok bidrag. Heldigvis har han tilgjenge på anna uutgjeve materiale til heftet.
Teikneserieforumet sine kveldar har stort sett gått etter planen. Eit treff måtte avlysast grunna sjukdom, og Karine Haaland kom til hausten, heller enn til våren, som opphaveleg var planen. Hegna har tru på at teikneserieforumet sine treff kan halde fram på ARS til neste år. Dei har invitert serieskaparar som bur i distriktet, noko som hjelper til med å halde budsjettet nede: Karine Haaland bur i Kragerø. Tor Erling Naas (Tor Ærlig), som også har vore gjest, bur i Porsgrunn. Anders Kvåle Rue, som bur i Seljord, står på gjestelista for neste år. Men Hegna innrømmer at dei nok er i ferd med å gå tomme for Telemarksbaserte teikneserieskaparar. Dei må kanskje trappe litt ned på antalet teikneseriekveldar neste år, innrømmer han, for det er ei stor arbeidsbyrde på han personleg.
Øvst f.v.: Haakon W. Isachsen og Tor Arne Hegna på ARS måndag.









Bra skrevet!
Og takk for langveisfarende besøk.