Julehefter 2018 – Norske Klassikarar

Dei mest tradisjonsrike norske hefta har igjen mykje nytt materiale, og mykje gamalt. Men nokre gonger kan sjølv det mest gamalmodige vere verdt å sjekke ut.

 

Vangsgutane
Av Nordberg/Andreassen og Halse/Nilssen/Steinsfjord
Fonna/36 sider/60 kr.

Årets vangsgutane er ein salig blanding av gamalt og nytt, med heile tre forskjellige teiknarar som illustrerer soga om eventyra i Todalen. I dei siste åra har me blitt velsigna med nye historier om Vangsgutane, som regel skrivne av krim-ekspert og forfattar Nils Nordberg. Så også i år. Forteljinga går føre seg etter krigen og omhandlar uløyste mysterier frå krigens dagar, og endå eldre. Såleis er dette ein reinspikka eventyr-thriller som skiljer seg markert ut frå dei ‘gamaldagse’ Halse/Nilssen-historiene. Teiknaren Andreassen er ein svært dyktig illustratør, med ei blanding av natur-realisme og karikerte fjes og personar. At han ikkje greier å la vere å vise Larris som ein slags bygdeidiot, trekk ned.

Veksling mellom fargar og svart/kvite ruter er effektivt verkemiddel og det heile er ein flott historie med gode karakterar. Tyskaren er ein skummel fiende som me sikkert får sjå meir til seinare. Romansen mellom Mor Vangen og Sterk-Ola er meir enn antyda, og arkeologen/eventyraren Indianar-Johnsen er ei flott hyllest. Og ser du retteleg godt etter opptrer forfattaren også her!

Den gamle versjonen, opptrykket, vert innleia av to sider teikna av Atle Steinsfjord, før superteiknaren Jens R. Nilssen tek over. Steinsfjord er kompetent men når sjølvsagt ikkje meisteren meir enn til støvleskafta. Historia, som stammar frå 1946, er både spanande og dramatisk, og illustrasjonane er av særs høg klasse.  Særskilt side 25 er noko av det flottast teikna i norsk teikneseriehistorie (sjå døme ovenfor). Seks ruter så dynamisk lagt opp at ein kan tru Nilssen har kikka både på Hogarth og Foster for inspirasjonar. Meisterleg.

(Arild Wærness)

 

Tuss og Troll
Av diverse
Egmont/36 sider/kr. 59,90

Sveen og Emberland debuterer som Tuss og Troll-teiknarar med ein ny versjon av Asbjørnsen og Moe-eventyret «Katta på Dovre» (kvifor ikkje «Kjetta»? det verkar endå underlegare med tanke på at det første eventyret i gjenopptrykksdelen heiter «Oskeladden og Kjetta») etter manus av Nan Rise-Lynum. Teikningane til Sleivdal-duoen er eit friskt pust i heftet, fullt av detaljar, fargar og nasjonalromantiske landskap. Men ein liten feil i dialogen: Eit av trolla utbryter: «Det er ingen katt, men ein bjørn!!» At trolla er for dumme til skilje mellom ein katt og ein isbjørn, er noko av poenget i originalen. Den andre nye serien er Håkon Aasnes sin  versjon av «Oskeladden og dei gode hjelparane». Denne følgjer originalhistoria svært trufast samstundes som Aasnes tilfører den litt eigenart i teikningane. Etter å konsentrert seg om å fortelje segn i sa mange år, er det hyggeleg å sjå han prøve seg på eit velkjend eventyr for ein gongs skuld.

Reprisetrykket er frå juleheftet av 1968. Teikna av Solveig Muren Sanden, sjølvsagt, men historiene av Johannes Farestveit er ikkje blant dei betre. Her er det mykje omskrivingar av Brørne Grimm, og usympatiske, ekle hovudpersonar både av menneske-og dyreslekt

(Trond Sätre)

 

Smørbukk
Av Haakon Aasnes, Johannes Farestveit og Solveig Muren Sanden
Egmont/36 sider/kr. 59,90

Smørbukk og Trond oppdagar ein mystisk flaksepost medan dei ryddert søppel på stranda samen med miljøentusiasten kulturkonsulent Bergh – og mister den igjen. Resten av den ærleg tala ganske syltynne historia vekslar mellom jakta på flaskeposten og eit heldigvis ikkje for høgtideleg sideplott om Berghs overivrige plastryddingsaksjon.

Samanlikna med reprisetrykket frå 1968 er det lett å sjå kor ujamn den nye serien er. Farestveit og Sandens historie, som begynner med at Smørbukk skal spring orientering, tek dei mest uventa krumspring, men det eine glid alltid naturleg over i det andre på ein måte som Aasnes ikkje heilt får til, i alle fall ikkje i år. Meir tempo og spenning er det også. Men dette var kanskje enklare i gamle dagar,  med den ekstra plassen til tekst som det gamle formatet tillot.

 (Trond Sätre)

 

Nr. 91 Stomperud
Av Haakon Aasnes
Egmont/36 sider/kr. 59,90

Utfallet av eit av 87 (som vanleg dundrande mislykka) sjekkeforsøk i «Til orientering» er eit subtilt høgdepunkt, og ein interessant vending, i eit elles hendingsfattig julehefte. Mykje styr og farse for beskjedene poeng er det som vanleg i årets Stomperud julehefte. Saknet etter «Stomperud På Eventyr» er endå større for underteikna etter å ha lest dette.

Men i alle fall det tradisjonsrike «Heim tel jul»-segmentet er ganske underhaldande i år, sjølv om det er i overkant mykje styr med det også, sjølvsagt. Og nylig bortgåtte Leif Isaksen blir heidra på ordentleg vis i forordet.

(Trond Sätre)

 

Jens von Bustenskjold
Av Sigurd Lybeck og Anders Bjørgaard
Bladkompaniet/36 sider/kr. 59,90

Eg har i mange år ignorert joleheftet om Jens von Bustenskjold. Ingenting ropar så høgt om ‘gamle dagar’ som dette nesten antikvariske heftet. Vel, ved nøyare gjennomlesing fins det så mange gullkorn her, spesielt i Sigurd Lybecks tekstar, at det vert ei fornøyeleg stund ut av det. Heftet inneheld ei novelle og to teikna eventyr, illustrert av Anders Bjørgaard. Og det dreier seg nok ein gang om livet i bondesamfunnet Oladalen; Visstnok skal det føregå like etter krigen og utover på femti-talet, men for den moderne lesar kan det heller sjå ut som om det er for hundre år sidan.

Teikningane er stive og kjedelege, men med ein slags naiv sjarm, så dei sære skapningane trer likevel tydeleg fram i litt slitne, gråe strekar og hus. Historiane dreier seg om dei evige spørsmåla – kven kan ein få til kjærast? Kven skal ein bu med? Og når det gjeld Plassbakk-kallen – kven kan eg plage no? Dette er eit lite stykke Noreg som på mange måtar er vekk. Men så lenge vi har slike hefter kan eit lite djupdykk ein gong i året være vel verdt pengane.

(Arild Wærness)

1 tanke om “Julehefter 2018 – Norske Klassikarar

  1. Har samme opplevelse som Arild i forholdet til figurene i Oladalen. Først de senere år har jeg virkelig fått øynene opp for disse herlige karakterene.
    Kanskje den nye friske layouten og fargeleggingen av forsidene har gjort sitt til at tilnærmingen har blitt lettere.
    Pluss også for opplysende og velskrevne forord.

    Men hvorfor er illustrasjonene på omslaget ikke alltid å finne i selve heftet (så også denne gang)?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *