Semiotisk dekonstruksjon

Tim Ng Tvedts nye bok er definitivt ikkje for alle. Tvert om er det kanskje mest Jippis mest særprega publikasjon til nå. Ideen bak boka er likevel ikkje særskilt gåtefull.  

(Med takk til Knut Robert Knutsen)

I omgangskrinsen av serieskaparane tilknytta Jippi har Tim Ng Tvedt i mange år vore ein synleg, men alltid subtil bidragsytar. Hans abstrakte minimalisme, særmerka av ein slags industriell «bruksanvisningskunst» har vore ein gjengangar i Forresten, men i 2016 ga Jippi ut avgangsprosjektet hans frå Kunsthøgskolen i Oslo, «Omrokering» – En pamflett på 48 sider, og ein hovudsakleg visuell presentasjon.

At innhaldet, bak den konkrete grafisk presentasjonen, var nokså abstrakt, var tydelegvis ikkje nok. Med bidraget «Pissgult» i Forresten 32, og nå denne boka, beveger Ng Tvedt seg også i eit grafisk abstrakt territorium. De industrielle figurane er nå fragmenter, kaotiske brotstykke, heller enn heilskaper. Dei går opp i ei eining saman med ordsalatar, lause linjer og sirklar, fleire stader også reine krusedullar.

Sånn er oppskrifta på Ng Tvedts sitt nåverande ytre uttrykk, som det utspelar seg i hans andre solopublikasjon, «Tegneserier». Ja, den heiter berre det, og koketteringa bak tittelen er også typisk for publikasjonen og apparatet rundt den. Pressemeldinga inneheld berre opplysninga om at forfattaren/kunstnaren er utdanna ved kunsthøgskolen; ikkje et ord om innhaldet i boka, viss du ikkje tel med faktaboksen. Tanken er kanskje at ein kvar lesar skal møte uttrykket med blanke ark og (håper ein) opent sinn.      

Men kva er utrykket? «Tegneserier» er det ein akademikar nok ville kalla ei metodeøving i semiotisk dekonstruksjon. Korte brotstykke med tekst, leikent skribla ned, gitt alt for mykje rom i forhold til tyngda i materialet, og sett direkte inn i den visuelle presentasjonen for å få fram interaksjonar med det øvrige bildelandskapet. Føremålet er tilsynelatande å skape ein ny form for lyrikk med teikneserieformatet som et utgangspunkt – Ei eksperimentell diktsamling.

Stilistisk og tekstleg kan det minne om Barron Storey sine massive tekstleg-visuelle ombrekkingar som Dave McKean introduserte til teikneseriemediet gjennom diverse Sandman-forsider, og Bill Sienkiewcs gjennom ei lang rekke verk – Men på eit enklare nivå.

Å studere Tim Ng Tvedts «Tegneserier» er, dersom du gjer det ordentleg, litt som å vere en kodeknekkar. Men materialet er så trivielt at det kanskje ikkje er verdt tida det tek å knekke kodane. Eg er ikkje sikker på kven denne serien eigentleg er for. Kanskje for utdanna kunstnarar eller semiotikarar som har metoden inne for å verdsetje slike øvingar.

Tegneserier

Av Tim Ng Tvedt

ISBN 978-82-92226-77-3

64 sider

170 kr.

Jippi forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *