Eventyrets tidsalder

Teikneseriane sin plass i aviser, vekeblader og tidsskrift har lenge vore eit mest oversett kapittel. Kjell Steen har prøvde å gjere noko med dette ved å samle gløymte spenningsseriar frå 40-talet.

Samlinga med det fulle namnet «Norske Tegneserier 1942-1947 av Arnold Jacoby & Trygve og Olav Mosebekk» vart nyleg utgjeve i avgrensa opplag av skribent og Fantomet-ekspert Kjell Steen, og er eit særs interessant arbeid i norsk teikneseriehistorikk. Denne boka samlar norske seriar som få andre enn ihuga samlarar og populærkulturelle arkeologar kunne ha tilgjenge til frå før. Og det i kva ein kan kalle for minst tre ulike blandingssjangrar: sci-fi/fantasy, superhelt/krim og thriller/krig.

Dei to første seriane gjekk begge under krigen, «Atlantis» av Arnold Jacoby (under aliaset Erik Glende) var vinnaren av ein konkurranse som Norske Ukeblad utlyste i 1942. «Cyklon-Kid» var truleg ein av pallplasseringane i same konkurransen. Den er kreditert Irian Dew, som Streen har konkludert med er aliaset til Trygve Mosebekk. Her høyrer det med til historia at Arnold Jacoby på 40-talet dreiv eit teiknebyrå med Trygve og Olav Mosebekk.

00_nt-atlantis
«Atlantis» erstatta «Lyn Gordon» i Norske Ukeblad ein periode under krigen, og det var litt av ein erstatning dei fekk. Serien sausar saman «space opera» av forgjengaren Lyn Gordon sitt merke med norrønt helteepos, klassisk fantasy og tidsreiser. Tidsreiseaspektet er forklart i sjølve serien, og gir den eit påskot til å blande inn fleire ulike element. Forteljarstilen er episk og ambisiøs, med vakre og prangande teikningar. Serien er ein fryd å sjå på, utan tvil påverka av den kunstnariske fantasirikdomen til Alex Raymond. Og sjølv om den uunngåeleg(?) er klisjéprega både i språk og handling, er den slett ikkje noko verre enn t.d. Øver Richter Frichs historier om Jonas Fjeld. Hovudpersonen Stein er sjølv den perfekte amalgam av Ingeniør Knut Berg og, ja nettopp Jonas Fjeld.

00_nt-cyklon-kid
Ikkje like godt teikna, men eit interessant eksperiment i superheltseriar er Cyklon-Kid, som gjekk i bladet Mystikk under krigen. Ikkje minst er oppbygginga interessant. Overgongen frå side til side er ikkje heilt flytande i Cyklon-Kid. Heller enn å begynne kvar side med «dette har skjedd», eventuelt berre fortsetje der ein slapp, begynner ei ny side typisk med at handlinga frå førre sida vert atterfortalt i dei første 1-2 rutene (i eitt tilfelle går meir enn halvparten av ei side med til atterforteljinga). Då er det klart at historieforteljinga tek ekstra tid, sjølv om tempoet i handlinga er intenst. Interessant ved Cyklon-Kid er også korleis den forklarer at hovudpersonen vart superhelt, og gir ein slags logisk forklaring på kvifor han går med kostyme.

00_nt-sabotasjegjengen

Verken Stein eller Cyklon-Kid sine eventyr vart fullenda (Cyklon-Kid blei aldri ferdig med sitt første oppdrag ein gong); dette fordi begge blader blei stoppa av sensuren. Då var det andre bollar i 1947. Etter krigen skifta Mystikk namn til Alle Menns Blad, og truleg var det igjen Trygve Mosebekk som laga ein ny spenningsserie for bladet, «Sabotasjegjengen». Med krigen friskt i minne var det slutt på klassiske eventyr, denne nye serien handlar om heroiske sabotørar sin kamp mot nazistane. Sjølvsagt ga det klangbotn, og historia, som denne boka også attergjev i si heilheit, fekk gå til den var ferdig fortalt. I motsetning til dei to før omtale seriane gjekk «Sabotasjegjengen» i svart-kvitt, noko som i grunnen passa betre til tema og stemning. Mosebekk hadde lært mykje om teikneserieforteljing sidan Cyklon-Kid, teikningane er mykje meir på det jamne og historia har betre framdrift.’

00_nt-bimba
Endeleg kan det nemnast at samlinga også inneheld to sider av «Bimba», ein barneserie på rim som Arnold Jacoby laga under krigen. Bimba var ein slags forløpar til Lille Hoa, ein søt og sympatisk «negergut» frå ein eksotisk eventyrversjon av Afrika. Figuren og miljøet hans er sjølvsagt karikert, eit produkt av si tid, men dei halvsurrealistiske teikningane har ei visuell kvalitet som det bør vere mogeleg å nyte også i dag.

Denne boka er kome ut i så avgrensa opplag at den ikkje er å finne i kiosken eller bokhandelen, men Steen skal ha heider for å sørgje for at ein slik samling faktisk finst i det heile tatt, og endeleg kan fylle nokre opneberre hol i norsk teikneseriehistorikk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *