Dobbelt dobbelt dobbelt-lansering

Tysdag inviterte Egmont til dobbeltlansering for to nye «nordic mangas» på Serieteket

Fire spente debutantar, to ulike par, kom med kvar sin nye teikneserie.  Dobbelt dobbelt dobbelt-lansering var redaktør Tonje Tornes’ opningsord for kvelden. To titlar som blei lansert: «I pappas hode» av Mari Moen Holsve og Karoline Grønvik og «Forbi stjernenes port» av Benedicte Luane Kristensen og Sam Einar Engh Syftestad.

Dette er andre gongen på kort tid at Egmont har ei slik lansering av heilt nye titlar frå nordisk manga-avdelinga. Første gongen var i januar.

Først på scena kom Mari Moen Holsve og Karoline Grønvik for å snakke om “I pappas hode”. Teikneserien handlar om søskena Liam og Cornelia som har foreldre som akkurat har skilt seg. Dei bur hos faren, som slit med å kommunisere med dei, og ei natt vaknar dei opp inne i hjernen hans.  Her opplever dei mykje rart, og treff på mange versjonar av sin far. Som Holsve uttrykte det, “Vi er alle meir enn ein ting” og barna får oppleve at faren har mange sider, også mange dei ikkje kjente til.

F.v. Mari Moen Holsve, Tonje Tornes og Karoline Grønvik.

Plottet til denne starta som eit teaterstykke, skrive av Holsve i 2017, som det ikkje blei noko av. Det blei lagt på hylla, men etter samtale med Egmont, oppsto ideen om å gjere det til ein teikneserie. Grønvik kom då inn som illustratør.

Mari Moen Holsve er ein etablert forfattar og har skreve mange bøker, men sa at ho kjente på nerver for denne utgjevinga, sidan dette med teikneseriar var nytt for ho.

Egmont kobla Grønvik og Holsve saman og dei arbeida med å tilpasse manuset til ein teikneserie. Grønvik hadde delteke i Egmonts teikneseriekonkurranse i 2021, og har ikkje utgitt ei heil bok før. Ho har jobba med antologiar og mindre abeid tidlegare. Dei to kjente ikkje kvarandre frå før av, så dei blei kjent gjennom arbeidet og sat meir saman etter kvart. Sidan manuset var ferdig, fekk Grønvik mest jobb.

“I pappas hode” er enkeltståande, men det er trådar som kan plukkast opp i seinare bøker. Teikneserien blei beskreven som “magisk realisme” og “familiedrama fantasy”. Både Holsve og Grønvik likte samarbeidet, og kunne sjå for seg å gjere meir saman i framtida. Grønvik bar også på idear for eigne teikneseriar.

Displayer på biblioteket

Holsve har skreve mellom anna “Rasp” frå 2008. Denne boka kunne Karoline Grønvik hugse at ho hadde lest på ungdomsskolen, fortalte ho på lanseringa.

“Forbi stjernenes port” av Benedicte Luane Kristensen og Sam Einar Engh Syftestad var neste par ut. Dette er første boka i ein ny serie om jenta Paprika som bur på ei øde øy med onkelen Oliver. Ein dag dett eit romskip frå himmelen og romvesenet Kaba er ombord. Dei tre set ut på ei reise for å finne “Stjernenes port”.

Kristensen og Syftestad er sambuarar og debutantar. Dei jobbar nært saman og har ei tydeleg, om enn litt forvirrande, ansvarsdeling i følgje Tonje Tornes. Begge gjer litt av alt, men i hovudsak er det Syftestad som skriv mest og skisserer sidene og Kristensen illustrerer mest og tek seg av mange visuelle detaljar.

F.v. Sam Einar Engh Syftestad, Tonje Tornes og Benedicte Luane Kristensen

Sjangermessig ville Kristensen og Syftestad plassere seg meir mot sci-fi enn fantasty, men i den eventyrlege delen av sci-fi. Som tydelege inspirasjonskjelder var både Star Wars, Indiana Jones og One Piece nemnt for sine leikne eventyrlege element. Kristiansen fortalde at dei var veldig nøye med kor ting var plassert, og ville til dømes at lesaren skal kunne følgje med på kor karakterane er på ulike stader i New Everest, hovudstaden. Dette gjorde jobben vanskelegare for dei som historieforteljarar, men meir spennande for lesaren.

Forfattarane fortalte at dei var interesserte i sterke kvinnelege hovudpersonar frå film, tv og andre teikneseriar, og at dei i sin serie ville løfte fram litt ulike typer sterke kvinner. Paprika er ein tomboy og er teikna med lite framheva kvinnelege former, noko som ikkje er eit typisk mangatrekk.

Dei er allereie i gang med bok 2 og har eit omtrent ferdig manus og er på skissestadiet. Per no ligg serien an til å bli på sju bind, men fokuset er på å fortelje historia og la den utvikle seg naturleg, så det kan fort bli fleire bind i serien. Men det kom ikkje til å bli like mange som i One Piece, som per i dag har over 100 bind, legger serieskaparane til.

Alle fotografier av Anne Elisabeth Kaldhol. Øvst: Som på den førre lanseringa blei det servert kake med bokomslaga på maripanlokk.

1 tanke om “Dobbelt dobbelt dobbelt-lansering

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *