Fanzinefredag 6

Med risotrykking held Stavangers kunst-narr Espen Birkedal fram med å dokumentere brotstykke av livet sitt i teikneserieform.  

Espen Birkedal sine sjølvbiografiske teikneseriar blei første gongen sett under lupa i Serienett med «Kunstnarr», kanskje hans mest ambisiøse publikasjon. Sidan då har han lage fleire mindre trykksaker, verkelege fanziner, som han tilbyd mellom anna på messer og festivalar. Desse går i hovudsak inn under to ulike vignettar.

«Scener frå et samboerskap» er ein ganske sjølvforklarande tittel. Espen og sambuaren Anna har fått ei dotter, Bergliot. Serien skildrar kvardagslivet til familien  i så langt to fanziner, «September 2021 til august 2022» og «Oktober 2022 til september 2023». Det ein først og fremst kan lese seg til ut av desse seriane, er at Birkedal har ein underfundig humor, også når han skildrar det som er nært og personleg. Vekta er mindre på punchlines og meir på småmorosame, sære og kleine situasjonar. I første heftet er det t.d. ein sekvens om å komme seg ut av ein kafé før paret på nabobordet oppdagar at Espen kom i skade for å sprute innhaldet i ei cherrytomat på dei. Elles handlar det meste om babyens sine spisevanar, og om pottetrening.

Serieskaparen sjenerer seg ikkje for å teikne sambuar eller dotter noko karikerte, sjølv i enkel strek. Det hjelper på interessa. Etter å ha lest denne serien trur eg at eg kunne ha kjent att vesle Bergliot på gata. I andre heftet er ho sjølvsagt blitt eldre, og kan gå (også på do) og snakke, men seriane handlar framleis like mykje om humoren i det kleine, berre med den skilnaden at Bergliot si verd er blitt større. Mellom anna er to av situasjonane frå ei flyreise.    

Espen Birkedals andre fanzineserie, «Forlokkelsen» er noko meir unik, både i konsept og presentasjon. Serien, som sannsynlegvis ikkje er ferdig ennå, tek utgangspunkt i middelshavscruiset som familien drog på for å feire moras seksti årsdag i 2015.  For å gjere det litt meir meiningsfylt, ber han venner om å gi han oppgåver som han kan løyse på turen. Han kallar dette eit kunstprosjekt.

Første heftet, «Pre-cruise» sluttar med dei oppfordring til lesaren om å sende idear til stil, fargar og format på dei kommande hefta. I ettertid ser ein at han har fått god utteljing for dette. Første heftet er i ståande cinemascope-format (29,5×15,5) og lilla. Andre heftet er i såkalla sjekkhefteformat (18×6), tilsvarande klassisk Præriebladet, og i blått. Tredje heftet er i format 12×16,5, tilsvarande Kampserien, og i raudt. Fjerde heftet er nesten, men ikkje heilt kvadratisk (17,5×18,5) og i svart-kvitt.      

Mesteparten av «Pre-cruise» går med til planlegginga av dette. I andre heftet, «Barcelona», har Espen det meir gøy med konseptet, tross i formatet, og sjølv om det framleis verkar som eit slumptreff kvar gong ei stripe endar med ein punchline. I tredje heftet, «Palma de Mallorca»  verkar det som om han har lagt litt meir arbeid ned i teikningane. Streken er tjukk og har djupn, i kontrast til den meir skisseprega streken i «Barcelona».

Fjerde heftet er eit dobbelthefte, «Marseille – Firenze/Pisa», så her tek serieskaparen seg betre plass både med teikning og historie. Dialogen tek seg opp, men «kunstprosjektet» viser seg å vere eit tynt ferniss på inclusive-ferien. Oppgåvene han får er trivielle, og det hender at han «løyser» dei på eit tvilsamt grunnlag. T.d. når han prøver seg på utfordringa «Ta et bilde av at du lener deg på det skeive tårnet i Pisa». Men utfordinga om å gå som ein krabbe og onanere ein plass utanfor lugaren, utfører han. Det siste tek han til og med bilde for å bevise.

I omtala av «Kunstnarr» føreslo eg at Espen kunne blitt ein norsk Martin Kellermann dersom han gjorde seg litt meir tøff i trynet i teikneseriane sine. Etter å ha supplert med ei handfull av fanzinene hans er eg ikkje lenger så sikker på om skilnaden ligg berre der. Espen verkar meir ærleg i teikneseriane sine, for ærleg til å anstrenge seg for å vere komikar. Han fortel det tilsynelatande spontant, direkte, banalt og i små drypp som ein stripeteiknaranes Lars Lillo-Stenberg.

Såleis er det noko kledeleg ved det så langt antiklimatiske kunstprosjektet. «Forlokkelsen» er forteljinga om dei små anledningar sin kunstar.     

instagram.com/espen_birk

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *