Festar grepet om lesarane

I Mørkalven leitar Caim og Mariie leitar etter Jokernasjonen, og finn nye vener på vegen dit. Og nye fiendar.

Helen Kaldheim kjem no med tredje bind i Mørkalven-serien, «Kontroll». Vi møter Caim og Mariie som har kome seg til Hjerternasjonen. Her kan jenter ikkje bli til dømes politikar, eller ha andre «tunge stillingar».

Men å bli lege er den store draumen til Bliss Leve, ein karakter vi blir betre kjent med i dette bindet. Under eit besøk i Kløvernasjonen i bind 1 var det Bliss som ved eit uhell avslørte Caim som mørkalv, noko som igjen førte til at han måtte flykte. På skulen har Bliss akkurat fått ny lærar, Cha Matt, som annonserer at det ikkje lenger vil vere mogeleg å ta tunge fag. Legedraumen hennar går i tusen knas. Hjerternasjonen ber preg av å vere eit religiøst patriarki, med eit fokus på det heteronormative. Bliss si gjenlevande mor (den andre døydde før historia starta), blir møtt med kommentarar som at ho og Bliss ser ut som ein nesten normal familie etter at partneren døydde.

Bliss’ mor setter seg opp mot den teokratiske nyordninga.

Bliss lever elles eit typisk tenåringsliv, med kranglar med tidlegare vener og besøk på biblioteket. Til no har ho fått låne kva bøker ho vil der, og har blitt lova tilgang til det hemmelege arkivet som finst i kjellaren. Men bibliotekaren som lova ho tilgang døydde, og det har kome ein ny tilsett som ikkje er einig (for øvrig skal rykta ha det til at utsjånaden til biblioteket er inspirert av det verkelege biblioteket i Odda, Kaldheims heimstad). Det viser seg at både nasjonen og dens religion ber på hemmelegheiter, nokre av dei fins kanskje i arkivet.

Mørkalven er trygt plassert i manga, faktisk er serien så rotfesta der, at om ein ikkje er van med manga, kan ein gå glipp av viktige poeng og kan ende opp med å måtte lese deler på nytt for å få med seg alt som skjedde (slik denne anmeldaren måtte). Humor blir brukt som eit element for løyse opp stemninga. Og det fins både slapstickscener, gjenkjennelege kranglar på skulen og mangatypiske ting som chibifjes.

Biblioteket som kan sitje på løysingane

Stadig blir det understreka visuelt at ein er i Hjerternasjonen. Hjartedekor heng utanfor mange av husa, stolryggane i baren har hjarteform og knappane på Caim og Maries kapper har hjarteform. Fargemessig fortsett serien med den same paletten som i tidlegare bind, med litt duse og pastellaktige, men likevel klare fargar. Kanskje ser det sukkersøtt ut, men det er alvorlege tema som blir løfta i denne serien, som mobbing og utanforskap, og skildring av eit samfunn som går i autoritær retning

Og i «Kontroll» blir nettopp kontroll eit viktig tema. Hjerternasjonen vil kontrollere sine kvinnelege innbyggarar ved å gi dei ei utdanning tilpassa å bli husmødre, dei vil frata Bliss sjansen til å bli lege og flyttar Keith, ein god ven av Bliss, frå gutteskulen til jenteskulen, fordi han er trans.

Mariie blir møtt med blanda moralske reaksjonar

Kaldheim gir oss mange døme på Hjerternasjonens politikk, men let ein trekke eigne konklusjonar og ikkje berre fortel lesaren korleis ein skal reagere. Trass i dei djupare tema som blir diskutert, kan ein lese serien beint fram som ein spennande og fargerik ungdomsmanga. Men då går ein glipp av mykje.

Magi og mystiske krefter har heile tida vore eit element i serien, men mest i bakgrunnen. I dette bindet blir vi introdusert for karakterar som har krefter ut over det vi har sett til no, og eg føler at Kaldheim har skrudd opp det magiske nivået med eit fleire hakk. Med «Kontroll» løftast serien opp til eit nytt nivå på fleire måter. Ikkje minst sidan den også tek opp samfunnsaktuelle tema på ein veldig god måte.  


Mørkalven bok 3 – Kontroll
Av Helen Kaldheim
194 sider
249 kr.
Egmont

Les også:
Anmeldelse av Mørkalven, bok 1 – Alene
Anmelding av Mørkalven bok 2 – Trofeet
Intervju med Helen Kaldheim

1 tanke om “Festar grepet om lesarane

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *