Fråværet av berøringsangst gir «Mørkalven» eit forteljar-spelerom som såkalla nordisk manga har sakna. Skjønt, sjølve formatet formatet bidreg i like stor grad til dette spelerommet.
Så fekk Egmont omsider ein representant for si nordiske manga-linje (NME) som faktisk er ein manga. I alle fall har ein toneangivande journalist og skribent gått god for ordvalet, og publikum har latt seg forføre av den utvilsamt svært manga-prega estetikken. Så mykje, faktisk at «Mørkalven» allereie er i ferd med å bli Egmonts nest bestseljande fantasysatsing etter Nordlys! Kva består denne umedelbare appellen i?
Eg velger å tru at det i alle fall delvis, og ikkje minst, har med å gjere at «Mørkalven» representerer noko nytt. Mykje god lesnad kan komme ut av gode formlar, men alt nå har nok Nordlys og denne sine etterfølgjarar låst seg i ein formel, ein som Mørkalven-skapar Helen Kaldheim hever seg litt over. Mangaens konvensjonar let serien vere både meir sexy, valdsam og breial enn noko vi har sett frå «Nordic Manga» før. Men framfor alt tek den opp krevjande tema på med ei fantasy-tilnærming som aldri let lesaren gløyme alvoret bak.
«Mørkalven» er ikkje Norges første manga, sjølv om det kanskje er den første individuelt publiserte norske mangaserien frå eit etablert forlag. Frå før av har vi Rakkan-antologiane, men at Kaldheim fekk eigen publikasjon før t.d. nokre av teiknarane derifrå, er lett å skjøne når ein opnar boka. Ho har ein eigen strek som ikkje så lett let seg definere ut frå japanske klassikarar innan formatet, og heller ikkje ut frå dei mest populære euro-mangaene (W.I.T.C.H.) Gjennom opplæringsperioden på nettserien «Mythical Idiots» har ho utvikla noko meir individuelt som til og med har eit litt særnorsk preg
Historia set straks den rette tonen når den begynner på ein slavetransport der ein av fangane er seriens hovudperson, Caim Tivh. Han er ein veldig sjeldsynt mørkalv, men han nektar for det, og gjennom ei smidig «bokstøtte»-oppbygging får vi bakgrunnshistoria hans, heilt frå barndommen og til han endte opp i fangetransporten. Caim er adoptert av «vanlege alvar» eller kvitalvar, men han slit sosialt på skulen grunna fordommar. Han drøymer om å reise til landet «Joker», der folk av ulike rasar visstnok lever saman i harmoni. Namnet høyrest søkt ut, til ein merkar seg at alle nasjonane har namn etter spelkort. Kvitalvane sitt land, til dømes, heiter Kløver. Då gir «Joker» meining; som kjent er dette kortet vanlegvis ikkje med i spelet.
I mellomtida er Caims einaste venn Kasp, ein kvitalv som også slit sosialt fordi det visstnok kviler ei forbanning over han. Dei blir ikkje berre venner, men også i praksis brør når mora til Caim adopterer Kasp «midlertidig».
Fantasy har alltid vore brukt til å seie publikummet noko om deira eiga verkelegheit, og det finst spor av det også i dei andre NME. Men teiknar/forfattar Helen Kaldheim går meir metodisk på verks, med all tydelegheit, men utan moralsk peikefinger. Historia i «Mørkalven» er veldig direkte i måten den presenterer tre aspekt ved rasisme på: Ein, at diskriminering på grunnlag av hudfarge er noko som hender også i eit samfunn som reknar seg for opplyst. To, at slik oppførsel kan få offeret til å hate sin eigen hudfarge. Og tre, at det ofte finst ein eller annan beleileg kulturell eller historisk grunn til å diskriminere annleis utsjåande som ikkje går utelukkande på hudfargen, og som derfor kjennest meir rettferdig. I tilfelle «Mørkalven» kjem dette til uttrykk gjennom «den store krigen» mellom alvane, ei historisk hending som attpåtil tilhøyrar landets nyare historie, og som har bidrege til å spreie oppfatninga om at mørkalvar berre kan «ond og urein magi», og fortente å bli utsett for folkemord.
At skildringa av Caims og Kasps oppvekst kan lesast på fleire måtar enn med raseproblematikk, gir ytterlegare vekt til ting som serien tydelegvis ønsker å seie om mobbing og utanforskap
Rasisme og utanforskap generelt er forresten ikkje dei einaste parallellane ein kan lese ut av teikneserien. Ein kanskje endå meir interessant detalj, særleg fordi den er litt underspela i samanlikning, er at alvane brukar magi til mange slags daglegdagse gjeremål, men prøver å skjule dette for menneska av diplomatiske grunnar. Menneske ser nemleg på magi som «djeveldyrking». Med litt fantasi kan du sikkert sjølv gjette deg fleire ting som dette moglegvis alluderer til.
Gjennom heile boka gir fortelinga eit imponerande nyansert bilde av konflikten. Læraren vil gjerne hjelpe Caim, men kan ikkje ha om krigen i historietimen utan å framstille mørkalvane som skurkane. Fleire vaksne (til og med Caims eiga mor, eigentleg) og enkelte ungdommar, er tydelegvis også usikre på kva dei skal tru og seie. Til og med Caims klassefelle Othello, som er sjølve arketypen på ein kjedsommeleg arrogant, rik og fordomsfull kødd, har litt meir komplekse grunnar til å hate Caim enn vi først får inntrykk av.
NME-teikneseriane er typisk utprega visuelle. Dei kan ha mykje karakter, djupn og sterke kjensler, men plottet er vanlegvis veldig lett oppsummert. «Mørkalven» er derimot full av små detaljar, irrgangar og frampeik. For den som vil ha ein teikneserie, manga eller noko anna, er det ein meir tilfredsstillande leseoppleving. Du går glipp av dei mest strålande, vakre fargane og landskapene, og må nøye deg med eit koseleg hobbit-inspirert innemiljø med dempa fargar og snakkande hovud. Den ekstra stimuli som lesaren får i staden, er verdt det.
Mørkalven bok 1 – Alene
Av Helen Kaldheim
192 sider
199 kr.
Egmont
Les også:
Coveravsløring av «Mørkalven»