Etter mange år med gjesteseriar i Nemi, debuterer Ronja R.S. Berge med ei stillferdig teikneseriebok som antydar meir enn ho fortel.
Alle som har lese teikneseriar kjenner igjen den oppslukande kjensla som oppstår i koplinga mellom bilete og tekst. Ei av dei sentrale sidene ved denne fordjupinga i teikneserienarrativ finn me i stilla. Stilla i teikningane, stilla som finst mellom rutene, jamvel i tekstboblene, opnar opp for endelaus avkoding. Det visuelle kan forsterke eller dempe det verbale på måtar som er unike for mediet og kan i større grad enn andre narrativ uttrykke det som ikkje kan bli sagt.
Dette tenkte eg på undervegs i lesinga av Ronja R.S. Berges debutbok, Hvis det ikke brenner. Stilla pregar denne forteljinga, både i det som blir sagt og det som forblir usagt, gjennom ord og bilete. Boka er ei såleis ei vellukka symbiose av tekst og teikning, både tematisk og narrativt. Det tar til dømes 17 sider før eit ord blir ytra i boka, men innan den tid har me allereie blitt godt sett inn i den sentrale konflikten.
Hovudpersonen, Linda, ramlar tilfeldigvis over ei eske ho hadde gløymd ho hadde. Som i myta veltar brutale minne ut av pandoraeska; minne me skjønar Linda har prøvd å fortrenge. Resten av boka skildrar korleis Linda prøver å leve eit meir eller mindre vanleg liv samtidig som ho balar med minna som er komne opp til overflata. Ho går på pub, på jobb (ironisk nok på eit krisesenter) og heng med vennar. Det skjer ikkje så mykje anna i forteljinga, men det er kanskje heller ikkje poenget. Det handlar om korleis det er å leve med traume og korleis ein skal kome seg vidare. Lesaren får inntrykk av at Linda driv retningslaust gjennom livet, at ho har noko som held henne att.
I myta om Pandora heimsøker vondskapen menneskeslekta då eska blir opna, men i Hvis det ikke brenner er det Linda sjølv som blir heimsøkt. Det einaste som ikkje slapp ut av Pandoras eske var håpet. Spørsmålet i Berges teikneserie er korleis Linda skal finne håpet att. Er det gjennom vennskap, konfrontasjon, eller ved å legge fortida bak seg?
Nøyaktig kva som har skjedd blir aldri sagt rett ut, men antyda gjennom tekst og bilete. Narrativet blir til dømes fleire stader i boka brote av Lindas traumatiske oppleving. Hendinga er, i likskap med den nemnte eska, farga i raudt og svart, i kontrast til det svart-kvite uttrykket som pregar resten av boka. Desse sekvensane viser utsnitt av det me skjønar er ein overfallsvaldtekt. Det er eit enkelt, men effektivt grep, som saman med Berges aktive bruk av show, don’t tell-narrativ gjer eit sterkt inntrykk.
Den sparsommelege fargebruken forsterkar også Lindas indre liv i den løpande forteljinga. Det er nesten oppsiktsvekkande lite bakgrunn i rutene som er bada i grått, kvitt og svart. Det gråe og kvite tomrommet bak karakterane kan tolkast som eit tomrom i Linda. I den grad bakgrunnar speler ei rolle i boka er det i ordlause bilete, ofte strekt ut over fleire heilsider etter kvarandre, av preglaust og grått byrom. Stilla i desse sekvensane og i andre, der til dømes Linda og vennane hennar har ordlause samtalar, er nesten påtrengande og insisterande.
Kor vellukka denne forma er kjem an på lesaren. Boka kan lett bli oppfatta som litt vel stille og antydande for lesaren. Den tunge materien krev kanskje ei viss mengd gravitet, men ein kan samtidig ta seg i å sakne meir framdrift. Dei mange kvardagslivsscenene som ikkje eigentleg har annan funksjon enn å skildre den monotone bobla Linda lever i, kan også bli litt vel sakte og stille. Berge kunne unngått noko av dette ved å fortette handlinga og ikkje latt boka strekke seg til nesten 200 sider.
No er eg likevel ein som set pris på det poetiske og stille uttrykket som finst i Hvis det ikke brenner. Dei mange heilsidene er, både i brutalitet og skjønnheit, noko som skil boka frå mange andre teikneseriar. Dei vitnar om ein høgare kunstnarleg ambisjon. Det er noko flott med ein teikneserie som gir seg sjølv tid, til dømes til å setje av dei 20 siste sidene i boka til å la eit katarsisk regn skylle over hovudpersonen utan kommentar. Ei slik respekt for stilla er sjeldan kost.
Hvis det ikke brenner
Av Ronja R. S. Berge
192 sider
349 kr. (vegl.)
Gyldendal