Morfar og Nikolai Astrup

Astrup

Steffen Kverneland og Ragnar Hovland hadde sin første presentasjon av den illustrerte kunstnarbiografien «Astrup» i Bergen i kveld.

Fotografier av Trond Sätre.

Presentasjonen fann stad på kunstmuseet Permanenten i Bergen sentrum, og er ein del av Kulturnatt 2026. Ordstyrar var Finn Tokvam (f.v. Tokvam, Kverneland og Hovland på forsidebildet). «Astrup» er ein biografi om en kunstmålaren Nikolai J. Astrup (1880-1928) kombinert med ei reiseskildring frå turen som Kverneland og Hovland føretok til Astrups heimtrakter i Jølster.  

Meta-aspektet var også med i Steffen Kvernelands kjente kunstnarbiografi «Munch», men er meir markant her, kunne forfattarane fortelje.  

Ein bør elles merke seg (og det blei då også nemnt på presentasjonen) at Ragnar Hovlands morfar var biskop Ragnvald Indrebø (1891-1984), som kjente kunstmålaren personleg, og hadde diskusjonar med den sjølverklærte «heidningen» Astrup.  Striden mellom dei var ikkje verre enn at Indrebø eigde fleire Astrup-reproduksjonar, som er noko av grunnen til at Hovland tidleg fekk inntrykk av kunsten hans.

20260911 185742

Kverneland og Hovland skal reise rundt og snakke om «Astrup» fleire gonger i løpet av hausten. Denne første presentasjonen samanfall med at NRK anmeldte boka tidlegare i dag. Knut Hoem gir boka terningkast fem og omtaler ho som «en herlig fuktig fest av en fortelling». For Steffen Kverneland var det ein lettelse å kunne starte med ei så positiv anmeldig. Han hadde vore uroleg for kva anmeldarane skulle seie, fortalde han til publikum på Permanenten.

Arrangementet blei avslutta med at Ragnar Hovland spela eit potpurri at amerikanske folkeviser som Astrup skal ha likt, og deretter boksignering.   

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *