Arkin blir fullstendig celestial i sjette og siste bindet av serien, «Fallet». Det er eit ytterpunkt som Helge Lie, alias H.L. Phoenix har bygga serien omhyggeleg opp mot.
Fenomenet «nordisk manga» har nå eksistert så lenge at vi etter kvart har fått sjå finalen til fleire av titlane. Kort tid etter Mia Myhr kjem slutten på Arkin – Lysets vokter (som er det fulle namnet på teikneserien).
Og for ein finale! Ikkje overraskande er den så full av spoilerar at det eigentleg berre er forsvarleg å kome inn på eitt konkret aspekt ved historia i denne omtalen: Nemleg at første halvdelen dreier seg om Arkins endelege konfrontasjon med Nemeroth. Og det skal seiast til seriens fordel at etter to bøker med actionfestar, får lesaren klar melding om at det ligger ein veldig nøye uttenkt plan bak denne siste kampen. At Nemeroths trollstav gir han meir makt enn nokon andre, men samstundes er det einaste som gjer han daudeleg, er eit paradoks som nødvendigvis må brukast til noko.
Rett nok er det eit lite problem at nå som vi endeleg får sjå Nemeroth i full utfalding, får vi aldri inntrykk av at han er smart nok til å kunne vinne. Han er for einfaldig, trass i all si makt.
Dialogen er ganske banal, og banaliteten toppar seg når Arkin i eit kritisk augneblink gir Nemeroth ein filosofisk einetale. Men moglegvis er det nettopp slike moment som gjer seriens bodskap forståeleg for den tiltenkte målgruppa, og opnar for den refleksjonen og tolkinga hos barn som eg vil tru at Lie ønsker.
For meg som ein vaksen lesar er etterspelet meir engasjerande å lese, og det er eit langt etterspel, der bilda får tale i større grad. Bokas andre halvdel er der serieskaparen verkeleg utnyttar det eksistensialistisk, kosmiske, ja rett fram celestiale potensialet i serien.

Arkin – Lysets volter er i det heile tatt ein serie som gjer det lett å mane fram dei meir pompøse adjektiva.
La oss seie det sånn: I ettertid er det ironisk at eg tenkte på Arkins pantervenn Melion som ein slags Aslan, når rolla som Aslan snarare fell på Arkin sjølv,
Og alle veit vel kven Aslan er meint å vere ein parallell til?
Ikkje at Arkin verkar bunden til ein bestemt religiøs eller kvasi-religiøs parabel. Serien er ein eigen mytologi, og forblir i eit grenseland mellom drøym og tenkt verkelegheit, men kor klisjéprega det enn høyrest ut, handlar historia først og fremst om håp.
Eg presiserer historia, for teikneserien som heilskap handlar om det grafiske, kanskje meir enn nokon annan serie frå den første «nordisk manga»-generasjonen. Lies stil er umiskjenneleg, ikkje minst samspelet mellom strek og fargar: Ein moderne, filmatisk inspirert krysning av manga og vestlege stilar i eit svært dramatisk, lysdrive uttrykk med glødande effektar og målerisk atmosfære. Eksplosive mørke nyansar av raudt, blått og noko lilla i bokstaveleg tala overjordiske landskap dominerer bokas ca. 230 seriesider.
Pluss dei store, glassaktige «dukkeauga», særleg hos hovudpersonen, som eg har eit noko meir ambivalent forhold til (for kunstig), men som like fullt er eit distinkt særtrekk.

Lies tendens til å fortelje i store bilde er slett ikkje unik for han i moderne norske sjangerteikneseriar, men ingen andre stader er det så oppslukande som her. Eg tal 25 doble heilsider i «Fallet». Bildebruken kan skape eit inntrykk av at forteljinga er meir omfangsrik enn kva som er tilfelle, men det er ikkje akkurat noko bedrag heller, då bilda heile tida er så djupt integrert i narrativet
TNT burde gi Lie ein slags portfolio. Aller helst ei kunstbok, men i det minste ein kalender eller eit plakathefte, for å la motiva hans komme til sin rett. Eit ordinært bokformat blei alltid for smått, kan vi slå fast nå i ettertid.
«Arkin er et feilfritt mesterverk. En fantastisk avslutning på en episk fortelling» er sitatet som forlaget har gjengitt bak på permen. Det kjem frå ein bokbloggar som då antakeleg fekk sjå dette sjette og siste bindet på førehand. Første setninga kan eg ikkje stille meg heilt bak, Men episk? Innlysande. Og ei fantastisk avslutting? Ja, kanskje den mest fantastiske eg har sett i nyare norsk fabelprosa.
Ei heil reise følast det som, og det er eit av dei viktigaste inntrykka ein kan sitte igjen med frå ein eventyrserie.
Arkin – Lysets vokter (6): Fallet
Av H.L. Phoenix
250 sider
339 kr.
TNT/Bonnier


Vi sender deg noen godbiter omtrent annenhver uke, og bruker 







