2024 – Webtoonens år

Angoulême vil ha fleire europeiske webtoons, og utlyser ein konkurransen i samarbeid med to leiande teikneseriefestivalar og det finske teikneserieforbundet.

En webtoon er ein nettbasert teikneserie som er meint å lesast vertikalt, ovanfrå og ned, tilpassa det digitale formatet. Den oppstod i Sør-Korea på 00-talet, utleia av koreansk manhwa, og har sidan spreidd seg til heile verda.  

Eit EU-støtta initiativ har likevel funne ut at det blir produsert for lite webtoons i Europa, og utlyser difor ein konkurranse. I spissen for initiativet står teikneseriemuseet Cité Internationale de la Bande Dessinée i Angoulême, Museet vil dedikere året 2024 til webtoons. Dei samarbeider med det finske teikneserieforbundet Suomen Sarjakuvaseuran, det italienske kultur- og messeforbundet Lucca Crea srl (arrangør av teikneseriefestivalen i Lucca, Toscana) og det polske teikneserieforbundet Polskie Stowarzyszenie Komiksowe (arrangør av teikneseriefestivalen i Warszawa).

Ved å famne om dei unike perspektiva til europeiske serieskaparar, vil dette initiativet forsterke mangfaldet og rikdommen innan webtoons, og fengsle publikum over hele Europa og utover, heiter det i ei pressemelding frå EUs Webtoon-prosjekt. Resultatet av konkurransen blir utstilt på festivalen i Angoulême i januar 2024. Ein kjem til å utrope tre hovudvinnarar, sju finalistar og ein «Readers Choice Prize». Alle desse får pengepremiar; den største er på 15 000 euro. Etter Angoulême vil prosjektet jobbe med vidare utstilling og promotering av vinnarane i 2024, og sjå på moglegheiter for publiseringsavtalar med ulike plattformar og utgjevarar.

Frist for å komme med bidrag er 31. august, og vinnarane blir kunngjorde på Lucca Comics and Game Festival i November 2023. Norske borgarar som er minst 15 år, kan delta.

Konkurransereglar
Meir informasjon og påmelding

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *