Lyn frå klår himmel

Ein ekstra ny variant av ein tilfeldig superhelt er ikkje så engasjerande, uansett kven som spelar,  men ein skodespelar i ei klassisk superhelt-rolle vi kjenner att frå barndomen? Det er nostalgisk,  det er kult.

The Flash er endeleg her i eigen kinofilm. Planen var at den skulle kome direkte på hælane av filmen «Justice League» (2017) samen med ein kraftsatsing på mange andre DC superhelt-filmar. Kun The Flash og Aquaman 2 som er varsla på kino i desember står att av den kongstanken. Det hadde nok vore mykje enklare for studioet å berre avskrive desse filmane, som så mange andre frå Covid-perioden, men lovnaden har heile tida vore at desse filmane skulle vere så bra at dei berre måtte lagast ferdig. 

Store lovnader, altså.

Der har vore mange kontroversar kring både det filmatiske DC-universet og Ezra Miller som person, men viss de har kome her for å lese om filmen, så reknar eg med at det førstnemnte for dykk er sett til sides.

Seks år er gått sidan Barry Allen (Ezra Miller) , kjend som The Flash, vart rekruttert av Batman (Ben Affleck)  for å hjelpe til med å redde verda som ein del av Justice League, og ting har ikkje gått så bra. Han sliter med å få respekt frå sine kollegaer både som kriminaltekniker og superhelt. Og hans årelange kamp for å få far sin Henry (Ron Livingstone) ut av fengsel der han sit uskuldig dømd for mordet på Barry si mor, synast å gå mot eit endeleg tap.

Barry Allen forklarer saka si for Thomas Wayne (ja, Thomas Wayne, Bruces far) i Flashpoint #2

Sommarfugleffekten
Men Barry sin superfart gjer at han kan reise i tid. «Ikkje gjer det» , seier Batman, «den minste ting kan få katastrofale følger». Men kva om Barry berre endrar LITT på fortida? Ein veldig liten ting …

Dette var premissen for teikneserien «Flashpoint» av Geoff Johns og Andy Kubert. I den versjonen var årsaken eit mysterium, «Flash» vaknar opp og oppdagar at verda med eitt er endra på eit kritisk punkt i fortida, alle hans venar i Justice League er forandra, utan krefter eller forsvunne. I den nye verda så er undergangen nær.

Barry og Barry (Ezra Miller) ved Wayne Manor

Historia har tidlegare vore gjort til teiknefilm og, inspirerte nokre episodar av TV-Serien «The Flash» (2014-2023) med Grant Gustin i hovudrolla. Så det kjem godt med at dei har gjort ein del endringar som får historien til å framstå som fornya, med rom for uventa nye vrier. Mellom anna så er det her tydeleg frå starten at det er Barry sjølv som er ansvarleg for kaoset som oppstår.

Regissør og manusforfattar har med denne filmen tatt sjølve skjelettet og sentrale motivasjoner med seg frå «Flashpoint», men bygd resten rundt ein noko annleis hovudperson og eit anna utval av støttespelarar. Sjølv om ein kjenner att elementer av historia, er det såpass mykje nytt og overraskande at ein let seg rive med og overraske, sjølv om ein har både lese og sett tidlegare versjonar av hsitorien. Barry Allen må mellom anna på grunn av diverse forviklingar forhalde seg til ein annan og veldig annleis versjon av seg sjølv, i ein merkeleg vri på «Buddy Comedy» sjangeren.

Barry Allen forklarer saka si for Jay Garrick i Flash (vol. 1) #123

Multiverset igjen
«The Flash» er den typen Superhelt-film som brukar både tidsreiser og «Multiverset» som konsept. Berre ein av desse er vanlegvis nok, då kvart av desse konsepta kan verke forvirrande. Filmen gjer ein OK jobb med å prøve å forklare sitt blanda konsept for sjåarane, men det aller beste er om ein lar vere å tenkje for mykje på det, for det knakar litt. Enkelt sagt, så vil ei endring i tid ikkje berre endre alt etter inngrepet som i «Tilbake til Fremtiden» , men òg kunne endre ting FØR inngrepet på uant vis.

Dei fleste vil vel forbinde Multiverset med Marvel i det siste, då «Avengers: Infinity Gauntlet», «Doctor Strange: Multiverse of Madness», «Spider-Man: No Way Home» og «Loki» alle gjorde bruk av det. For ikkje å snakke om den drygt to veker gamle «Spider-Man: Across the Spider-Verse». Men i teikneseriesamanheng er det Flash som brakte dette inn i superhelt-seriane allereie i «Flash of Two Worlds» frå The Flash #123 (1961).

Supergirl (Sasha Calle)

Innan live-action er det såvidt eg veit TV-serien «Superboy» (1988-1992) som først introduserte multiverset for fullt i forhold til superheltar, med sesong 3. Men sidan den Salkind-produserte serien kun hadde rettar til Supermann-karakterer så var det kun andre versjonar av Superboy, Lex Luthor og Lana Lang vi fekk sjå.

TV-serien «The Flash» frå introduserte oss for DCs multivers i full skala.  Mellom anna brukte dei «Crisis on Infinite Earths»-historia, og sette standarden som andre følgjer. Der teikneseriane likar å lage sære nye variantar av eksisterande heltar i multivers-historier, så handlar det i film og TV mest om dei superheltane vi kjenner att frå film og TV (Sonys før nemnte «Spider-Verse»-filmar er eit viktig unnatak).  

Michael Keaton i ein velkjent rolle

Nostalgifaktor
Ein ekstra ny variant av ein tilfeldig superhelt er ikkje så engasjerande, uansett kven som spelar,  men ein skodespelar i ei klassisk superhelt-rolle vi kjenner att frå barndomen? Det er nostalgisk,  det er kult. Det er lett å forklare for folk. 

Difor får vi her, i tillegg til Barry Allen sine kompiser frå Justice League-filmen,gjestespel av Michael Keaton sin Batman  og Zod (Michael Shannon) frå filmen «Man of Steel» (2013),  og ein del andre mindre som sikkert er røpt på internett for lenge sidan, men eg ikkje skal røpe vidare her.  Michael Keaton viser at dei gamle framleis er eldst, som det heiter. For mange fans så vil filmen vere verdt det berre for å sjå kor mykje moro Keaton får ut av å spele Batman, samstundes som samspelet mellom Keaton og Miller er uventa brilliant.

Barry og Barry (Ezra Miller)

Filmskaparane blandar inn ein del variantar av ideer frå «Flashpoint» og frå filmar som folk vil kjenne att. Her er til og med ein del etablerte konsept frå teikneserien og TV-serien som eg ikkje trudde at dei ville ha funne plass til. 

Det er verdt å minne om at karakteren «The Flash» er unik i forhold til desse «multivers» filmane og TV-seriane på den måten at tidsreiser og multivers alltid har vore ein del av karakteren sitt faste repertoar, i alle fall sidan Barry Allen første gongen dukka opp i 1956.

Som dessverre vanleg er CGI-en noko merkeleg og svak i action-sekvensen på slutten, men det er ikkje nok til å øydeleggje filmen, i alle høve ikkje for meg. Vidare finst det nokre enkeltscener som er hekta på som fan-service, og som garantert var meint å vere applaus-augeblikk. men akkurat dei blir øydelagt av svak CGI, og kunne like gjerne vore utelatt.

For å besvare eit av dei vanlegaste spørsmåla med superheltfilmar, ja det er ein kort og morosam post-credit sekvens, men den er ikkje av typen ein ikkje kan gå glipp av.

Barry Allen (Ezra Miller) på Zods slagmark

Lett å dette av
I bunnen er «The Flash» ein enkel film. Litt som ein superhelt-versjon av «Tilbake til Fremtiden». Den er noko hesblesande til tider, men det passar til ein superhelt som skal vere lynrask, og passar til korleis Barry Allen vert framstilt. Teamet bak filmen får det til å fungere. Filmen har ei enkel kjenslemessig kjerne som dei introduserer i løpet av dei første 5-10 minutta, og trass i mange og kompliserte action-scener så mistar den ikkje denne enkle raude tråden av syne.

Filmen kan verke noko overlessa og forvirrande, spesielt i siste akt, men det synast å vere med vilje då det speglar attende på tematikken. Som nemnd så kunne det likevel med fordel ha blitt stramma inn.

«The Flash» er ein veldig god superhelt-film, men det er òg ein film som ein lett kan «dette av» viss ein let seg distrahere vekk frå Barry Allen sin hovudmotivasjon bak hendingane som setter alt i gong, så all «fan-servicen» (dvs: kule augeblikk for fansen) er det største problemet.

Er filmen verdt ventetida? Javisst, så lenge ein veit kva ein kan forvente. Filmen er ein høgoktan actionfilm med ein solid humor. Ein del av det er basert rundt at hovudpersonen er sosialt utilpass og at den «vanlege» verda difor for han framstår som noko ukomfortabel . Der er mange underhaldande scener med gamle favorittar og ein solid kjenslemessig raud tråd gjennom det heile.

Men ein bør vere førebudd.

The Flash
USA 2023
Regi: Andy Muschietti
Skodespelarar: Ezra Miller, Ron Livingston, Kiersey Clemons, Sasha Calle, Maribel Verdú, Ben Affleck, Michael Keaton
Speletid: 2 t. 23 min.
Aldersgrense::12 år

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *