Coveravsløring: Snakkebob

Snakkebob Kim Ng Tvedt

Tim Ng Tvedt er ein teiknar og formidlar på sida av det meste i norsk teikneserieliv. Når Serienett gir deg den aller første kikken på omslaget til hans neste bok, må ein rekne med at det blir noko litt spesielt

Med Forresten # 32 gjekk Tim Ng Tvedt frå den nærmast industrielle streken i debuten «Omrokering» til eit meir abstrakt og meta uttrykk som i alle fall på overflata er prega av kaos, men som ved nærmare undersøking følger eit slags mønster, og prøver å formidle ei reell mening. Hans «drodlerier» er det nærmaste norske teikneseriar i dag kjem moderne lyrikk.

Den fjerde trykksaka hans på Jippi Forlag har fått tittelen «Snakkebob». Denne reaksjonen er basert berre på kva eg kan tyde ut av omslaget på boka, kombinert med kjennskapen til tidlegare bøker:

Ein som er kjent med Tim Ng Tvedts formspråk kan kanskje gjette seg til, frå tittelen åleine, kva denne boka handlar om, nemleg snakkebobler brukt i metakontekst. For Ng Tvedt er snakkebobler ikkje berre forteljande tekstar, dei er minst like mykje illustrasjonar, delar av sjølve bildet.  Eller nokre gonger heile bildet, som vi ser av stripa på denne forsida. Det kan vere lett å straks trekke den konklusjonen at teikneseriane i «Snakkebob» utelukkande vil bestå av snakkebobler i ulike formar, en eg skal vere open for at serieskaparen kan komme til å overraske oss her. Uføreseielegheita er eit av Ng Tvedts viktigaste kjenneteikn.

Elles er det ikkje den abstrakte seriestripa som er mest påfallande, men heller det at tilsynelatande all praktisk informasjon som ein kunne vente at ei bok skulle innehalde, er trykt på omslaget: Tittel, eit sitat som set bokas tema i kontekst (for sikkerheits skuld tatt frå ein anerkjent fagmann på mediets semiotikk), redaksjonell faktaboks, forlagets logo, logoen til institusjonen som støtter utgjevinga, og strekkoden. Mesteparten av dette er ting ein vanlegvis ventar å finne bak på permen, og i innmaten.

Sjølv om det kan vere litt vanskeleg å sjå grunna mangelen på farge, både på omslaget og i bakgrunnen, er det mykje «luft» på forsida; stripe og all praktisk informasjon er sirleg klemt saman på midten av omslaget. Såleis er ei kjensle av minimalisme som også ofte kjenneteiknar Ng Tvedts seriar, behaldt. Ideen er i seg sjølv ganske meta, og heilt i tråd med både serieskaparens humor og hans generelle kunstnariske uttrykksform.

Koketteriet er gjennomført, og det gjer meg nysgjerrig på å sjå resten av designet. Er baksida heilt blank? Har innmaten nokon som helst redaksjonell tekst (inkludert tittel og teiknarens namn)? Står det noko på ryggen? Eg håper i grunnen at resten av designet er så minimalistisk som dette omslaget tyder på.

«Snakkebob» kjem ut på Jippi Forlag i slutten av oktober.

Les om dei føregåande bøkene til Tim Ng Tvedt:
Tegneserier
Uttrykk deg selv

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *