Coveravsløring: Lunas Tåre 2

Serienett vurderer forsida til Lunas tåre bok 2, «Mandumsprøven».

Dette er ikkje ein premiere. Serienett har allereie offentleggjort den aktuelle forsida her1, sjølv om den ennå ikkje er avbilda på heimesidene til nettbokhandlarane eller utgjevaren Überpress. Det er heller ikkje ei blind analyse, for eg har fått høve til å kikke på nokre sider frå innmaten i boka (og ein av rutene er brukt som forsidebilde). Det er berre ein førehandsrefleksjon over den kommande boka.

Bård Lilleøiens «Lunas Tåre» var ein av fjorårets nysatsingar frå Überpress, ein frittståande oppfølgjar til same Dadaph Serraph og eit forsøk på å skape ein delvis meir seriøs fantasy med breiare appell.

Først boka, «Over dal og berg», sluttar med at Rebekka, ei jente frå vår verd, og Perle. moglegvis dottera til Dadaph Serraph-skurken Daurond, flyktar frå byen Dalberg og frå den onde riddar Fendrick von Fandenskap.   

Bok nummer to, «Mandumsprøven», fortel deg dette frå omslaget:

Eg skal innrømme at det første som slo meg då eg såg dette omslaget var: Har Bård Lilleøien outsourca reinteikninga? Teiknaren sin karakteristisk stramme og kraftige strek, som eg kjenner godt ikkje berre frå «Over dal og berg», men også frå «Dumme sjøfugler» og «DiS», er lausare her. Sniktitten eg fekk på innmaten til «Mandumsprøven» stadfester tendensen. Det kan vere mange grunnar til at Bård har gjort desse endringane, og planen var eigentleg å spørje han om det i neste intervju, men eg synes ikkje godt eg kunne ignorere dette i ei analyse. Så då er den ballen sentra.

Når så mykje er sagt, har ”Mandumsprøven” ei informativ og velkomponert forside. Nedst ser vi Perle (midten), Rebekka (venstre side)  og ein førebels ikkje namngjeven orkegut (høgre side).  Vi befinner oss i ein skog, og Fendrick opptrer som eit overhengande trugsmål. Det skjelettaktige ridedyret hans er nytt, men det var vel ingen som venta at Fendrick skulle ri på noko mindre tøft enn det.

Orkeguten er også ny. Om eg ikkje fekk dette delvis spoila i den før nemnte sniktitten, hadde det likevel vore vere ganske lett å gjette seg til kva rolle han spelar. Han ser ut som ein utypisk representant for sin rase: Lubben, bebrilla og engsteleg, i kontrast til dei typiske stramme krigerske, muskuløse og fryktlause Warcraft-orkane. «Mandumsprøven» er openbert ein manndomsprøve som inneber å slåst, og som guten ikkje er klar for.    

Korfor han riv og slit i nettopp Rebekka, er mindre klart. Kanskje ho verkar mindre skummel for han enn dauingjenta Perle?

Lunas tåre bok 2, «Mandumsprøven» kjem i mars. Den blir moglegvis kunngjort med ein signeringsturné på Outland-butikkane, men det er ikkje stadfesta.

  1. Forsida som blir presentert i denne artikkelen, er minimalt endra i forhold til den tidlegare presenterte. ↩︎

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *