
Bård Lilleøien har store ambisjonar for Dadaph Serraphs utvida univers i Lunas Tåre bind 1 – «Over dal og berg». Etter litt startvanskar er han på god veg til å oppfylle dei.
Sagaen om Dadaph Serraph (SoDS), ofte berre kalla Dadaph Serraph, var eit slags gjennombrot for serieskapar Bård Lilleøien. Serien var ein humoristisk, tidvis kaotisk fantasy-serie full av populærkulturelle referansar. Den begynte som eit nettserie, men blei samla i fleire album før Lilleøien ga den opp i 2014.
Lunas Tåre er ein frittståande oppfølgjar sett i same universet, den føregår nokre år etter SoDS, og startar i Verdens Ende. Denne byen, som ligg ved…ja, det framgår av namnet, er befolka av daudingar, ein rase av «ghouls» som ikkje er daude, men som ser ut som skjelett. Ein sentral skikkelse i SoDS, Mort Daurond, var ein dauding, men det er ikkje han vi skal følgje nå.

Hovudpersonen i Lunas Tåre er Perle, ei ung daudingjente som keiar seg ved Verdens Ende, og saknar venner. Ho leser om ønskesteinane «Lunas Tåre» i ei bok, og på impuls og utan ein ordentleg plan, steler ho eit forheksa kosteskaft og dreg ut i verda for å finne Lunas Tåre. Ho krasjlandar ved byen Dalberg i landet Dumroth, der ho raskt får to venner – robotguten Frank og den gåtefulle omstreifaren Rebekka. Der møter ho også den onde riddaren Fendrick von Fandenskap, ein slags provisorisk politimeister og domar for Dalberg, som har eigne planar for Lunas Tåre.
Som teiknar og fargeleggjar har Bård Lilleøien perfeksjonert stilen sin. Eg var ganske imponert over djupna og dynamikken i bidraget hans frå Rakkan # 5, «Dumme sjøfugler». Og det var i svart-kvitt, så tenk deg same teknikkane med fargar. Til ei viss grad har han tilpassa seg tidas teikneserietrendar, og for dei få SoDS-puristane som måtte vere igjen, er nok dette litt for glatt. Men av utsjånad har denne serien meir nerve og personlegdom enn mange moderne norske fantasyseriar. Den grafisk konstruksjonen er utprega cinematisk, dei digitale fargane er utsøkte, og Lilleøien overgår dei fleste i formidling av patos og drama gjennom kropps- og ansiktsspråk.

Perle har fått eit søtt og umedelbart sjarmerande ytre, som ein moe med ein tilhøyrande naiv, men temperamentsfull personlegdom. Lilleøien innrømmer, i kommentarane bak i boka, at han jobba seg fram til ein utsjånad som var søt nok etter å ha tatt utgangspunkt i den klassiske dauding-designet frå SoDS. At det gjer serien meir estetisk behageleg, kan eg skrive under på. Det hjelper sikkert også på appellen at ho kan minne om hovudpersonen i Miyazakis «Kikis Budservice», kosteskaft, stor hårsløyfe og det heile.
Om det visuelle er perfeksjonert i «Over dal og berg», er historia meir av eit arbeid i utvikling. Dei første ca. 50 sidene er som Perles plan, innfallsbasert, forhasta, og rotete. Lilleøien har gjort mykje for å tilpasse sitt SoDS-univers til eit moderne format, men her er det nok arva frå «moderserien» som heng igjen. Ettersom historia gradvis tør å ta seg sjølv meir alvorleg, blir ikkje berre serien betre, men humoren, som alltid er der, blir meir slagferdig.

I eit intervju med Bård Lilleøien nyleg antyda han at Lunas Tåre kanskje treffer litt mellom to stolar. Han kan ha eit poeng der, men det treng ikkje vere eit problem. Eg vil ikkje at serien skal vere like parodisk og satirisk som SideQuest, eller like ta seg sjølv like alvorleg som ein typisk nordisk manga-serie. Humoren blir ikkje berre meir slagerdig ettersom historia utviklar seg, men også betre integrert. Innan handlinga er kome til den sentrale avrettingsscena, er det ikkje nokon konflikt mellom Lilleøiens (bokstavelege) galgenhumor og det reelle dramaet i situasjonen.
Vendepunktet er skurken. Fendrick von Fandenskap er eit veldig Dadaph Serraph namn, og ja, han er like mykje Darth Vader som han ser ut til, men til liks med sjølve teikneserien er han meir enn ein parodi. I ei lett absurd verd der ikkje alt heng saman, er han ein overlord-arketype som det er mogleg å ta seriøst. Og då begynner «Lunas Tåre» å bli litt interessant. Fendrick har ein eigen tale- og veremåte som er nådelaus, men stoisk, uaffisert og fåmælt, i kontrast til dei fleste andre karakterane i serien. Utypisk og forfriskande nok er ikkje autoriteten hans suveren (tilsynelatande); ordføraren i Dalberg prøver å motseie han fleire gonger. Helten er berre så bra som skurken sin, heiter det, og i norsk samanheng har det sjeldan vore så godt eksemplifisert som i «Lunas Tåre».

Ikkje at heltane er ikkje så dumme, dei heller. Perle sine ytre og indre kvalitetar er alt nemnt. Tredje «mvp» i serien er Rebekka, som eg ikkje skal snakke for mykje om, ettersom det meste ved henne er ein spoiler, men ho er den karakteren som meir enn nokon andre får fram Lilleøiens sans for det dramatiske gjennom utsjånad og kroppsspråk. Fjerdemann, robotguten Frank, var eg først ganske skeptisk til, kanskje fordi eg syntest det blei litt for mykje sci-fi i ei fantasysetting, men ved ei ny gjennomlesing ser eg han meir som ein naturleg del av historia. Dessutan står han for eit par gode vitsar og karaktermoment.
Som dei fleste norske serieskaparar i fantasysegmentet, er Både Lilleøien oppteke av å forvisse lesaren om at soga held fram. Boka blir avrunda med ein cliffhanger, rett nok etter at dette første kapittelet har fått naturleg konklusjon, og i alle fall ein av plottrådane er nausta opp. Soga om Lunas Tåre har fått ein ryddig intrige som lovar bra for fortsetjinga. Skjønt, det er takka vere karakterane og Lilleøiens smidig utførte, nær sublime illustrasjonar at eg allereie gleder meg til neste bind av «Lunas Tåre».

Lunas Tåre 1 – Over dal og berg
Av Bård Lilleøien
144 sider
349 kr.
ÜberPress
Les også:
Daudingene går igjen