Dette kjem i 2026

Nye teikneseriar er på veg. 2026 byr på vidare fantasy-krig mellom TNT og Egmont, med streifskot frå Gyldendal og Vigmostad & Bjørke. Og på ender, ender, åh så mykje ender!


10.1: Oppdatert med informasjon frå Torbjørn Lien og Bris Forlag.

Januar
TNT går offensivt ut med tre bestselgande titlar denne vinteren. Første er Nordlys 8 – Reisen til Røros av Malin Falch og Drageviking 2 av Odin Helgheim. Så korleis møter Egmont denne konkurransen? Ganske offensivt dei også, med sin fjerde heilt nye nordisk manga-tittel sidan Tonje og Tormod slutta, Owin Undring – Skyggevenn (sjå også forsidebilete) av Marthe Øiaas Thomassen, ein ny og tilsynelatande ganske ambisiøs fantasy som du kan ta ein kikk på her. Dessutan er Soluna framleis på “gamleforlaget”, og bind 2, Løgnene av Camilla Dahlstrøm, kjem i andre halvdelen av januar.

Ein annan heilt nye nordisk-manga-tittel frå Egmont, «Lykkens helligdom» er derimot utsett til i haust.

Vidare kjem Fontini med tredje boka i Portalen-serien av Daniel Lieske En farlig reise. Vigmostad & Bjørke kjem med tredje bindet av Hybridserien Familiaris – Mørketid av Monika Steinholm og Tonje-Mari Clausen. Og den andre Elly & Gustav-boka, Minneskogen av Ludovic Villain og Céline Deregnaucourt, kjem ut på Solum Bokvennen denne veka. Bris Forlag kjem med andre bindet av Wings of Fire – Den tapte arving av Tui T. Sutherland og Mike Holmes.

Strand kjem med niande Storefri-samlinga. Denne har fått tittelen Ni garder og regn. Torbjørn Line (Lienstreker) gir ut Kollektivet #7 som e-bok.

Elles frå Egmont: Norsk Donald bok 17 . Markens grøde, Disneys ikoner bok 3, Donald Duck & Co Klassiske årganger – 1985 del V, Norge rundt med Donald – Oljenasjonen, Donald Sesongpocket – Vinter, Postkort fra Donald – Italia, Billy Ekstra 1, Unge Tex Willer 31, Maxi Tex 105.

Manga: Pokémon-eventyrene 21 – Ruby & Sapphire del 7 av Hidenori Kusaka og Satoshi Yamamoto og Silhuett av en stemme 7 (finale) av Yoshitoki Ōima (begge Outland).

Februar
Fontini kan by på meir ny omsett fantasy denne vinteren med Saga og tåkedragen av Jérôme Pélissier og Carine Hinder. Überpress held fram med nokre av sine påbegynte seriar, og starter med Sort lam – Bok 2, av Oliver Levang.

Strand kjem med ny utgåve av Pondus – Sju lange og sju breie av Frode Øverli og med nytt Hjalmar-album, Ringenes kjære av Nils Axle Kanten,

Knut Nærum og Karstein Volles science-fiction Svanger er forseinka frå i haust, men kjem på Cappelen Damm denne månaden. Frå same forlaget kjem Blodøks – Sagaen om Gunnhild Kongemor av Aleksander Kirkwood Brown og Andreas K. Iversen.

Manga:  One Piece 16: den nedarvede vilje av Eiichiro Oda og Dragon Ball Super 16 av Akira Toriyama og Toyotarō (begge Outland)

Elles frå Egmont: Donald temapocket – Dinosaurene lever!, Donald Duck & Co Klassiske årganger – 1985 del VI, Tex Willer i Farger 82.

Spesialboka Krüger & Krogh – Kunsten bak serien, som ble annonsert i haust, kjem enten i februar eller mars frå Strand.

Mars
Fontini gir ut andre bindet i Saga-serien. Saga i åndenes skog, nøyaktig ein månad etter første bindet. Mikael Noguchi er aktuell med ein adapsjon av Tante Ulrikkes vei etter Zeshan Shakars roman. Denne kjem frå Gyldendal. Edelmot 4 av Odin Helgheim kjem på TNT. Überpress gir ut Lunas tåre bok 2: -Mandumsprøven av Bård Lilleøien. Kagge er allereie oppe i bind 11 av Håndbok for Superhelter – Superskurker av Elias og Agnes Våhlund.

Vigmostad & Bjørke satsar på ein ny norsk sci-fi-teikneserie med Enemy invasion – Bare et spill skrive av Steffen Sørum, og teikna av Mikael Noguchi (jepp, han er aktuell med to nye bøker på ein månad) og Håvard S. Johansen. Som du kanskje skjønner av tittelen er dette ikkje berre eit spel. Same forlaget gir vidare ut Bunny vs Monkey 5 av Jamie Smart denne månaden. bris Forlag kjem med meir ungdomsfantasy – Animox av Aimée Carter

Nytt Lucky Luke-album kjem også i mars, denne gongen med eit kanskje ikkje heilt sesongtilpassa Oktoberfest-tema i Kamerat Cowby (Egmont) av Achdé og Jul.

Leeds United FC har rykka opp til Premier League, og Strand ærer dei derfor med ei Pondus-temabok, Jokke – Dirty Leeds. Det kjem også ei ny Lunch-temabok, Den lille boka om kolleger av varierende kvalitet. Drabant komplett av Øvyind Holen & Mikael Noguchi (tredje gongen på ein månad!) kjem dessutan som pocketbok.

Men alt dette er eigentleg rutine for Strand. Ein publikasjon som ikkje er rutine i same grad, er Ørn av Jeppe Sandholt. Denne danske barneserien blir av forlaget omtala som «en super-lettlest murstein på 842 sider». Nordisk Råd beskriver den som «en hyllest til fantasien i alle dens komplekse avskygninger.» For boka blei nemleg nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2025

Elles frå Egmont: Postkort fra Donald – Frankrike, Norge rundt med Donald – Gøy på landet, Donald sesongpocket – Påske, Donald Duck & Co Klassiske årganger – 1985 del VII, Billy Ekstra 2, Tex Willer Gigantbok 15, Unge Tex Willer 32.

April
Den mest etterlengta boka i april er nok Jenter: Bare oss to (TNT) av Catherine Sandmæl, oppfølgjaren til den første boka, som berre heitte «Jenter», og som skaffa Sandmæl Dina Norlunds debutantpris i fjor. Månadens andre viktige nyheit ser ut til bli Når mørket senker seg – Lisou av Marion Achard og Toni Galmés, ein ny frankofon import frå Qlturrebus. Akkurat som den førre teikneserien frå samme forlaget, «Motstandsbarna», er denne lagt til okkupasjonen av Frankrike under 2. verdskrigen.

Apropos Motstandsbarna så kjem same forlaget med bind 9 av den serien, Lykkens dager, i april. 

Øyvind Holen, teikneseriejournalist og forfattar av «Donald-landet» (det siste er ikkje minst relevant her) har skrive Historien om Pyton, ei kulturhistorisk sakprosabok om røplebladet Pyton (1986-1996). Med “Litteratur i Andeby” friskt i minne blir dette ei ny fin anledning til å serienerde på akademisk nivå. Denne kjem frå Strand, som også gir ut den første samlinga med Oisann! av Marius Stene i april. Oisann! går fast i bladet Storefri. 

Dessutan: Chanta bok 3, av K.L. Kølleskov (Überpress) og  Lightfall 4 – Landet midt mellom av Tim Probert (Fontini)

Elles frå Egmont: Norsk Donald 18 – Nasjonalgalleriet, Disneys ikoner 4, Maxi Tex 106

Mai
Illustratør Marion Bråthen debuterer som serieskapar og auteur med ei ny norsk fantasy-satsing frå Gyldendal, Trollbundet, den 5. mai. I følgje forlaget kombinerer serien nordisk folketro med «saftig high-school-drama».

Vårens store kulturinnslag blant teikneseriar blir moglegvis den teikna biografien om Dostojevskij av Chantal van den Heuvel og Henrik Kim Rehr. Strand gir ut denne pluss Pondus – Eliteserien 27 av Frode Øverli. TNT gir ut Ville poter 4 av Victor Nordahl.

Ein gong på våren håper No Comprendo Press å endeleg få gitt ut Nordkapp-Lindesnes av Anders N. Kvammen, men det er ennå ikkje spesifisert når. Heller ikkje spesifisert er publikasjonstid for Mor fant meg (TNT) ein sjølvbiografi om å oppdage røtene sine, skrive av det koreanskfødde adopsjonsbarnet Eva Sørlie, og teikna av Stein Arne Hove.

Elles frå Egmont: Donald Duck & Co Klassiske årganger – 1986 del I, Norge rundt med Donald – [tittel ikkje bestemt], Andepocket – Uflakskongen, Tex Willer i Farger 84.

Juni:
Strand gir ut to samlingar, Intet nytt fra sommerfronten av Therese G. Eide og Rutetid 8 – Helt der ute av Frode Øverli. Therese kan, i tillegg til dei vanlege stripene, love ei ny historie i si sommarbok. Torbjørn Lien (Lienstreker) gir ut Blacktööth Quest (trykt utgåve) ein gong i sommar.

Elles frå Egmont: Donald sesongpocket – Sommer, Donald Duck & Co Klassiske årganger – 1986 del II, Postkort fra Donald – Spania, Donald svømmepocket, Donald VM-spesial, Billy Ekstra 3, Maxi Tex 107, Tex Willer Gigantbok 16.

Juli
Vanlegvis er juli den treigaste månaden, men Egmont har i år valt å lansere to fransk-belgiske album då: Sprint 65 – Skatten i San Inferno av Lewis Trondheim og Fabrice Tarrin og Lucky Luke 86 – Dakota 1880 av Appollo og Bruno.

Elles frå Egmont: Norsk Donald – Film og TV, Disneys ikoner 5,, Unge Tex Willer 33. Tex Willer i Farger 85.

Med førehald om endringar og tillegg. Lista dekker ikkje periodika, inkludert vanlege Donald Pocket.



Kjelder:
Egmont, Strand , TNT, Überpress og No Comprendo Press, Lienstreker, Bris: Informasjon direkte frå forlaget eller frå serieskapar.
Outland, Fontini, Cappelen Damm, Kagge, Gyldendal: ark.no
Qlturrebus: Forlagets facebook-side   

1 tanke om “Dette kjem i 2026

  1. Jeg ble ikke spurt, men i månedsskiftet januar februar kommer Kollektivet #7 som e-bok, og innen juni starter forhåndssalget av den norske papirutgaven av Blacktööth Quest. Så da vert dere det 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *