Ein kontigent frå seriX/Serienett var på Stockholm Internationella Seriefestival (SIS) i mai i år. Ein av deltakarane, Knut Robert Knutsen ha levert ein uhøgtideleg, delvis teikna rapport derifrå.
Mitt namn er Knut Robert Knutsen, og 24-26 Mai 2024 var eg og min medsamansvorne Arild Wærness gjestar på Stockholm Internationella Seriefestival (Sis24) saman med Serienett sin utskremte reporter (og redaktør) Trond Sätre.
Eg og Arild skulle ha to foredrag, eit om vårt arbeid , med teiknar og medforfattar Mike Collins på serien «Masks of the Phantom» som no var kome ut på svensk og eit foredrag om svenske og norske serier, der vi fekk god hjelp av Jonas Darnell og Jonas Svensson.
På heimvegen så kom vi på tanken om at eg skulle teikne ein festivalrapport, sidan det er litt i vinden.
Dessverre var ambisjonane mine større enn arbeidsevna, og eg hadde ikkje overskot til å teikne ut alle dei lett humoristiske situasjonane vi vurderte å få plass til.
Dels fri diktning og dels autentisk.
Det eg kan seie er at vi hadde det veldig kjekt, alle vi støtte på var særs hyggelege og der var så veldig mykje fint der, i spennet mellom amatørar og profesjonelle.
Eg har ikkje fått med namn på alle som er teikna inn og eg beklagar om nokon ikkje likar korleis dei er blitt teikna.
Knut – Florø – Juni 2024
Teikneseriefangsten
Takk til :
Andreas Eriksson
Ola Hallsten
Jonas Darnell
Jonas Svensson
Trond Sätre
Kristian Hellesund
Øystein Nordvik
Arild Wærness
May Vik Medås
Special Thanks to Mike Collins
And a tip of the hat to Eoin McAuley
Og ganske mange andre som eg ikkje fekk med meg namnet på.