Kreativiteten blomstrar i Sogn

Eg blei imponert og forbausa over kor produktive dei var, seier mangaskaparen Hiwar Nehli etter å ha besøkt SognaCon sist helg.

Fotografier av Trond Sätre

Første SognaCon blei arrangert på Sogndal Kulturhus sist helg. Festivalen omfatta eigentleg alt som ein litt forenkla kan kalle «nerdekultur», t.d. analoge og digitale spel, cosplay og manga.

Kurdisk-norske Hiwar Nehli skaffa seg eit namn med «Mantikornes Kongerike», ein humor/fantasyserie i stil med Eiichiro Odas «One Piece» Han blir den første teiknaren frå Rakkan som får eiga bok på Outland Forlag, neste månad. Då held han fram med «Mantikorens Kongerike». Til dagleg jobbar han på Bjerkely Folkehøgskule.

-Eg synes det er veldig kult at ein har SognaCon, seier Hiwar. -Og at det er så mange her, at det er interesse for disse tematikkane her.

Interessa for å teikne manga fann han fleire stader i Sogn. Før han kom til SognaCon, heldt han ein to dagars workshop for Bokbyen i Fjærland, like nordvest for Sogndal sentrum. Det er utanfor sesongen, men den vesle bygda med dei mange bruktbokutsala har i fleire år satsa på eit utvida kulturtilbod.

Hiwar Nehli held teiknekurs i kunstgalleriet på Sogndal Kulturhus

-Dei kom godt i gang, seier Hiwar om fjærlendingane. Deltakarane laga idear og figurar til ei manga-forteljing, og starten på ein teikneserie, og mange avslutta kurset med grovskisser dei kunne halde fram med heime. Workshopen var fullbooka. Den var avgrensa til ti deltakarar, noko som kanskje høyrest lite ut, men Fjærland har 300 innbyggarar, alt i alt.

Under SognaCon heldt han eit føredrag om «norsk manga» i storsalen på kulturhuset, tidleg på ettermiddagen. Her snakka like mykje om japanske manga som norsk, om begrep som tankōbon, kodomomuke og shonen/shoujo. Han fortalde om kor heldig han var som hadde Rakkan (i alle fall ei lita stund), for å kunne få innpass gjennom noko tilsvarande det japanske magasinformatet. Og han fortalde om korleis ein manga blir til gjennom eigne teknikkar for rørsle. snakkebobler og forteljarboksar, og bruk av skravering. -Å teikne er som arkeologi, meiner han, – Du ser det ikkje før du har sett det saman bit for bit.

I tillegg heldt han teiknekurs på kulturhuset, både før og etter foredraget. Også det var fullbooka, med 20 deltakarar i kvar runde. -Eg var eigentleg nervøs for at det ikkje skulle vere nok tid, fortel han. -For det er så mye å gå gjennom, Men alle som var der lagde ferdig ein figur, og mange av dei kom også i gong med å lage i alle fall ei side. Eigentleg er det litt utruleg å sjå kor mykje engasjement det er for å lage teikneseriar her. Eg blei imponert og forbausa over kor produktive dei var.

Les også:
SognaCon i bilder

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *