Den fullførte skissas kunst

«24 Hour Comics Challenge» for Oslo og omegn blei som vanleg arrangert like før OCX, og prompte trykka opp. I år har Serienett sett på alle bidraga.

24 Hour Comics Challenge (heretter berre kalla for 24t, som er den forkortinga arrangementsleiar Are Edvardsen sjølv har brukt i nokre tilfelle) er ein årviss tradisjon i mange byar med eit teikneseriemiljø, og går ut på at serieskaparar, amatørar og profesjonelle, får høve til å delta i ein 24 timar lang workshop der målet er å produsere kvart sitt 24 siders fanzine, eller teikneseriehefte. Føresetnaden er at alle må opphalde seg i same rommet medan dei jobbar, og at ein må teikne heftet frå botnen.

Are Edvardsen leier to slike arrangement i året, eit i Osloområdet forut for OCX, når det enn måtte vere, og eit i Bergen på hausten. Resultatet av førstnemnte økt blir alltid trykt opp og seld som individuelle fanziner på OCX. Nytt av året var at 24t-økta ble heldt i Lillestrøm, og ikkje var ein offisiell del av OCX, men trykking og sal blei gjennomført som vanleg.

I år gir Serienett ei vurdering av alle hefta. Interesserte kan kjøpe dei individuelle fanzinene frå serieskaparane ved å kontakte dei på sosiale media – Følg lenkene i namna deira (der desse var mogeleg å finne).

Årets 24t for Osloområdet er sponsa av Strand Forlag, Überpress, Lillestrøm-bibliotekene og Tronsmo.

F  – I fargar
AF – I avgrensa fargar
SK – I svart-kvitt


Burning Bright
Av Liana Hennum Aas
F/engelsk

Liana, som er eit heilt nytt kjennskap for meg, gjer eit greitt fyrsteinntrykk. Ho leverer ei innhaldsrik historie med jamn og nett strek, og med fargar gjennom heile heftet. Premissen og plottet består av diverse Disney/manga-klisjear: Prinsesse som finner verkelege venner blant folket, litt magi, og litt hinta og uskuldiggjort yuri-romantikk (vel, det siste var ein Disney-klisjé også, inntil nyleg). Inga overraskingar, men godt handverk.



I Limbo
Av Elena You
SK/ordlaus

«Et mislykkes 24-timers tegneserieprosjekt» er undertittelen på dette heftet, ei erkjenning av at ho ganske enkelt ikkje rakk å få den ferdig. Mesteparten er på skissestadiet. Eiga fanzine fekk ho likevel; 24t er ein egalitær form for teikneserie-«sport»

«For ekstra moro, fyll ut snakkeboblene selv og fargelegg sidene!» skriv ho på baksida. Godt forsøk.

Eg klandrar henne ikkje for at ho ikkje rakk å gjere det ferdig, men eg klandrar henne for at ho ikkje skreiv inn dialogen, i det minste. Historia handlar, så vidt eg kan oppfatte, om nokre venninner som skal sjå på eit meteorregn. Eller noko liknande., På plussida så kom Elena ganske langt med skissene her og der, og ho ser ut til å ha god og rutinert manga-stil.


Min bestemor vil ikkje bæsje med Putin
Av Nina Gudim (ikkje signert)
F/norsk

Bak ein tilsynelatande improvisert tittel valt for å vekke nysgjerrigheit, gøymer det seg ei samling med inntrykk frå krigen i Ukraina og korleis den blir sett frå Russland, basert på reelle samtalar. Rammeforteljinga er Gudim (eller ein av dei ho har intervjua) si bestemor og erfaringane hennar med å bli tvangsflytta frå Ukraina til Russland under Sovjettida. Tittelen viser seg også å ha ei direkte samanheng med teksten.   

Tema er for stort for ei fanzine, men dei mange inntrykka som vi rekker å få, er sterke og tankevekkande. Den delvis figurative og delvis abstrakte grafiske presentasjonen er sinnrike og variert.


Den eldre pasienten
Av Nikolai Haugå Halvorsen (ikkje signert)
AF/norsk

Heftet består to historier, begge melankolske og mellommenneskelege, trykka frå kvar si side av permen. Forteljingane er tettpakka, kor korte dei enn er nøydde til å vere, og tekstane er velformulerte. Teikningane er uferdige, men før nemnte Elena You kunne lære frå denne teiknaren sitt eksempel.  Haugå Halvorsen maskerer skissene sine ikkje berre med å fokusere på teksten, men også ved å vektlegge detaljar, særleg ansiktsuttrykk, i skissene, og med utvalde fargemotiv.


Ikaros
Av Aiden Østby Johansen
SK/norsk

Ei attforteljing av det greske segnet om Ikaros, utan subversjonar eller nemneverdige utbroderingar. Grafisk kompetent tolking i fin og kraftfull strek. Og meir er det eigentleg ikkje å seie. 


Hodet over vann
Av Vibeke Ihlen Selnes
AF/norsk

Ein lett absurd forteljing om ei ung kvinne som opplever at fiskane snakkar til henne, og prøver å gi henne velmeinte, men anmassande råd, mens ho fiskar. Og det berre eskalerer derifrå. Genuint morosam ide, endå betre utført, og med ein jamn og konsis strek som ser profesjonell ut.  Frå ei heilskapsvurdering veit eg ikkje om det er rett å kalle det for årets beste 24t-fanzine, men i tillegg til «Den søte døden» (sjå lenger nede) var det denne som underhalda meg mest.   


Indiana Mod og flukten fra den rullende stein!
Av Bård Lilleøien
F/pokemon-språk

Indiana Jones-parodi der poenget er at Indy-versjonen av Lilleøiens mod/dumme sjøfugl ikkje kan bli kvitt den hersens steinen, same kva. Det er den vanlege greia, rein slapstick som ikkje morer meg noko vidare, men godt driv. Strek og fargar er klare og reine. Som Bård veit, liker eg ikkje desse vesena, men eg synes dei er lettare å tolerere nå som dei er ein del av den mykje morosamare «Dumme sjøfugler»-serien hans i Rakkan og Kibo. MOD!


Min søvnparalysedemon
Av Vivian Nguyen
SK/ordlaus

Vivian Nguyen er allereie rimeleg godt kjent for sine fine, lågmælte grøssarhistorier, og denne vesle saken gjer ikkje skam på merittlista hennar. Teknikkane hennar innan bruk av skuggelegging, gråtonar og skravering blir nytta til fulle, og skapar eit tilfredsstillande heilskapsinntrykk. Vivian er i sitt ess her, og formatet ser ut til å passe henne.


Har det på tunga
Av Jone Skjærpe
SK/ordlaus (bortsett frå gateskilt)

Typisk halvsurrealistisk sak; eit dyrevesen vandrar gjennom Oslo, før hen dragast mot havet og kanskje finne det hen manglar der. Eller ikkje. Første og fremst ei studie i korleis du kan få visualisert mykje og tydeleggjere det, sjølv med ein veldig enkel, flat og snirklete strek. Det tyder på bra kunstnarisk forståing, og inspirasjonen frå Munch er mogeleg å sjå i meir enn berre den eine allusjonen på side 3.    


Emma og Emma og partikkelakseleratoren
Av S.I.Sørli
SK/norsk

Eit hefte som går på tvers av alle 24t-klisjear. Inga tausheit, inga dveling, ingen visuell poesi, og ingen enkelt samanfatta ide, men ei ganske ambisiøs science-fiction-novelle med tett handling, teikna i ein praktisk, semi-realistisk stil. At dialogen ser maskinskrive ut, og er i stygge bobler, får vi heller tole, for resten ser ut som det har tatt lang nok tid


En natt
Av Tezz O’Pink
SK/norsk

Endå ein teiknar som har utvikla ein metode for å få skisser til å sjå ut som ein ganske ferdig teikneserie på 24 timar. Historia er ein banal og ganske uskuldig succubus-romanse, som Tezz gir den nødvendige, minimalistiske elegansen.


Det sorte lyset
Av Thomas Ryden Klingenberg
SK/norsk

Ein slags fantasy-parodi på teiknefilmklassikaren «Gutten og jernkjempen», med nokre vriar og ein velteikna action-scene. Historia sprikar, men med ein spenstig strek som verkar like inspirert av superheltseriar som av Tommy & Tigern, er Thomas ein serieskapar som kan bli til noko. 


24 days of teeth brushing
Av Laura Valencia
AF/engelsk

Eit ungt foreldrepar prøver å få den eittårige dottera deira til å godta tannpuss. Det er alt, men teiknaren får ganske mykje ut av det. Ho teiknar i ein tjukk blå strek mot kvit bakgrunn, og bruker blåfargen omhyggeleg for å gi serien volum, i alle fall reint grafisk,. Konseptuelt kunne dette blitt ei bra bildebok, Valencia har den rette stilen til det.


Tanker
Av Sk1ds
F/norsk

Når du lagar ein teikneserie som berre heiter «Tanker», og den er konstruert rundt nettopp det eg vil tru er serieskaperan sine eigne tankar, bør hen helst ha noko interessant å backe det opp med som teiknar. Sjølv om Sk1ds gjer dei to siste sidene til «teikn sjølv», reddar hen inntrykket. Klare linjer og fargar gjer «Tankar» til behageleg lesing, og variasjonen i uttrykker hindrar lesaren i å kjede seg.


Den søte døden
Av Linn Catherin Hansen
AF/norsk

Ein «Dungeons and Dragons»-parodi med mykje av det same subversive narrativet og den sære humoren som i «Jasper ødelegger alt». Men til sjuande og sist er historia like mykje søt som sær, og fungerer som ei bortimot seriøs fantasy-novelle. Så profesjonelt som ein kunne vente frå ein lovande bokdebutant (igjen, sjå «Jasper ødelegger alt») som Linn Catherin


Lillian triller terning
Av Jofrid S.Ø. (Sandgren Østenstad)
AF/norsk

Endå ein serie med «Dungeons and Dragons»-tematikk, men denne gongen frå den verkelege verdas perspektiv. Ei elleveårig jente blir med broren og vennene hans på RPG. Ho blir forelska i ein av vennene, så skjer det og det og historia er i det heile tatt litt rotete, men får ein slags fungerande slutt. Dei karakteristiske teikningane til Jofrid er, i tråd med historia, handlingsmetta og ekspressive, men vil kanskje litt mykje i forhold til den tilmålte plassen.  


Skal jeg bli en…krigsgudinne?
Av Alf Christian Saasen
F/norsk

Ein slags ung guddom blir sendt til jorda for å bli krigsgudinne. Først trudde eg at Saasen hadde det motsette problemet av det ovanfor nemnte heftet, at han tok seg for god tid. I dei vanlege albuma sine bruker han ofte ei stund på å komme til poenget. Men Saasen har ein veldig klar ide om kor han vil med denne. Ein kunne kanskje kalle teikneserien for ein fan-teori, og eg skal sjølvsagt ikkje spoile den. Poenget er uansett bra og utføringa likeså. 

Finn alle saker om 24t her

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *