Snakke julehefter 2024

Arild Wærness og Knut Robert Knutsen har også i år lest, og drøfta, så mange julehefte som mogeleg.

Opptaka er for det meste gjort under og like etter BTT, og panelet snakka seg såpass varme at vi, akkurat som i fjor, har valt å dele samtalane inn i fleire kategoriar – To breie, og ein meir spesifikk.

Kollektivet

Den 1 – Den siste Stomperud?

Arild og Knut lar Håkon Aasnes få begynne, og går vidare til moderne norske titlar, inkludert Torbjørn Liens crowdfunding av årets Kollektivet-hefte. Stomperud blir også via litt ekstra merksemd, for dette kan bli det siste heftet med nytt materiale. Men det er Knut Berg-trilogien til Øyvind Lauvdahl som får breiast omtale.

Del 2 – Papiret har ikkje gått opp med ti kroner!

I «Jul på 80-tallet» kan du vinne ein Philips kassettopptakar som kan ta opp heile 30 minutt med samanhengande lyd! Meir treng ikkje Arild og Knut for å gå gjennom årets Disney-julehefte, inkludert Fant («Må vi?») og Askepott. Den uoffisielle julepocketen «Julemagi» for heiderleg omtale, men Arild Midthuns Donald er eit høgdepunkt i år igjen.

Vangsgutane

Del 3 – Berre her for Månestråle

I siste delen av årets julehefte-podkast tek Arild og Knut for seg…eigentleg alt som ikkje er norsk eller Disney, og då er det likavel litt igjen.

Vi startar med Sølvpilen og held fram med dei amerikanske veteranane, er innom Pusur, Tom & Jerry, Asterix, Donalds Glade Jul (okay, det er også mest norsk), Mummidalen og Hercule Poirot. Og mellom desse blei det tid til å drøfte Vangsgutane, som blei liggande igjen frå bunken med gode, gamle norske.

Tilleggopplysing: Den Asterix-førelesinga som panelet snakkar var Heiner Lünstedts presentasjon av tyske teikneseriars historie på fredag 15. november under BTT, der han mellom anna snakka om Rolf Kaukas semi-nazistiske omsetjing av Asterix til tysk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *