Ole og Jennys greenest hits

20 greier kan vi vel alle legge seg på hjartet om miljøvern. Ole Mathismoen og Jenny Jordahl gir oss grønne greier om igjen,  

Sidan 2016 har serieskapar Jenny Jordahl og miljøjournalist Ole Mathismoen stått for noko av det finaste arbeidet innan norsk miljøpedagogikk med teikneserien «Grønne Greier» i Aftenposten Junior. Som trygge og veltalande barne-tv-vertar føredreg dei om natur og miljø ute i felten kva veke, i avatarform i sin eigen teikneserie.

Fleire gonger har serien kome ut i bokform. Dette nyaste bindet har fått tittelen «20 greier du bør vite om miljøvern».

Prosjektet sin suksess kan tilskrivast Jenny Jordahls lekne og fantasifulle strek kombinert med ønsket om å lære barn konkrete og essensielle fakta om natur og miljø. Seriens humor kjem mykje frå reine og bevisst harmlause pappavitsar som ikkje tek merksemda vekk frå vekas leksjon.  Jenny har nok erfaring og kreativitet til å legge inn små detaljer som gjer det lettare å følgje med. Antropomoriseirng av naturen er eit vanleg, men ikkje overdrive grep, og teiknaren nytter det særleg om plantar og naturkrefter  I den aktuelle boka har t.d. smeltande isbrear fått ansikt, og i ein passasje om framande (uønska) arter er ein av desse artene – sitkagran – teikna med store skumle auge som ser trugande på ei norsk gran.    

Sjølv noko så enkelt og lett stilisert som at avtarane berre unntaksvis har pupillar, eller at Jennys avatar er kritkvit mens Oles har ein frisk lyserosa hudfarge, er trekk som hjelper til med å feste lesarens blikk.

Serien er tidlegare samla i bokform som dei meir omfangsrike «Grønne greier – Om natur og miljø og sånt» (2018) og «Ville greier – Om dyr og natur og sånt» (2020). «20 greier du bør vite om miljøvern» resirkulerer materiale (passande nok) frå dei to førstnemnte – Enklare, kortare, billigare meir komprimert, og i eit meir hendig (redusert) format. Kanskje i håp om å få seld «20 greier» som skulesett? Noko som kunne ha vore ein god måte å få omsetjing på denne boka.

Uansett så gjer dette også «20 greier» til den beste staden å starte, dersom du ikkje har lest serien før.

I praksis er nesten 300 teikneseriesider redusert til knapt 50, så knallhard redigering må ligge bak. Breidda er framleis stor, sjølv om nokre konstant dagsaktuelle tema sjølvsagt blir vigd mykje plass. Å unngå politisering er tydeleg viktig for serieskaparane. Boka (eller dei klimainnslaga som boka har med) formidlar sjølvsagt den bodskapen at menneskeskapte klimaendringar er reelle, og eit problem, men nøyer seg med å legge fram nokre enkle vitskaplege bevis utan å melodrama, og utan å moralisere stort utover at «Hver enkelt av oss har et bitte lite ansvar». Boka blir avrunda med det eg vil tru er uproblematiske, sentrale  konklusjonar om kva «bærekraft» og «grønt skifte» innebærer for oss som samfunn og som individ.  

(For meir fokus på klimakrisa, leit opp Mathismoen/Jordahls frittståande sideprosjektet «Hva er greia med klima?»  frå 2019).

Som ein skjønner er «20 greier» laga for barn, med eit dertil tilpassa språk, men eg trur mange vaksne kan ha bruk for dette vesle og lettfattelege oppfriskingskurset. Les den gjerne saman med barna dine, og legg deg nokre fakta på hjartet sjølv. Kanskje veit du mindre enn du treng å vite.   

20 greier (*minst!) du bør vite om miljøvern
Av Ole Mathismoen og Jenny Jordahl
48 sider
299 kr. (veil.)
Ena Forlag


Les også:
Anmelding av «Ville greier»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *