Andréassons trygge arv

Produksjonen av Bamse har gått jamt minst sidan 70-talet. Nå har Egmont bestemt seg for å halde fram med pocketsatsinga.   

Bamse, verdas sterkaste bjørn, og den fremste vidareføraren av det lindgrenske prinsippet «Den som er veldig sterk, må også vere veldig snill», var med på forme fleire generasjonar av norske barn. Til langt ut på 80-talet var Bamses dunderhonning og Skallmanns sove- og spiseklokke like kjente referansepunkt som Skipper’ns spinat og Petter Smarts tenkehette. Månadsheftet heldt ut på norsk frå 1973 til 2009, ein særs respektabel meritt for kva som helst teikneserieblad på den norske marknaden. Og sjølv etterpå forsvann ikkje serien heilt. Ein samiskspråkleg versjon kom ut frå 2013 til 2019, ei handfull spesialhefte kom ut frå 2014 til 2017, og Narvesen begynte etter kvart å føre dei svenske heftet. Ikkje så rart då, at Egmont tenkte at det kanskje var meir å hente her. I fjor lanserte dei den første Bamse-pocket, truleg ut av ei erkjenning at barneteikneseriar i vekes-og månadshefte ikkje sel lenger, medan barneteikneseriar i bokform er eit svært levande format.

(I den samanhengen er det vel naturleg at pocketboka gir annonseplass til Dragens Øye og Snøkattprinsen.)

Det fungerte visst, for i år blir det ny Bamse-pocket kvart kvartal, noko som redaksjonen passar på å skryte av innleiingsvis i årets første utgåve, «Skatten på Slange-øya». Redaksjonen har hjelpsamt presisert at historiene i pocketboka er henta frå # 1-4/2018 av dei svenske utgåvene.

Men om serien aldri eigentleg heilt forsvann frå den norske marknaden, er det av naturlege grunnar lenge, svært lenge sidan eg sist leste Bamse. Ein ting som ganske raskt slår meg ved første gjennomlesing av pocketboka, er kor straumlinjaforma teikneserien er, og truleg alltid har vore. Den ser ut nøyaktig som eg hugsa frå barndommen, Eg talte fem-seks ulike teiknarar, og minst like mange forfattarar, og både historieforteljing og strekar er gjennomgåande så like at dei ved ei rask gjennomlesing ikkje kan skiljast frå kvarandre utan kreditering. Berre ein gamal historie teikna av Rune Andréasson sjølv, frå den perioden då Bamse-skaparen la seg tettare opp til Carl Barks, skil seg litt ut.

Inntrykket av ein nær uforanderleg Bamse-stil blir underbygga av at pocketboka inneheld fleire historier skrive av Andréasson, men også manus og teikningar av serieskaparar som blei med i «Team Bamse» etter hans død i 1999. Susanne Adolfsson, som ser ut til vere den mest profilerte manusforfattaren i seinare tid, kom til først i 2005. Frå perspektivet til ein vaksen norsk serielesar er kanskje Tony Cronstams nærvær mest interessant. I mange år laga Cronstam som kjent funny animal-stripeserien Elvis, som også var populær i Norge.

Bamse, som ein gong i tida blei rosa for å skildre eit univers i rivande utvikling (i kontrast til Andeby), har altså endra seg veldig lite på mange tiår, basert på observasjonane til ein som ikkje har lest serien på ein mannsalder. Lille Hopps sambuar Nina, den modig reporteren, har den mest interessante og velutvikla rolla i alle fall i denne boka, i ein lenger historie «Sorkfyrstikken». Krøsus Sork verkar i same historie å vere litt meir utspekulert enn eg hugsar han, sjølv om han også har eit slitsamt fetisjistisk og histrionisk forhold til pengane sine som kan samanliknast med Onkel Skrue på sitt verste i 70/80-tals Donald-Pocket  Som arketypen på ein kvitsnippsforbrytar er Krøsus noko av ein idiot savant.

Også Skallmann er litt meir utspekulert enn eg hugsar han. Han har jo alltid vore den smartaste, det er heile funksjonen hans i serien, men i denne boka utøver hans også ein litt infam form for poetisk rettferd, i ei historie både skrive og teikna av Cronstam.     

Dei andre episodane er ikkje like interessante, ikkje ein gong tittelhistoria, som vinglar meir enn eg synes å hugse at Bamses «ekspedisjonshistorier» pleidde. Men produktet bærer i seg ein garanti om ein jamn kvalitet som den betalande forelderen kan hugse frå sin eigen barndoms Bamse, akkurat passe skummelt, spennande og morosamt for dei minste. Ingen eksperimenter, og derfor lite nytenking. På godt og vondt. Det vi då sit igjen med, er tryggleiken det gir å ha ein slik teikneserie i sirkulasjon i bladhyllene igjen.  Ikkje minst for rekruttering av nye teikneserielesarar.

Bamse Pocket 1/2021
Av Rune Andréasson, Susanne Adolfsson, Tony Cronstam m.fl.
Forord av redaksjonen
130 sider
149 kr.
Egmont

1 tanke om “Andréassons trygge arv

  1. Steik så gøy det er å lese om denne sylfrekke bamsekaren. Lars Beitnes brukte å sitte og plystre når han las Bamse. En gang på ungdomsskolen plystret han så falskt at gebisset knakk i fillebiter, og tennene trillet nedi Bamsebladet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *