Drakedraumar og bjørneskrøner

Outland Forlag presenterer eit gjensyn med den klassiske barne- og ungdomsserien Bone i to enkeltståande pocketbøker: Eit fargerikt eventyr med prinsesser og draker for tenåringslesarar, og ei bok med spenstige pionèrskrøner for alle aldre.

Sjølv om eg las begge når dei først kom ut for ca 20-25 år sidan, så var det for meg eit velkomment gjensyn, det eg var mest usikker på var om eg ville like den like mykje i den mindre pocket-utgåva.

Det var ein gong i Amerika, på tidleg 1990-tal, at alle teikneserier skulle vere så dystre og dramatiske med sinte folk som skar tenner og gikk rundt med våpen så store og tunge at det var eit under at dei ikkje tippa om endes.  Nye univers skulle skapast, nye serier skulle stæsjast ut med variantar av omslag,  nokre hefter selde i million-opplag og det var eit kappløp om å vere mest arg og humørlaus. 

Innimellom dette så dukka der opp ein del flotte morosame serier for alle aldre, passelege for barn men underhaldande for vaksne og ein av dei som skilte seg ut mest var Bone.

Legenda om Store Johnson Bone byjrar

Bone starta enkelt, Jeff Smith var veldig påverka av Donald- og Skrue-teikneseriane til Carl Barks og den folkelege humoren til Walt Kelly sin «Pogo» , sjølv om han hadde ein tydeleg eigen vri på dei. Velteikna, humoristisk og med akkurat nok alvar og drama.

Først så verka serien som berre ei laus samling av eventyr der Bone og hans vener hadde ramla inn i ein skjult dal som dei ikkje kunne kome seg ut av, med mange ablegøyer og forviklingar. Etterkvart så utvikla den seg til ei episk forteljing med eit variert og interessant persongalleri  over 55 hefter , eller 9 samlebøker som det no er, alt i svart-kvitt.

Serien vart seinare fargelagt og der kom òg ein del sidehistorier som ikkje var del av hovudeventyret. Dei bøkene vi skal sjå på i dag er slike, dei er gjengitt i fargar og i pocket-format, mindre enn det opphavelege hefte-formatet.

Ein tidleg Bone/rottevesen-trefning

«Røverhistorier» er ei samling med skrøner, mest rundt «Store Johnson Bone» , ein forfar av Bone og venane hans som kjem til den mystiske dalen før hovudhistoria. Med manus-assistanse av Tom Sniegoski så er dette i den amerikanske genren «Pionèr-skrøner» , der jegarar i den uutforska villmarka fortalde om mystiske vesen og fantastiske hendinger når dei kom attende til «sivilisasjonen». Litt som Askeladd-eventyr og med innslag av Disney, dette er spanande og til tider skumle historier, med mange humoristiske situasjonar. Vakkert teikna, godt fortalt og med ei veldig god omsetjing av Ole Johan Holgernes. 

Vi får alt frå historia om korleis «Store Johnson Bone» vart fødd sterk og modig og banka sin første motstandar same dag som han vart fødd til historia om kvifor Rottevesena i Bone ikkje har halar.

«Røverhistorier» er både eit godt tillegg for dei som allereie har lese hovudeventyret og ein saftig smakebit for dei som ikkje er sikre på om dei vil starte på sjølve reisa enno.  For alle aldre.

Mange kjente andlet for dei som har lest hovudhistoria.

Boka «Rose» er meir tydeleg ein forhistorie til den episke forteljinga i Bone og fokuset her er på karakteren Rose. Eg bør kanskje ikkje fortelje for mykje om korleis ho passar inn i sjølve Bone-serien for dei som ikkje har lese den enno.

Serien kan lesast for seg sjølv, men der er ein del spoilarar i denne historia for det som skjer i hovudhistoria, slik at ein kan vurdere å lese ferdig den hovudhistoria først.

Vi startar med ei opphavshistorie om korleis den gode Drakedronninga Mim (ein referanse til Disney-filmen «Sverdet i Steinen» ) vert besatt av det onde vesenet «Greshoppenes Herre», vart gal og herja over heile dalen og dei andre drakane måtte gjere ho til eit fjell for å stoppe ho og fange «Greshoppenes Herre». Vi vert varsla om at han kan kome attende, og som vaktarar mot at noko slikt kan skje så har vi dei to prinsessene Briar og Rose. («Briar Rose» er det fulle engelske namnet på «Tornerose» eller «Sleeping Beauty» som ho òg kallast på engelsk. )

Kan du finne «easter egg»-et i denne samtalen?

Rose er den einaste av dei som har utvist magiske evner, men dei skal begge to avstad for vidare opplæring hos ei magisk presteorden. 

Etterkvart oppstår forviklingar, og ondskapen og disiplane som følgjer skapar mykje liding og øydeleggjing.

På mange måtar ein klassisk eventyr/fantasy-historie med prinsesser og draker og magi, men forankra i den velutvikla mytologien til hovudserien. Spanande, skummel og vakkert, vakkert teikna.

Charles Vess som illustrarer «Rose» er kanskje mest kjend utanfor teikneserier for «Stardust», eit illustrert eventyr han laga med Neil Gaiman som seinare vart ein stjernespekka fantasy-film.  Men han har ei lang karriere bak seg med utsøkte, for det meste malte, serier med alt frå superheltar til renessanse-diktning. Hans Shakespeare-historie med Neil Gaiman i «Sandman» vann Hugo-prisen for fantasy-litteratur, som den første teikneserien.

Men den freden skulle ikkje vare.

Vess sine realistiske teikningar i tradisjonen til klassiske fantasy-illustratørar som Arthur Rackham gir denne historia eit tydeleg preg av High Fantasy i Tolkien si and. Miljøet er truverdig «middelalder» , naturen er vill og vakker og fantastiske element som drakar framstår som ein naturleg del av heilskapen. Sjølv om Vess sine teikningar absolutte fortener det større formatet dei opphaveleg vart trykka i (som sagt, dette er ein pocket), så er han slik ein meister på komposisjon og klar historieforteljing at ein ikkje mistar noko av oversikta eller stemninga i pocket-format.

«Rose» er nok for litt eldre lesarar enn «Røvarhistoriar», men retter seg mot same  aldersgruppe som Nordisk Manga-utgivingane.  Historia er forholdsvis enkel, men gnistrande fortalt, og teikningane er både vidunderlege og fangar dramaet og handlinga på ein meisterleg måte.

Begge bøkene er absolutt å anbefale for alle fantasy-interesserte, men merk at dei har litt forskjellige målgrupper.


Bone – Røverhistorier
Av Jeff Smith med Tom Sniegoski
Omsett av Ole Johan Holgernes
112 Sider
Kr  199 .- (vegl.)
Outland Forlag


Bone – Rose
Skrive av Jeff Smith, teikna av Charles Vess
Omsett av Ole Johan Holgernes og Daniel Reinsfeldt
144 Sider
Kr 199 .- (vegl.)
Outland Forlag

1 tanke om “Drakedraumar og bjørneskrøner

  1. Synd at forlaget ikke bruker et ordentlig tegneserieformat, men går for en liten pocket isteden. Dette blir for bokaktig.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *