Søt og stridig

Apekatt mot harepus er ein høgtempo og fargerik teikneserie som vil gå rett heim hos yngre lesarar. Fest setebeltet og hald fast, her går det unna!

I ein fredeleg skog bur Harepus og venene hans, ekornet Nøtte og grisen Gris. Ein dag fell ein romsonde ned i skogen og apen Apekatt kjem ut. Britiske forskarar har skote opp ein romsonde med apekatten for at den skal reise til ein anna planet og ta styringa der, men romsonda kom seg berre over neste ås og forskarane gir opp. Apekatt har store planar om å ta styringa over skogen, men hamnar raskt i konflikt med Harepus og venene Gris og ekornet Nøtte og dermed er showet i gang.

Oppsettet er likt for dei fleste historiene. Apekatt prøvar å ta over skogen og å skremme vekk Harepus og dei andre dyra. Ein viktig grunn til at han kan prøve igjen og igjen, er at han har hjelp av Stinki, eit smart og teknisk talentfullt stinkdyr.

Apekatt finn ein forbundsfelle.

Bunny vs Monkey, eller «Apekatt mot harepus» som det heiter i den norske oversetjinga (sjølv om den engelske tittelen framleis står på permen), har gått i The Phoenix, eit britisk vekentleg teikneserieblad for barn i rundt 10 år. Vigmostad & Bjørke gir no ut første bind i serien, bind 2 og bind 3 er varsla på norsk seinare i år. Så langt har 9 bind kome ut på engelsk, og forlaget har nok å ta av framover.

Teikneseriar har i dei seinare åra blitt presentert som ei mogeleg løysing på å få barn og unge til å lese meir. Kanskje la dei som slit med lesing finne seg ein teikneserie, og så skal problemet vere løyst. Så enkelt er det nok ikkje alltid, men Jamie Smart seier i eit intervju med The Bookseller – “Det er vanskeleg å slå fast heilt spesifikt kva som er så briljant med teikneseriar fordi det er eit så instinktivt medium. Det er så umiddelbart, så klart og fargerikt og du treng ikkje noko forståing, nødvendigvis, for korleis teikneseriar fungerer. Det er som ei blautkake i trynet, eit umiddelbart treff og eg trur det er difor barn responderer så lett på det”.

Ein vanleg dag i skogen.

Så lenge ein veit serien handlar om striden mellom Apekatt og Harepus, kan ein lese den utan nokon nærare introduksjon av karakterane. Generelt er kapitla ganske korte, og kan stort sett lesast uavhengig av kvarandre. Eit bind inneheld alle episodane Jamie Smart har teikna i løpet av eit år, så ein kan dermed følgje utviklinga over tid.

Teiknestilen og historiene ber litt preg av at dei opprinneleg blir utgitt vekentleg, med raske strekar og korte historier. Stilmessig er det enkelt, med lite fokus på detaljar og bakgrunnar, men med så mykje action at ein rekk ikkje å leggje merke til det i større grad. Utsjånaden til karakterane er ganske enkle, runde former og lett gjenkjennbare trekk. Augene er berre svarte strekar og kjenslene som den enkelte karakteren uttrykker, er lett synleg.

Visuelt er kvar rute metta av mange og sterke fargar. For denne anmeldaren blir det nesten for mykje, ein saknar stader å kvile auga på. Men yngre lesarar vil nok derimot setje pris på det lettbeinte uttrykket og at episodane stadig dreg ein vidare i eit høgt og forrykande tempo, litt som å lese ein teikneserieversjon av ein video på TikTok.

Så lett er det å få fuglar til å skifte side.

Det er mykje fysisk humor i episodane, slapstick med ting som kræsjar og eksperiment som slår feil. I tillegg er serien er rik på ordspel og underfundige kommentarar. Dialogen går ofte litt på kryss og tvers, og det blir mykje humor av sånt. Som når når Stinki spring forbi og Harepus lurer på kor han skal i slikt hastverk og Stinki svarar «Ingenting! Ingensteds!», medan Nøtte og Gris kjem springande forbi i neste rute og Harepus lurer på kva som foregår og svara er «Vi ble forklart det» og «Men vi har allerede glemt».

Forlaget sel inn serien som «perfekt for fans av Hundemannen». Dette er noko vi har fått høyre ganske ofte, men for «Apekatt mot harepus» passar det godt. Serien rettar seg mot dei som kan lese sjølv og vil ha noko morosamt, og her vil det nok gå rett heim.


Bunny vs. Monkey 1 – Apekatt mot Harepus
Av Jamie Smart
Omsett av Johannes Refsdal
256 sider
199 kr.
Vigmostad & Bjørke

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *