Peter Pan er tolka på nytt i «Aldriøya – De utvalgte», som eit fargerikt og actionfylt godnatteventyr for større barn
Dei erfarne serieskaparane Tom Taylor og Jon Sommariva står bak Aldriøya. Begge er frå Australia, men serien har ein internasjonal kjensle1. Ikkje berre grunna det fleiretniske karaktergalleriet og ved at historia raskt fjernar seg frå si jordiske setting, men også fordi begge serieskaparane har erfaring frå store amerikanske forlag som Marvel og DC.
Handlinga tek utgangspunkt i Peter Pan, og startar når Paco, Pans einaste overlevande menneskevenn, finner ein ny gjeng med gatebarn (vel, strengt tatt bur dei i ei campingvogn på dynga) som han trur er dei rette til å overta Aldriland (her: Aldriøya). Her viser han dei korleis dei kan få sine eigne superkrefter og kanskje kan gjere eventyrlandet til sin heim. Men like utanfor lurar ein mystisk ny sjørøvarkaptein.
Aldriøya er eit døme på det eg vil kalle Disney/Public Domain-faktoren, dvs. når ein historie utnyttar ein premiss som er i public domain, men er gjort særskilt kjent av Disney. I seg sjølv er det ikkje noko galt med det, men etter mi meining stiller det utgangspunktet høgare krav til å finne ei original tolking. «Aldriøya» oppfyller dei krava. Den legg til grunn at Peter Pan er kanon, og bruker mykje frå kjeldematerialet, men fokuserer på nye og varierte karakterar, og blandar sjangrane.
Serien er i stor grad eit produkt av 90-talet. Ikkje fordi boka først kom ut då, den er langt nyare, men fordi den er så tydeleg påverka av kva serieskaparane vaks opp med, og kva dei truleg såg til då dei lærte sitt fag. Karakterane er mildt karikerte med slengete fysikk, animeauge og markerte ansiktstrekk,. Kostyma fangar mykje av personlegdomane deira. Ruter og sekvensar er dynamiske, skiftande i utforming og arrangement. Heilsidene har ein fantasirikdom som tek pusten frå ein. Fargane er skarpe, klare og djupe. Historia er mørk og dramatisk nok til å vekke fascinasjonen hos særskilt større barn, og mykje av viddet er tilsvarande mørkt. Humoren er for sin stor del slagkraftig replikkbasert.
Aller mest minner serien meg om Terra Incognita (2000-2002)2, bladet som samla nokre av dei betre (i alle fall dei betre teikna) «all ages»-seriane innan fantasy, action og superheltar frå 90-talet. Aldriøya tel som døme på alle tre sjangrane. Drygt 20 år sidan, javel, men når eg ser Aldriøya føler eg at bladet fanga opp ein tidlaust snert og kraft som serieskaparane fører vidare her.
Med 90-talssteminga kjem også dei noko klisjéprega «edgy» figurane, særleg Tingeling. Ho er tøff, frekk, humørsjuk, bannar så det kostar, og for sikkerheits skuld er ho skalla og tatovert. Eg kunne vore meir kritisk til dette, hadde det ikkje vore for at ho var slik i originalversjonen og (bortsett frå det med skalla og tatoveringar). Så det er nærliggande å tru at Tom Taylor berre har gjort ordentleg research. Dessutan har ho, når det kjem til stykket, meir djupn enn dei fleste av karakterane.
Det er nemleg litt for mange karakterar og handling til at vi rekker å bli særleg godt kjente med dei fleste (seks barn og ungdommar, pluss «dei lokale»), Ungane er actionfigurar; i stor grad blir dei definert av sine superkrefter, og av kva dei kler seg i. Eg greidde ikkje å feste meg ved namnet på nokre av dei, og same kva eg elles roser serien for, er det eit lite problem. Kanskje kunne historia tatt seg litt lenger tid på dynga for å gjere oss kjente med ungane. Taylor kunne knappast gjort det tydelegare at han det travelt med å få dei til Aldriøya. Best kjent blir vi med Gracie, det arketypiske yngstemedlemmen som er så uskuldig, nysgjerrig og frustrerande søt at serien både bør og vil vitse mykje med det.
Omsetjinga er prega av eit munnleg språk som passar godt til heile gjennomgangstonen i serien. Einaste detaljen eg er usikker på, er omsetjinga av «lost children» med «fortapte barn». Heiter det ikkje vanlegvis bortkomne barn i Peter Pan? Fortapt gir andre assosiasjonar.
Ei lita åtvaring. Dette er ei avslutta historie. Ja, eg veit det , vanskeleg å fatte, ikkje sant? Og det meiner eg ikkje heilt sarkastisk, ein gong. Før sjette og siste kapittel var eg veldig usikker på kva retning teikneserien skulle ta. Så, i sjette kapittel, skjer mykje som eg ikkje kan røper her, men som går djupare inn i mytologien og gir soga ei fullgod avslutning Slutten har eitt element som sikkert var meint å vere, ikkje berre overraskande, men også rørande, men som eg syntest kom ut av ingen stad, og ikkje tilførte historia stort. Så mykje skadar den likevel ikkje heilskapsinntrykket.
Kanskje er ikkje dette alt. I eit intervju omtalar serieskaparane «De utvalgte» som «first installment». Likavel, noko hint om at «bok to» er på veg har eg ikkje funne, så vi bør nok vere tolmodige. Enn så lenge er sluttresultatet eit fargerikt og actionfylt godnatteventyr for større barn. Reisa er større, men målet er det same.
Aldriøya – De utvalgte
Skrive av Tom Taylor, teikna av Jon Sommariva, fargelagt av MsassyK, Vaneda Vireak og Jean-Francois Beaulieu.
Omsett av Øyvind Lysebo Ekelund
194 sider
299 kr.
Bonnier Norsk Forlag