Malik Sajads sjangeroverskridande oppvekstskildring, Munnu: En gutt fra Kashmir, er både ei kunstnarmyte, ein fabel og ein dokumentar. Boka løftar fram den kasjmirske konflikten på ein inntrengjande måte.
Det er berre plass til så mange konfliktar i hovudet samtidig. Medan blikka våre no er retta mot Gaza og Ukraina, er det lett å gløyme at Kashmir, i følgje FN ein av verdas farlegaste stader, har vore i ein opprivande og blodig konflikt i 77 år. Regionen har vore delt mellom Pakistan, India og Kina sidan oppløysinga av Britisk India i 1947, og i midten står folket splitta mellom å ønskje om sjølvstende og lausriving, særleg frå India. Malik Sajads teikneserie Munnu: En gutt fra Kashmir er ei delvis sjølvbiografisk oppvekstskildring frå indiskokkupert Kashmir som er eit rop frå denne litt gløymde konflikten.
Munnu er ei mangefasettert forteljing som leikar seg med fleire sjangrar. Boka kan bli lesen som eit politisk innlegg, ei innføring i kashmirkonflikten og ein fabel, men i kjerna ligg ei danningshistorie. Hovudpersonen Sajad, kalla Munnu («den yngste»), deler namn med forfattaren, men er konsekvent omtala i tredjeperson, noko som skapar ein distanse mellom avsendar og karakter. Malik Sajad har også sagt boka er litt sjølvbiografi, litt fiksjon og litt dokumentar.
Hovudpersonen veks opp under den brutale indiske okkupasjonsmakta på nittitalet. Han er som barn flest, nysgjerrig, rampete, kreativ og naiv, og han er meir oppteken av å teikne enn å forstå den mørke og farlege verda han lever i. Kvardagen er prega av portforbod, valdelege identifiseringsaksjonar, drap og terror, men også ein varm og støttande familie. Bakgrunnen for konflikten blir ikkje presentert før lesaren er over halvvegs i boka då barnet Munnu, som no er ungdommen Sajad, sjølv vaknar opp og set seg inn i konflikten etter at redaktøren i avisa han teiknar for oppmodar han til det. Det kan kanskje opplevast som frustrerande å lese om ein okkupasjon ein ikkje heilt skjønar over så mange sider, men når lesaren får følgje Sajads eigen utvikling blir det lettare å setje seg inn i korleis eit barn opplever ein okkupasjon. I denne delen av boka blir det politiske meir eksplisitt, delvis fordi konflikten blir løfta meir i framgrunnen, delvis fordi Sajad får ei større innsikt i kor lite verdssamfunnet forstår og bryr seg om Kashmir. Samtidig oppdagar Sajad utanlandsk litteratur, til dømes Joe Saccos dokumentariske teikneseriar, og let seg inspirere til å fortelje folket si historie før han til slutt skjønar at hans eigen forteljing er folket si historie, og at denne har vel så mykje kraft.
Det kasjmirske folket teikna som Kashmirs nasjonaldyr, hangulhjorten, som er utryddingstruga grunna krigføringa og avskoginga i regionen. Alle andre er teikna som menneske. Koplinga til Art Spiegelmans Maus, der jødane er teikna som mus, er med andre ord tydeleg. Ideen er god, men gjennomføringa fungerer ikkje alltid like godt. Det er nemleg vanskeleg å sjå forskjell på karakterane, noko som gjer at identifikasjon og sympati kan vere svakare enn det som er hensikta. Kasjmirarane er teikna i ein tresnittstil, ein hommage til faren til hovudpersonen sitt arbeid som kunsthandverkar, og gir dei såleis ein eigenart. Massen av svarte hjortedyr i tresnitt er eit bilete på einskap og på menneske redusert til statistikk, men ein tek seg likevel i å sakne tydelegare individ.
Konflikten i Kashmir er ikkje regional, men internasjonal, seier hovudpersonen på eit tidspunkt. Boka, som er den første teikneserieboka frå Kashmir nokon sinne, er ikkje utgjeven i heimlandet eller i Søraust-Asia enno, noko som understrekar det internasjonale aspektet. Når Sajad mot slutten møter representantar frå EU som vil høyre kva unge kasjmirarar har å seie om konflikten, blir han møtt med falske smil og tomme lovnader. Alt han får ut av møtet er ei solcelledriven lommelykt, som om det er nok til å leie han ut av mørkeret.
Det er likevel ikkje berre mørker i teikneserien. Munnu er også ei varm og overraskande morosam forteljing som ber i seg ein flamme av von, utan at ho er belærande. Fokuset på familien gjer boka universell, sjølv om den kasjmirske erfaringa på inga måte er det.
Munnu – En gutt fra Kashmir
Av Malik Sajad
Omsett av Anne Bakkevik
352 sider
369 kr.
Spartacus