Røtene du skaper, og røtene du finn

Med «Da vi var samer» har Mats Jonsson laga 349 tettpakka sider om samane si historie i Sverige. Jonsson sjølv er nok frustrert over at han ikkje har klart å formidle «alt», men serien er eit viktig verk.

På baksida av «Da vi var samer» står det at Mats Jonsson, fødd 1973, «har som mål å skildre hele livet sitt i grafisk romanform». Eg har fulgt seriane hans i årevis, frå dei handla om forsøk på å sjekke opp diverse indiepop-jenter og til han fikk kone og barn.  Så skal eg innrømme at eg datt litt av lasset, det var ikkje like artig å lese om familielykke som det var å lese om desperasjon og forelskelsar. Men no har Jonsson endeleg gått laus på ei historie han åpenbart har brent inne med lenge:

«Jeg har tenkt på alle bøkene jeg vil lage, og innser at det er fullt mulig at jeg vil dø før jeg er ferdig med alt sammen. Så det er vel best å begynne med det viktigste nå, før jeg angrer meg.»

Jonsson oppdagar raskt at hans skogssamiske familiehistorie ikkje er like ryddig arkivert som familiehistoria til kultursvenskar med meir «viktige» forfedre. I møte med dette må Jonsson reflektere over klasseskilla i Sverige, men også over seg sjølv og sitt behov for å «ta igjen». Jonsson har laga mange bøker, men ingen av dei har hatt så mykje på hjartet som denne.

Det blir mange namn og karakterar, og mange av dei dukkar berre opp kortvarig. Prologen tek oss til eit fikivt univers der Jonsson og fetteren ikkje er «seg sjølv», men driv reindrift, i tråd med sine samiske røter. Eit artig sidepoeng til dette dukkar opp seinare: Den typen reindrift som ein i dag assosierer med samar, oppsto som eit resultat av samfunnsendringer på 1600-talet (side 72). Gjennom boka vekslar Jonsson elles mellom følgande nivå:

– Samtida, der han grev etter historiske kjelder

– Jonsson sin barndom, kvar gong han får høyre ei historie eller eit fragment som fortel han noko om dei samiske røtene deira

– Historiske scener, ofte fylt ut med Jonsson sin fantasi.

 
Jonssons teiknestil er omtrent uforandra sidan debuten. Dei «uskolerte» og detaljrike sidene har funka bra i dating-historiene hans, for dei har hatt eit avgrensa karaktergalleri. (Og alle har hatt ein eller annan indiepop-sveis som gjorde dei lette å skille frå kvarandre).

Men «Da vi var samer» har dusinvis med karakterar. Nokre av dei skiftar hårfarge i forskjellige flashbacks, fordi dei er i ulike livsfaser. Det er ikkje alltid lett å følge kven som er kven, men det er aldri prekært å vite akkurat om nokon er onkel eller bestefar, heller.

Eg finn to blemmer i omsetjinga. Jonsson skildrar ein snakkesalig prest som «begynte med Adam, for deretter å følge slekten helt tilbake til Jesu tid». Denne prestens ønske om å få med «alt» er noko Jonsson kjenner seg godt igjen i, men ein kjapp titt i den svenske utgåva bekrefta at det eigentleg skulle vere frå Adam og fram til Jesu tid, ikkje tilbake.

På side 182 møter den 18 år gamle Jonsson ei jente som seier ho er heks.

«… jeg drikker kalveblod … og har alter og biljardbord på rommet …»

Her har eg ikkje den svenske utgava for hånda, men mistenker sterkt at det ikkje er biljardbord, men ouijabord som «heksa» vil skryte av. Dette seier kanskje meir om kor tettpakka boka er med informasjon, og kor enorm jobben med å omsetje og tekste dette verket til norsk må ha vore. For eg har knapt sett ein serie meir overfylt med tekst. Rundt midtpartiet er det nesten som om Jonsson blir utålmodig, og klemmer inn enorme mengder tekst på sidene.

Men boka går raskt tilbake til teikneserieformatet, og eg er på dette punktet varm i trøya på alle skifta mellom notid, familiehistorie, og generell svensk samehistorie. Vi ser nesten-slåstkampar mellom Jonssons forfedre over reinbeite, den berømte samekvinna Stor-Stina som døydde 35 år gammal og 220 cm høg, og heilt ordinære kvardagshistorier av alle slag.

Jonsson har inga interesse av å fortelle ei enkel svart-kvit historie om «gode» og «onde». Så han må også, nesten motvillig, presisere at rettighetene til samane ikkje alltid var så verst. Tvert imot var dei tidvis bedre enn i dag, mellom anna fordi samane, som nomadefolk, når som helst kunne finne på å stikke av om myndighetene pressa dei for hardt. Men rettane vart uthola av konstante, små overtramp. Det er denne sakte utholinga av rettar som både tek plass å formidle, og som gjer boka relevant om ein ser på saker i notida.



Da vi var samer
Av Mats Jonsson
Omsett av Rune Rogndokken Moen
Etterord av forfattaren
352 sider
379 kr. (veil.)
Gyldendal


Les også:
Fram og tilbake til Stockholm er like langt

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *