Gud på botnen, god på botnen?

Norrøn mytologi sluttar aldri å inspirere. I «Loke – En grusom guds guide til gode gjerninger» må tittelguden tilbake til skulebenken. Premissen er betre enn den høyrest ut til.  

Hybridteikneseriar rommar mykje forskjellig . Til liks med vitseteikningar før Gary Larson, blei blanda teikneserie/prosabøker knapt rekna som «litt teikneserie» før det blei kult. Desse bøkene blei populære for alvor då Jeff Kinneys «En pingles dagbok» (Diary of a Wimpy Kid) debuterte i bokform i 2007, etter å ha begynt som nett-teikneserie i 2004.

Sidan har det koma mange imitatorar, og Louie Stowell legger seg i mykje tett på Jeff Kinney. Ikkje minst grunna den sterkt subjektive og sjølvmedlidande forteljarstemma, og måten teikningane og serierutene prøver på å etterlikne drodleriet til ein pretenåring.  Boka er derfor ikkje nemneverdig visuelt sterk, og er heilt i grenseland for kva ein kan kalle teikneserieaktig. Når eg likavel gir den ein omtale, er det fordi Serienett for ein gongs skuld har fått høve til å vurdere begynnelsen på ein slik bokserie.


Vrien på den gamle skuledagbok-tropen er denne gongen at hovudpersonen er, som tittelen seier, Loke. Ja, den Loke, dei norrøne gudane sin svikefulle følgjesvenn. Loke er forvist til jorda i kroppen til ein elleve år gamal gut, og har fått i oppgåve å gjere gode gjeringar. Dette er straffa hans for å ha skamklipt Siv. Men dersom han ikkje greier å oppgåva, får han ein verre straff; då blir han sperra inne med ein giftslange.

Dei meir kunnskapsrike av dykk kjenner sikkert igjen nokre detaljar frå Edda alt nå, og meir skal det bli. Ein skjønner straks at Louie Howell tek den mytologiske researchen på største alvor, trass i den utradisjonelle premissen. Til dømes blir familien hans på jorda spela av Tor, Heimdall og Hyrrokkin. Eg visste ikkje ein gong kven Hyrrokkin var før eg leste denne boka, og eg trudde eg hadde mytologien min på stell. Hyrrokkin var gygra (kvinneleg jotun) som dytta Balders gravskip ut i vatnet. Ein skulle tru at t.d. Skade hadde vore tilstrekkeleg obskurt, men nei, skal det vere så skal det vere!


Boka blir innleia med sitert skamros frå ein bøling med andre barnebokforfattarar, ros som eg med nokre førehald kan stille meg bak. Loke er ein smule slitsam i sin naturlege sjølvgodheit, men desse meir ein leser, dess meir nyansert blir figuren under alle nykkene sine. Det skjer nærmast umerkeleg, eller i alle fall utan at Loke sjølv ser ut til å eigentleg vere klar over det. På same tida er han eit oppkomme av sarkasme av beste britiske merke (prøv å gjette nasjonaliteten til Stowell). Denne første boka er også ei forteljing om vekst og modning, og behandlar desse temaene truverdig, trass i den overordna fantastisk-mytologiske konteksten. Dei etiske dilemmaene er kanskje ikkje alltid realistisk heller, men fungerer i ei overført tyding.          

Stowell kan bli temmeleg moraliserande, f.eks. når ho let Loke forklare ting som kolonialisme og bensindrivne bilar. Eller for den saks skuld, fordommar mot videospel. Når ho likevel kjem unna med det, er det fordi boka gjer dette med mykje humor, og legger orda i munnen på ein ikkje-jordisk antihelt. 

Mi største innvending mot boka har ikkje noko å gjere med forfattaren/teiknaren, men med eitt av omsetjarens val.

Ordet «giants» er konsekvent omsett med «kjemper». Den rette mytologiske omsetjinga er sjølvsagt jotnar (eintal: jotun).

Dette er ikkje ein liten feil, for ordet blir brukt ofte;. Striden mellom gudar og jotnar, der Loke er i skvis grunna opphavet sitt, er nemleg sentral i boka, som i mytologien, Heller ikkje er det ein vanleg feil; det heiter jotnar i dei norske omsetjingane av andre verker som tek seg fridomar med norrøn mytologi, som Thorgal, Vei, Peter Madsens Valhall, og Marvel-filmen Thor (2011).

Rett nok har eg mistanke om at valet av ordet «kjemper» var ei heilskapsvurdering heller enn ein bokstavtru glipp. Eit par stader i boka blir det nemleg gjort eit lite poeng av at desse «kjempene» ikkje er så veldig store. Omsetjaren hadde vore nøydd til å omskrive desse bitane litt dersom ordet «jotun» skulle bli brukt. På den andre sida kunne dette like godt fungert som ei påminning til omsetjaren om at «kjemper» var feil norsk ord i utgangspunktet. 

(Mens eg er i gong kan eg også nemne at «Asgardians» er omsett med «åsgardinger», i staden for det rette ordet, «æser», men dette ordet førekjem ikkje så ofte at det verkar distraherande)

Beklagar kveruleringa, men eg syntest det var relevant å gå litt nærmare inn på akkurat den detaljen i ein bokserie som behandlar norrøn mytologi med ein viss respekt..

Men i det store og heile er det mykje å anbefale med «Loke». Særskilt trur eg serien kan ha appell til barn som, til liks med Loke sjølv, slit mellom ønsket om å tøffe seg, hevde seg og tru at ein allereie veit best, og ønsket om å modnast og gjere det rette.


Loke – En grusom guds guide til gode gjerninger
Av Louise Stowell
Omsett av Vibeke Ekeland Grøn
240 sider
299 kr. (veil.)
Vigmostad & Bjørke

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *