Prinsessa og halve kongeriket, MEN…

Bjørn Ousland kjem nok til å halde fram med bildebøker og eventyr resten av sin kunstnarlege karriere. Så då kan han like gjerne gjere det ordentleg.

«Den lysende kronen» er den andre boka der Ousland kombinerer nokre av sine mest kjente forteljargrep på ein ny og forbetra måte. Historia er som eit folkeeventyr, men med nytenking; formatet er som ei hybrid bildebok/teikneserie, men tjukkare enn vanleg for å få meir ut av soga. 

Rammeforteljinga er litt snedig. Det heile begynner som ein ganske nøyaktig attforteljing av eventyret om guten som ropte ulv, men når ulven kjem, i selskap med ein ramn, er det for å lære guten ei lekse, ved å fortelje han eit eventyr.  Den som har lest den førre Ousland-boka av same format og konsept, «Det mørke hjertet», vil kjenne igjen begge eventyrforteljarar frå den forteljinga, så ein slags raud tråd er med ein gong etablert (og då meiner eg med ein gong, for ramnen er det første vi ser).

I dette eventyret finn ein fjellbonde ei lysande krone i hola til ein drage. Når han tek den på hovudet til den nyfødde dottera si begynner ho straks å utstråle ei sterk kjensle av lukke og godheit hos alle omkring henne. Kongen og dronninga ender med å adoptere henne, og det som så skjer er kjente element frå folkeeventyra: Prinsessa (som ho nå er blitt) blir bortført av bergtroll, kongen og dronninga lover prinsessa og halve kongeriket til den som kan redde henne, og ein tapper askeladd gir seg av garde.  


Mange typiske element frå tradisjonell folkeleg overlevering er altså kombinert med nye idear, også kjent som kunsteventyr. Moderne, ytre trekk er diskret lagt inn (t.d. ser kongen i landet ut til å ha ein inkluderande tilsejingspolicy for kvinner og ikkje-kvite i garden sin), medan klede og miljø er veldig sjangertru. Askeladden er ein gjenkjenneleg figur, men når han presiserer at han vil kallast Ask, markerer han ein sjølvstendig identitet rundt den tradisjonen han tilhøyrer.

Tradisjonelle eventyr er skumle, som kjent, og for ei bok som blir anbefalt til barn frå seks år (og oppover), er det beundringsverdig kor mykje Bjørn Ousland tek seg lov seg til å vise. Jenta sine biologiske foreldre døyr brått og brutalt for open scene (denne vesle spoileren synes eg vi kan tillate oss). Det er spor av menneskeknoklar og hovudskallar på trolla sine territorium. Og trolla sjølve ser til dels ganske umenneskelege ut; postkort-troll er dei i alle fall ikkje.


Bjørn Ousland har tydeleg tenkt nøye på balanse, og ikkje berre når det gjelder kor moderne ein kan tillate seg å vere, og kor fæle ting ein kan syne i ei barnebok. Han veit kor lenge han skal følge formelen, og når han treng å bryte med forventingane. For det gjer han til slutt. Eg skal ikkje røpe når og korleis, men resultatet er at både eventyr og rammeforteljing blir påfallande antiklimatisk. Ei viss verdi er det i å bryte med forventingane på den måten, og eg trur barna kjem til å ha forståing for det, men eg føler også at forteljinga gjer eit litt for tydeleg poeng ut av det antiklimatiske.

Om det er meint å vere ein samanheng mellom eventyret om den lysande krona og eventyret om guten som ropte ulv, forblir uklårt.

Til gjengjeld har eventyret ein praktisk moral om lukke og livskvalitet som er lett å slutte seg til. «Det var i alle fall en god historie», seier ramnen når Guten som Ropte Ulv prøver halvhjarta å tolke eventyret han nettopp har høyrt. Og nokon gonger er ein god historie alt ein treng.

Den lysende kronen
Av Bjørn Ousland
112 sider
299 kr. (veil.)
Vigmostad & Bjørke


Les også:
Anmelding av «Det mørke hjertet»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *