Julehefter 2022 – Den nye garden

Juleheftemarknaden er knallhard, men nokre nykommarar har framleis ein sjanse, ikke minst takka vere bokhandeldistribusjonen og ein satsingviljug føreleggar.

I fleire år nå har Serienett operert med kategorien «moderne norske» om stripeseriar som er kome til sidan 90-talet. I år er denne kategorien nesten litt for brei, for det har skjedd eit visst generasjonsskifte sidan, og nokre nye stjerner får plass på marknaden, ein av dei til og med i eige blad.

«Den nye garden» er her definert som stripeseriar som har kome til sidan 2012.

Storefri – Julegenseren
Av Marius Henriksen
36 sider/79 kr./Strand

Stygge julegensarar er då eit litt originalt som juleheftetema, så det fortener Marius Henriksen honnør for, same for eit tematisk oppklarande forord. På same måten som Kjell alltid får ein fiks ide i Lunch-julehefta, blir Vidar i årets Storefri-hefte besett av tanken på om å lage den mest ubegripeleg stygge julegenseren nokon sinne. Kor einsformige nokre av hovudpersonane i «Storefri» framleis kan vere, kjem dessverre tydlegare fram i ein 16 siders historie enn i dei vanlege stripene. Sjølve historia er noko tynn, og trekker ut, men det finst fleire detaljar å more seg over. At serieskaparen har hatt ei lovande utvikling, er lett å sjå både i hovudhistorie og striper. Humoren til Maris Henriksen har fått meir breidde, godt hjelpt av sideprosjekta hans, som også er representert her..

Når så mykje er sagt ville eg heller hatt fjerde nummeret av bladet Storefri, som skulle vore ute i desember, men som har blitt «erstatta» med dette juleheftet.   

4


*

Intet Nytt fra Hjemmefronten – Overlever julen!
Av Therese G. Eide
36 sider/79 kr./Strand

Hjemmefronten er tilbake som julehefte! I 2020 lengta teikneserie-Therese etter ei mytisk, tradisjonsrik julehøgtid som ho ikkje føler at ho kan få heime i (det som er implisitt å vere) Bergen. I år er det tydleg at ho meiner meir alvor med dette. Derfor leiger ho ei Airbnb-fjellhytte utan nettforbindelse der familien skal feire jul, og Playstation-nekt for den som mukkar. Den lekkert teikna historia tek nokre uføreseielege vendingar på veg mot ein komfortabel slutt med ein ikkje for bastant moral om menneska si avhengigheit av moderne teknologi på godt og vondt. I tillegg til hovudhistoria har Therese nok ein gong lagt inn ymse, stort sett veldig morosame, kommentarar til høgtida, med og utan stripeform, der høgdepunktet er ein parodi på ymse andre julehefte.

Eit overraskande grep er at Therese har plassert epilogen til hovudhistoria heilt bakerst i heftet, etter alt det andre materialet. Dette har ein veldig god verknad på stemninga

5

*


Dunce – Jula 2022
Av Jens. K. Styve
36 sider/79 kr./Strand

Det var visst nok nære på at det ikkje blei noko Dunce julehefte i år, og då er det ekstra tilfredsstillande at Styve enda med å overgå seg sjølv: Ny innhaldsrik 25 siders hovudhistorie med varme fargar og ein organisk strek som tek seg ekstra bra ut i stort format. Brego ønsker på eit stjerneskot at kan «reise langt vekk til eit anna land der dei behandlar meg som ein konge». Men det er med blanda kjensler at han faktisk får ønsket oppfylt. Gustav på si side ønsker seg «Snedig Biltjuv IV» til jul, ein Grand Theft Auto-kopi som forsvarer marknadsføringa retta mot barn med at spelet er «pakka inn i ei uangripeleg og ufarleggjerande pakke med ironi». Men husets AI-robot (ja, den var der frå før av) fortel Gustav at han er sjanselaus dersom han ikkje får opp den matematisk målbare snill gut-prosenten sin.

Dei snodigaste ting kan skje i Dunce sitt univers, men ingen ting er absurd for absurditetens skuld, alt gir fullkommen god meining i seriens univers, og de to historiene blir sjølvsagt knyta perfekt saman til slutt. Fem sider med nye og gamle striper kjem i tillegg.

(Denne er berre tilgjengeleg i bokhandlarane og frå forlagets nettbutikk)

6

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *