Fram med familiegrumset

«Fra Mørket» kjennest som Rune Borviks gravskrift over Fia Mia. Og ikkje berre grunna utgangspunktet for denne nye historia, den første på 18 år.

«Fra mørket» opnar med ei gravferd som etter kvart viser seg ha å vore for Fia Mias mor. Vi skjøner raskt at ho ikkje føler nemneverdig med sorg over tapet av mora. Og med god grunn, blir det antyda, for Fia Mia kom frå ein grunnleggjande dysfunksjonell familie der mora hadde rolla som ein tyrannisk matriark. Men ennå kan ikkje Fia Mia legge alt bak seg. Onkelen  – farens bror – forfølger henne og vil presse henne til å fortelje kva som skjedde med faren og bestefaren hennar. Var mora ansvarleg? Veit Fia Mia meir enn ho vil ut med?

Gufs frå fortida, altså, som også er kva dette albumet kjennest som, på godt og vondt. Fia Mia er eit minne frå den gongen då norske teikneseriar skulle vere impulsive, rocka og meir eller mindre radikale. Ho var som ein manifestasjon av den urbane 90-talskulturen, og Jippi Forlags ikon.  

Ikkje at Borvik romantiserer, i alle fall ikkje nå lenger. Den nå middelaldrande Fia Mia har ikkje kome seg av flekken sidan den gongen ho var ung og hennar fremste mål i livet var å skaffe nok pengar til å reise på Roskilde. Om ho framleis held konsertar, eller spelar noko som helst, seier historia ingen ting om. Det sosiale livet hennar består i å drikke pils med ei lita kjerne av venner. 

Då eg fekk nyheiten om Fia Mias vesle comeback var det årevis sidan eg hadde myst på figuren. Ikkje ein gong samleboka frå 2011 hadde eg plukka opp. Men ein viktig ting blei eg minna om då eg leste meg opp på det gamle materialet: Sjølv om Fia Mia kunne vere veldig klar i eigen tale, hadde historiane hennar ein pussig og mindre eintydig flyt. Dei komplekse oppbyggingane mot eit hektisk klimaks der Borvik gjerne lot bilda aleine snakke, sto i kontrast til dei brå og spontane avsluttingane. «Frå mørket» går inn i denne tradisjonen.  

Skilnaden er kjensla av at det står meir på spel.  Ikkje Fia Mias økonomi eller komfort, men hennar sjel, i den grad ho er villig til å gå med på at ho har noko slikt.

I eit intervju som Empirix gjorde med Borvik under arbeidet med albumet, innrømma han at han hadde gløymt mykje om korleis ein lagar teikneseriar, og det synst i alle fall litt. Rørsler og ansiktsuttrykk er blitt stivare, og anatomi er nok mindre elastisk. Borvik nytter også i mindre grad skravering for å få fram djupn; Fia Mia av 2020 er flatare, og meir i svart og kvitt. Berre bokstaveleg, heldigvis. Ennå er ho ein ganske nyansert figur og, på det visuelle plan, ennå temmelig sprek når situasjonen krev det. Framfor alt er ho ikkje blitt rundare i kantane

Kan eg konkludere så lettvint som at det var hyggeleg å sjå Fia Mia igjen? For det er det, men gleda er hovudsakleg nostalgisk, og slik mistenker eg at det er for alle involvert parter. I det tidlegare nemnte intervjuet lot Borvik det vere uklart om han vil halde fram med serien (eller med nokre teikneseriar) etter dette. Han var kanskje ikkje sikker sjølv.  Etter å ha lest «Frå mørket» er eg overtydd om at dette er den mest naturlege og verdige avsluttinga for Fia Mia.  


Fia Mia – Fra mørket
Av Rune Borvik
56 sider
220 sider
Jippi Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *