Ein bortgløymd liten skatt frå Odd Børretzens dagar som teiknar og absurd humorist er omsider samla i bokform.
Ein nydeleg liten sak vart utgjeven seint på regnsommaren 2024: Odd Børretzens teikneserie «Herr Cule» – i lite format på eit lite forlag. Nokre pussige teikneseriestriper som gjekk i eit no gløymt allmennsblad, «Billedbladet NÅ», i overgangen frå 50- til 60-åra. Folk i dag har nok mest kjennskap til Odd Børretzen som lakonisk songar og forteljar, medan hans fortid som humorist, illustratør og teiknar er mindre kjent. Dette vil denne vesle boka endre på.
I svart-kvit skildrar boka serien som altså gjekk i NÅ for så mange år sidan. Serien tek for seg eventyra til hovudpersonen Herr Cule, ein lakonisk kar med stråhatt og pipe, iført kledeleg ‘wife-beater’ som det heiter no, altså ei kvit undertrøye utan armar.
Serien og heltens namn spelar sjølvsagt på Agatha Christies belgiske detektiv Hercule Poirot – vi har med andre ord å gjere med ein kar som – om han ikkje er detektiv – er oppteken med å avdekke mysterier på løpande band, saman med sin tause håndlangar (eller tenar) Jonassen og hunden Ottho. Jonassen er der for å vere mottakar av Cules betraktningar, medan Ottho berre snusar rundt.
Me fekk TV i 1963, og noko av det aller fyrste som gav denne meldaren livslange inntrykk var ein serie (tilgjengeleg på NRK nett-tv) med songaren og diktaren Erik Bye, som saman med teiknaren og fylgjesveinen Odd Børretzen tok for seg «Ballader» i alle fasongar, frå bandittar til sorg og spøkelse. Medan Bye song og prata skildra Børretzen med enkel strek og like enkel animasjon (klipp og lim og flytt papirbetar – hugs, dette var i Fjernsynets barndom) innhaldet. Ein av dei sekvensane eg aldri gløymde på over 60 år er Alf Prøysens morbide «I Koleraland», der Børretzens enkle og effektive strek var høgdepunktet for meg.
Illustrasjonar: frå «Ballader», NRK TV 1963-64
På det punktet hadde altså Børretzen lagt bak seg eit år med Herr Cule, ein serie eg aldri fekk nyte før i denne vesle, gode boka. Denne enkle, men geniale teikneserien har mykje til felles med Tove Janssons stripeversjon av Mummitrollet», der forteljingane får leve sitt fantasifulle liv i striper der det ikkje fins grenser for innfall og fantasi. Likskapen er openberr, og det er ein nytelse å sjå korleis Børretzen taklar spranget frå illustratør til serieteiknar. Streken er enkel men likevel kontrollert, og det er heilt tydeleg at serieskaparen gjer nett som han vil, sannsynlegvis av di han er god ven med redaktøren, kva veit vel eg …
Serien er også ein meta-serie, ved at Cule ikkje berre vender seg direkte til lesaren, han kliv og kuttar og slepp seg ut og inn av rutene og arket på ein sjølvsagt og ledig måte. Datidas heltar som Ingo Johansson og Fantomet dukkar opp saman med aktuelle fenomen som gangsters og romrakettar, i det heile teke let Børretzen alt skje etter innfallsmetoden. Til eksempel vert vår helt skoten og gjennomhola av ein banditt, der Cule etterpå turt oppsummerer at teikneserieheltar berre døyr når bladet går inn. Dermed overlever helten vår, naturleg nok.
Attende til animasjonane frå TV på 60-talet: slike kortfilmar, gjerne stumme, var ofte sett til instrumental musikk, ofte jazz, og eg ser for meg at Herr Cules musikkvalg naturlegvis er Miles Davis eminente klassikar frå 50-åra; Birth of the Cool. Sprø, spretne og kjølege tonar fylgjer våre kule vener på eventyr gjennom avlange striper henta frå dåtidas mest populære blad.
Herr Cule
Av Odd Børretzen
128 sider
299 kr.
Lite Forlag
Les også:
Børretzen og Cule