Du klussa til verda, fiks ho!

Hilo-serien har fått ein ny hovudperson. Endringa markerer ikkje eit stilbrot i forhold til tidlegare bind, men med overgangen frå science fiction til fantasy er det som om serieskapar Judd Winick har opna ei ny og større leikekasse

Bok seks, «Alle bitene passer sammen» var eigentleg den perfekte avsluttinga på Hilo-sagaen. Den trong ingen oppfølgjar. Men når serien likavel held fram, tviler eg ikkje på at Winick har dei beste hensikter. For fantasirikdomen som han legger inn i dei nye bøkene tyder ikkje på at dei er noko pliktløp, og heller ikkje eit pengejag (i alle fall ikkje hovudsakleg).

Ved hjelp av eit lite synopsis er sjuande boka også ein fullgod stad å begynne for nye lesarar, sjølv om dei blir anbefalt at ein unner seg den fornøyelsen å lese dei seks første.

Hilo har blitt ein normal gut, eller i alle fall ein organisk gut. Han er framleis ganske rar, og etter kvart viser det seg at han visse eigenskapar som gjer han til meir enn ein vanleg daudeleg. Men innleiingsvis går han gjennom noko ein kanskje kan kalle eit post-Pinocchio-syndrom, der alt ved kvardagslivet er nytt, spanande og eksotisk for han. I mellomtida har venninna Gina overteke rolla som «superhelten» i serien, grunna omstende som ga henne magiske krefter i ei tidlegare bok. Ho kan også sjå ting; ekstraterrestriale, magiske vesen som ingen andre ser. Men kvifor er dei her? Det er spørsmålet som bok sju, «Gina ødelegger verden» prøver å svare på.  Ein særs pikant tittel som viser seg å ikkje røpe for mykje, berre mykje nok.  

Særleg to element driv handlinga framover til det punktet der ein er i bok åtte, Begge verkar kunstig kalkulerte, men blir til slutt naturlege delar av puslespelet. For det første blir vi presentert for nestorane, vesen med evna til  å forsterke magi. Men berre andre sin magi, og derfor har dei i uminnelege tider blitt teke som slavar i magidrivne sivilisasjonar. For det andre blir vi fortalt at før Gina var det ikkje magi på jorda på 100 000 år. Viss magien forsvann med urmenneska, som er det vi her blir fortalde, korleis overlevde legender om magi på jorda heilt fram til vår tid?

Likevel er det denne detaljen essensiell for å forklare kvifor verda ser ut som den gjer på byrjinga av bok åtte, «Gina og den store hemmeligheten». For teknisk sett så øydela Gina ikkje jorda; ho endra den til ei jord som alltid har vore drive av magi. Vanlegvis ville dette låte som ein god ting i ei barnebok, men ikkje slik som sagaen i forvegen er lagt opp. Den magiske jorda er ei spennande, men også brutal verd der for mykje har gått tapt. Hilo, Gina og vennene må finne ein måte gjenopprette den verda dei kjente på.

Ein aner at «Gina og den store hemmeligheten» er ei historie som Judd Winick har ønska å fortelje og ikkje minst teikne i lenger tid, ei historie der har kan boltre seg fritt med fantasifoster (noko ein også såg begynnande tendensar til i bok sju)  og blande humor og intrige på ein meir atterhaldslaus måte enn før. Sceneskiftet betyr også ei avveksling frå dei einsformige bakgrunnane i dei tidlegare bøkene. 

Mykje av humoren i bøkene kom tidlegare frå hyperaktiviteten og naivismen til Hilo sjølv, og den er framleis eit berande element, men dei fleste av både viktige og perifere bifigurar får sine sjansar til å lette på stemninga. Kanskje unntatt Liam, som gjer lite av seg  sjølv om han alltid er med. Delvis skuldast dette at dei nye bøkene nok har eit naturleg behov for å fokusere meir på Ginas familie nå som Gina har avansert til tittelfigur. Eit par stader særskilt i bok åtte, men også i bok sju, er dette heilt sentralt. Namnet har noko med det å gjere; sjølv om «Den stor hemmeligheten» er ein kjedeleg generisk tittel sett i isolasjon, viser den seg å ha ein spesiell og meiningsfull tyding sett i ettertid

Etter åtte Hilo-bøker er det ingen teikn til at inspirasjonen begynner å bleikne hos Judd Winick Dei nyaste bøkene manglar kanskje litt på å nå den dramatiske tyngda og det kjenslemessige engasjementet til bok seks, men begynner å komme nærme, allereie nå.

Hilo 7: Gina – jenta som ødela verden
Hilo 8:: Gina og den store hemmeligheten
Av Judd Winick
Omsett av Morten Hansen
224 kr. kvar
249 kr. kvar (veil.)
Vigmostad & Bjørke

Les også
Anmelding av bok ein
Anmelding av bok seks

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *