Konge og tenar for teikneseriane

«Jack Kirby – The Epic Life of the King of comics» fortel dramatisk, rørande og lærerikt om kongen av superseriar

Tom Scioli har ei unik lita nisje i den amerikanske serieverda. GODLAND var ein klar Kirby-pastisj. Så markerte han revir med TRANSFORMERS VS G.I. JOE, ein serie der poenget kan ha vore å gi deg same kjensla som seriane du lagde på kjøkenbordet i femteklasse. Med det meiner eg at den hadde blyantstrek-estetikk, variabel anatomi på heltane, og ei deilig skakk handskrift som etterstreba, men ikkje 100% emulerte, korleis “kommersielle” seriar ser ut. Det er mange i teikneserieundergrunnen som ser opp til seriar frå den “kommersielle” overgrunnen. Teikneseriekunsten har jo aldri eigentleg hatt særleg tjukke veggar mellom kunst og kommers.

Scioli sin estetikk har altså tidlegare vore “overgrunnsseriar, tegna og fortalt som undergrunnsseriar”, men i boka om den hyperenergiske Jack Kirby er teiknestilen til Scioli ironisk nok meir dempa enn nokon gong før. I respekt for materialet tek Scioli seg få formelle friheiter. Han set saman det han har av kunnskap om Kirby sitt liv, og innrømmer at han har “bygd saman” alt for å lage ei heilskapleg fortelling. Grepet funkar, men eg tek meg i å lure på kva som er sitat og kvar Scioli “bygger på”. Ein kan så klart få svar på dette ved å kryssreferere mot noteverket bakerst, men Scioli kunne truleg godt gjort som Kverneland i Munch og berre brukt originale tekster i staden. Slik hadde eg som lesar kunna “trudd på” dei sprø hendelsane endå meir medan eg las. (Som historia om då Kirby blei fanga av ei gruppe nazisoldatar. Det er 1) ei ganske vill historie som det hadde vore fint å få meir fakta om, og 2) spikeren i kista for gjøkane som prøver å seie at superheltseriar “ikkje brukte å vere politiske”. Pennen som teikna Captain America, Hulken, Iron Man, Thor, osv. er i praksis dyppa i naziblod.)

Å vere teikneserieskapar kan vere intense greier, i alle fall om du er Jack Kirby. Far hans, Ben Kurtzberg, slumpa til å fornærme ein lokal adelsmann i Østerrike-Ungarn, og vart utfordra til duell neste dag. Han fekk velge mellom sverd og pistol. Fornuftig nok valgte Ben å flykte til USA i staden, der han møtte si Rose Bernstein. Vesle Jacob vaks opp i eit røft nabolag i New York og fikk sin andel nevekampar. Kurtzberg skiftar til det mindre jødiske, og truleg meir salgbare Kirby. Han slår seg etterkvart saman med ein annan fyr som også skifta ut sitt jødiske etternamn: Marvel-forfattar Stanley Lieber – Stan Lee.

Kirby går gjennom eit serieskaparliv med masse dårlege kontrakter, enorme mengder arbeid, barnefødslar som gjer at han ikkje tør søke frilanslivet, og stadige konflikter med Stan Lee. Begge var briljante på sitt vis, men Lee sat nærare makta – og hadde få skruplar med å bruke sin posisjon til å stjele æra for andre sitt arbeid. Det hjelper heller ikkje når ein ser Marvel sine smålige forsøk på å nekte å gi Kirby tilbake originalane sine.

Mange namn passerer gjennom boka. For meg er dei kjende: Tusjarar, manusforfattarar, tekstarar og redaktørar. Det funkar for meg, men tidvis kan folk sjå litt like ut, eller endre framtoning drastisk i løpet av livet. Ein må altså følge litt med. Livshistoria til Kirby, som alle livshistorier, har både rørande og opprørande sider. Kirby er mykje av tida rasande på sin makker Stan Lee. Ikkje utan grunn: Lee endra replikkar, forkasta “heile poenget” med ting som Kirby hadde tenkt ihop – og mykje av dette fekk ikkje «The King» vite om før han sat med bladet i hendene. Den typen overraskande intervensjon er, om ikkje borte, så i alle fall svekka i dag. Dei kommersielle drivkreftene bak tegneserieproduksjon har krympa. For masse innblanding og mas på serieskaparane er rett og slett ikkje verd det, ein risikerer at dei sluttar og går indie. “Teikneseriar er kunst” er dermed ein modell vinn meir og meir terreng. Dette skjer også fordi ryktebørsen og informasjonsflyten går fortare – historiene om korleis Kirby vart behandla, førte til at dei “store” frå Marvel og DC valgte å starte Image Comics.

Sekvensen der Kirby får betalt frå Image og for FØRSTE gong i si karriere oppdagar at teikneseriar faktisk kan lønne seg, er bittersøt. Bittersøt fordi det skjer så seint, og for eit så shitty produkt som «Phantom Force», meeen også … fordi ein del av dealen er at Image-teiknarane (mellom anna “Image-anatomiens mester” Rob Liefeld) insisterte på å tusje direkte oppå Kirby sine blyant-orginalar. Det er det nest verste kunstneriske overtrampet eg har høyrt om, kun slått av då samtidskunstnarane Jake og Dinos Chapman kjøpte ein haug originaltrykk av Goya for å teikne klovnefjes på dei.

Teikneserien sin sterkare og sterkare posisjon som “kunst” er eg, som serieskapar, glad for. Men ein kjem ikkje unna at all rotinga og alt stresset og maset som Kirby vart utsett for under samlebåndsproduksjonen til Marvel, har vore med på å gi oss det vi sit igjen med i dag. Men vi får også sjå Kirby sleppe seg laus heilt aleine. Resultatet er NEW GODS, eit visuelt og mytologisk høgdepunkt både for Kirby og for den amerikanske superheltsjangeren. Denne eksplosjonen av oppsamla kreativitet er ekstremt tilfredsstillande å sjå, og ein kan jo byrje å lure på kva vi kunne hatt om Kirby fekk vere sjef oftare.

Livet til Kirby stiller altså eit interessant spørsmål: Skal ein godta å bli utnytta, vere del av eit pill råttent system (kapitalismen), og dermed også vere med på å forme verda? Or is it nobler to … gøyme seg i ei leilighet som t.d. Steve Ditko og ikkje delta i den skitne, kaotiske, skruppellause drittbransjen? Boka svarer ikkje på det, men ein sit igjen med ei berusande kjensle av å ha fått vere nær eit av dei mest sprudlande fantasirike menneska kunstforma vår har hatt.


Jack Kirby -The Epic Life of the King of Comics
Av Tom Scioli
208 sider
USD 25 (Amazon)/NOK 299 (Platekompaniet.no)/NOK 314 (Outland.no)
Ten Speed Press

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *