«Bang» er den mest handlingsmetta boka i «På fire bein»-serien. Og bodskapene er like viktige som før.
Etter mykje vandring er Vesle Rev og Store Villsvin tilbake ved epletreet sitt, der dei oppdagar at fleire ande dyr har slått seg ned. Det er ikkje eit problem si seg sjølv, bortsett frå at ei av dei er ei skjor som samlar på skarpe og skinnande ting. Ting som er farlege å tråkke på, og kan starte brannar. Så skjer nettopp det.
Med den femte «På fire bein»-boka føler polske Berenika Kołomycka igjen for å gjere ting berre litt annleis. «Bang» er den mest handlingsmetta boka i serien. Den har den tettaste og mest fokuserte historia, og har meir dialog enn tidlegare.
Ein skulle tru at noko av den visuelle poesien kunne bli vekke når boka legg vekt på dialog og plott i ein slik grad, men det er i så fall svært lite. Framleis er serien laga i akvarell, og framleis er sidene fulle av skjønne, vare naturbilete. Dei er sjølvsagt særskilt dramatiske denne gongen, fordi mykje av boka skildrar ein skogbrann, noko som betyr at kunstnaren gir seg sjølv nye, spennande motiv å jobbe med. Bodskapa er heller ikkje gjort overtydelege samanlikna med tidlegare bøker. Moralen i forteljinga er enkel nok til at barn kan forstå det av seg sjølv, men generell nok til å opne for tolkingar.
Igjen har likevel forlaget valt å forklare bodskapen, i alle fall på heimesidene (på permen er det litt meir opent). Her handlar det om naturvern, samarbeid og inkludering, heiter det.
Punktet om naturvern er openbert. Til punktet om samarbeid har eg lyst til å reflekterte over noko. Kanskje leser eg for mykje ut av scenen der bisamrotta bed dei først noko skeptiske beverane om hjelp til å slokke brannen – Men denne boka er lage etter invasjonen av Ukraina, som Polen deler grense med. Kan det vere ein underforstått bodskap, av ein noko politisk art, om samhald og solidaritet her? Som sagt, det er godt mogeleg at eg overtolkar dette, og la det berre vere sagt med ein gong at «På fire bein» har alltid vore ein tidlaus teikneserie om allmenngyldige tema som det er lett å relatere seg til.
I «Bang!» er ikkje dette på nokon måte endra. Men heilt utenkeleg er det vel ikkje at serieskaparen kan ha vore lettare påverka av nyheitsbildet.
Til punktet om inkludering vil eg legge til forsoning og tilgjeving. Tradisjonelt er skjora skurken i fablar og eventyr, så det verkar endå sterkare når fabelen gir rom for nyansar også her. Skjora er første dårleg likt, og gjer mykje feil, men blir tilgjeve.
Takka vere presentasjonen har eg alltid synst det er lettare å verdsetje moralen i «På fire bein»-bøkene meir enn dei fleste barnebøker. Ved sida av «Soloppgang» har «Bang!» den beste.
På fire bein (5) – Bang!
Av Berenika Kołomycka
Omsett av Knut Inge Andersen
48 sider
300 kr.
Andersens Forlag
Les også:
Anmeldingar av alle «På fire bein»-bøkene
Intervju med Berenika Kołomycka