Julehefte 2023 – Norske klassikarar

Stomperud bryt den fjerde veggen, Larris blir ein del av det sunnmørske industrieventyret, og Flis passerer Flåklypa-testen i årets «tradisjonelle» norske julehefter.

Mange av dei har 80+ års fartstid, og ein skulle tru faren for endelaus gjentaking og resirkulering alltid var til stades. År etter år, og særleg i nyare tid, ser vi likevel tendenser til fornying hos dei norske klassikarane.

TS – Trond Sätre
KRK – Knut Robert Knutsen

**

Smørbukk og mysteriet med dei små fotspora – Jula 2023
Av Håkon Aasnes (nytt materiale) og Johannes Farestveit og Solveig Muren Sanden (reprisemateriale)
36 sider/79 kr/Egmont og Norsk Barneblad

I årets nye historie kjem Smørbukk og Trond over ei bok som nemner at eit helleristningsfelt vart oppdaga på garden Oppfjell 130 år før. Dette kan det verte særoppgåve av, tenkjer dei og det vert forviklingar med uvær og gullgravarar og mystiske småfolk som luskar rundt og gjer hærverk. Er dei underjordiske verkeleg på ferde?  La oss berre seie at dette er jo ikkje Tuss og Troll. Lett kuriøst og underhaldande blir det uansett.

I årets klassikar frå 1973 steiker Smørbukk nyfanga fisk til ein St. Hans-fest, og de eine fører de andre med seg. Ja, St. Hans; Farestveit var ikkje så nøye med om det var jul og vinter i Smørbukks julehefte, så lenge det var utgangspunktet for ein god farse. Samanlagt er årets Smørbukk ein kjekk liten pakke.

4

(TS)

**

Caprino ga han ein annan rolle, men i originalversjonen av «Reve-enka» er haren ein av friarane

Tuss og Troll Jula 2023
Av Håkon Aasnes, Ivan Emberland/Øyvind Sveen og Gardspeland (nytt materiale) og Johannes Farestveit og Solveig Muren Sanden (reprisemateriale)
36 sider/79 kr/Egmont og Norsk Barneblad

Aasnes og Espeland gir oss ei morosam og litt skummel historie om Julereia.  Emberland og Sveen gir oss ei litt tam soge om «den kloke husmannsdottera», ikkje på høgde med resten i heftet. Farestveit og Sanden gir oss både den spanande «Guten som skulle tene 3 år utan løn» og den klassiske teikneserieversjonen av «Reve-enka» som er verdt prisen på heile heftet sjølv om den er kun 3 sider.
5

(TS)

**

Petra gjer rett i å vere skeptisk til August Stomperuds val av farkost.

Nr. 91. Stomperud Julen 2023
Av Håkon Aasnes
36 sider/89 kr/Egmont

Årets hefte har ein av Håkon Aasnes’ beste forsider, først av alt. Inne i heftet går det først litt trått med drøvtygging av situasjonar og føreseielege poeng. Etter kvar tek det seg litt opp, med meir karakter og betre dialog. Heftet toppar seg med eit avsnitt der 91 Stomperud ganske overraskande bryt den fjerde veggen. Scenen får meg til å tenke på Sprint, av ein eller annan grunn.

4-

(TS)

**

Jens von Bustenskjold Julen 2023
Skrive av Sigurd Lybeck, teikna av Anders Bjørgaard
36 sider/75 kr./Vigmostad & Bjørke

Vanlegvis er dette heftet som eg finn det aller vanskelegast å opparbeide nokon entusiasme for. Det meste er galt med serien, sett med moderne auge. Både tekst og teikningar er slappe, og historiene er ofte hala ut. Attpåtil har teksten i den eine historia ein masse openberre skrivefeil som må tilskrivast typografisk slurv, og ikkje gamal Valdresdialekt.

I tillegg er to av fire historier prosatekst med få illustrasjonar, noko som minner oss om kor lite avhengig Sigurd Lybeck eigentleg var av det visuelle.

Samstundes verkar urettvist å ironisere over serien; den er liksom for gamal til det, til og med.  Aller best er de vel å handsama heftet som eit slags historisk dokument. Årets hovudhistorie heiter «Gubberennet», og kan sjåast på som ein kommentar til den strenge krigsrasjoneringa i 1944. Gubbane (for å bruke seriens eige ord) konkurrerer nemleg om ein kvartrull ekte tobakk.

Den andre teikneserien i årets hefte, «I løvens tegn», er litt betre skrive og teikna, og har for ein gongs skuld tittelfiguren i hovudrolla.

3

(TS)

**

Aima og Knut Berg beundrar stjernehimmelen over Kalimanko.

Ingeniør Knut Berg 2023
Av Øyvind Lauvdahl
36 sider/79 kr/Fonna

I fjor starta Lauvdahl så smått si oppdatering av Knut Berg med ein del lette oppdateringar av opphavshistoria og mytologien bak historia, men i dette heftet tek han av handbrekka aldeles. Her er det meir moderne referansar, mellom anna ein liten nikk til John Carpenter sin «The Thing», og skikkeleg fart og engasjement. Sjølv om tekst-under-biletet formatet framleis set grenser for serien, så er dette ei klar forbetring.

Lauvdahl «klipper» mellom mange forskjellige personar og scener, og bygger det eine mysteriet oppå det andre slik at ein heile tida vert halden i uvisse. Eit mysterium får knappast eit svar før vi vert introdusert for to nye.  Dette er spanande, men kan òg verke forvirrande når ein er van med den overtydelege og forklarande forteljarstilen i den klassiske serien.

Så langt har Lauvdahl hoppa langt og stilreint, men alt henger på om han sikrar landinga i neste nummer. Klarar han å nøste alle trådane saman? Vi venter i andelaus spenning til neste jul.

5

(KRK)

**

Larris gir heiderleg arbeid ein sjanse.

Vangsgutane 2023
Av Kjartan Helleve/Ivan Andreassen (nytt materiale) og  Leif Halse/Jens R. Nilssen (reprisemateriale)
36 sider/79 kr/Fonna

Larris er i sentrum i årets nye historie, som eit tekststykke forklarar er lauseleg basert på suksessen kring møbelfabrikkane på Møre på 1950-talet. Mykje spanande tyleskap frå Larris, altså.

I den klassiske historia vert gutane inspirert av ein tur til Oslo, og mellom anna Kon-Tiki-museet, til å lage seg si eiga Kon-Tiki-flåte og segle nedetter elva for å sjå om det finst folk nede på Øra.  Det er eit visst preg av Huck Finn over alle streka dei finner på nedetter elva, men spanande er det heile vegen.

Som alltid så er denne kritikaren mest begeistra for klassikaren, men Helleve og Andreassen gjer ein flott jobb og møbelfabrikken er ein fin vri. Eg synast kanskje den moderne Larris er mykje mindre sympatisk enn den klassiske, men ein må akseptere litt variasjon i slike gamle serier. 

5

(KRK)

**

Flåklypa Julen 2023
Skrive av Øyvind Sagåsen, teikna av Thierry Cappezzone
36 sider/89 kr/Egmont

At teiknarar kjem og går på Flåklypa julehefte er vi vane med, men for eit år sidan var vi i den meir uvanlege situasjonen at serien mangla ein forfattar etter at Haakon W. Isachsen trakk seg. Valet av etterfølgjar fell på Øyvind Sagåsen, noko som eg personleg var litt skeptisk til då. Humor kan han, men Flis sine forsøk på å lage samanhengande Radio Gaga-historier lenger enn ei side har aldri heilt overtydd meg; dette er mannen som prøvde å få eit ordspel på «redd snøuglene!» til å vare to sider.

Men Sagåsen består med glans. Han har ordet i si makt, han kjenner miljø og alle karakterar, og han veit kva element som høyrer med: Nokre avisforsider, litt Felgentech, bygderomantikk som ikkje er for ironisk meint, og mykje satire, gjerne sentrert rundt ein skurkaktig minner-litt-om-ein-verkeleg-kjendis. Historieforteljinga hans er kanskje ei aning mindre raffinert enn Isachsens, men det gjer berre Flåklypa endå litt meir folkeleg, og gjer også intrigen lettare å følge. Sjølvsagt hjelper det også at Sagåsen har med seg (har arva, kan du seie) ein stilsikker og erfaren Flåklypa-teiknar som Thierry Cappezzone.

5+

(TS)

Forsideillustrasjon: Ludvig finner ro på «Trolltåa», turistattraksjonen som igangsetter årets Flåklypa-plott.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *