Julehefter 2020 – Tradisjonelle norske

Alle kjenner dei, også om ein ikkje nødvendigvis les dei sjølv. Vi ser på dei mest tradisjonelle norske julehefta, og ein del anna med djupe røtter.

Aukrust i Hundre   (Egmont / kr 159,-)

(Merk: Anmeldar tek atterhald om at han og Serienett kan reknast som ugilde, då han og redaktøren personleg kjenner Arild Wærness, som er ein av bidragsytarane.)

Denne juleboka er del av ein genre som er velkjend i fransk-belgiske seriemiljø; hyllestboka til ein forfattar eller teiknar ved eit stort jubileum.
Boka er spekka med korte tekstar og teikneseriar på eit par sider som har det gøy med forfattaren og karakterane han skapte, nokon av dei veldig personlege. Særleg Peter Madsen sin serie om sitt første besøk i Noreg og Bjørn Ousland sin illustrasjon av ein Felgensk bisarr oppfinning gjorde inntrykk på meg, men her er mykje flott.

Bidraga  varierer i kvalitet, ikkje alle er like solide (gode, men ikkje alltid geniale) , men poenget med desse bøkene nettopp det at ein samlar eit stort utval av forskjellige stemmer for å vise kor mykje ein teiknar vert sett pris på, og der treffer boka.  Det er ei koseleg bok som Aukrust-fans sikkert vil kunne nyte i jula.

Sjølv om sentimentaliteten legger ein tommel på vektskåla så ender vi på terningkast 6.

*

Nr. 91 Stomperud   (Egmont / kr 67,-)
Framleis i traust tekst-under-biletet format, men Håkon Aasnes held fram med å utvide og fornye persongalleriet og oppdaterer miljøet i leiren ein del, sjølv om mange av vitsane er variantar av trufaste klassikarar. Karakterane er trass alt seg sjølv like.  Vi har forkledningar under krigsleikar, 87 sine raske penger-planar, og vanskar med å kome seg heim til jul. For dei som ser fram til Stomperud kvart år, så skuffar det absolutt ikkje.

Terningkast 4.

*

Tuss og Troll  (Egmont /  Norsk Barneblad  – kr 69,-)
Som alltid er halvparten av heftet klassisk Tuss og Troll av Solveig Muren Sanden. Hennar materiale held den høge kvaliteten vi er van med.

Av dei nyare historiane – begge skrive av redaktør Nana Rise-Lynum, har vi ein av Håkon Aasnes, «4 Ønske», som er småhumrande morosam. Den andre,  «Kari Trestakk»,  er meir problematisk. Den skurra for meg, for den er meir Askepott-prega enn eg hugsa. Etter å ha gått attende for å lese det opphavelege eventyret så slår eg meg til ro med at dei Askepott-elementa var der i eventyret frå før. Eg trur det som sette meg ut var at Kari Trestakk alltid har virka som eit «røffare» eventyr. Det er ikkje utan grunn at slike «rufsete» teiknestilar som Erik Werenskiold og Theodor Kittelsen sine passa så ypperleg til eventyra.

Sveen og Emberland sin strek er for glatt og fjern for meg. Det har det preglause uttrykket til teiknefilmar som ein kjøpte fordi ein ikkje hadde råd til Disney-versjonen, og eg kjenner ikkje att linjene attende til korkje norsk bondesamfunn eller den nifse og intense stemninga i sjølve eventyret. Sanden og Aasnes har stilar som fangar opp dette. Sveen og Emberland har det berre ikkje. 

Terningkast 4

*

Smørbukk (Egmont / Norsk Barneblad kr 67,-)
Som alltid så er halvparten av heftet klassisk Smørbukk av Johannes Farestveit og Solveig Muren Sanden. Denne gongen har Smørbukk fått eit nytt kjæledyr, siamesarkatten Moses, som er like fæl til å hamne i trøbbel som Smørbukk sjølv. Sjølvsagt, med katt involvert, så vert dette eit av dei morosamste Smørbukk-eventyra.

Håkon Aasnes lever ei flott ny historie òg, der Smørbukk drøymer seg attende til ein gard i vikingtida der han treffer på ei villstyrig og vakker jente med namn Gry som vert stormande forelska i han. Og så vaknar han. Litt merkeleg sak.

Terningkast 5

*

Fjøsnissens Jul   (Toppspinn /  kr 135,-)
Der er vel ikkje stort å seie her? Dette er ei samlebok med nye og gamle Truls og Trine-julehefter og ein del korthistorier frå teikneserien Troll, alle kjende frå Arild Midthun sine «før-Donald» dagar. Sjølv om delar av dette har vore utgitt eller trykt opp att for ikkje så lenge sidan, så er det uansett mykje veldig bra julelesing for pengane.

Terningkast 6

*

Vangsgutane   (Fonna Forlag / kr 64,-)
Som alltid så er halvparten av heftet klassisk Vangsgutane. Her ei ganske grei kvardagshistorie om ei bruresylje som forsvinn.

Nils Nordberg og Ivan Andreassen leverer enno ei ny Vangsgutane-historie, med start under andre verdskrigen og så overgang til etterkrigstida og ei jakt på gamalnazistar som leier dei til ei vulkanøy og ein hemmeleg leir i rein James Bond (eller Jens Bonde?) stil saman Indianar-Jonsen.  Med gjestespel av ein bergensk tjuagut ved namn Varg.

Eg er ikkje heilt begeistra for teiknestilen,  den er litt stiv, og historia er kanskje litt for utruleg i forhold til det ein forventar av  Vangsgutane.
Litt mykje hummer og kanari, vil eg seie. 

Terningkast 4

*

Ingeniør Knut Berg  (Fonna Forlag / kr 64,-)
Vi tenkjer ofte at Ingeniør Knut Berg er ein slags norsk Flash Gordon, men i årets julehefte er han vel meir Indiana Jones. Sjølv om ein her er midt i serien så er dette siste heftet som vart trykt opp, då ein starta opptrykka frå midten. Berg har forvilla seg inn i eit land som liknar det gamle Egypt saman med venane sine, og dei må navigere seg mellom intrigane til eit kongeleg syskenpar for å kome seg vidare. Med Dr Panga i hælane sjølvsagt.

Litt mykje fokus på ingeniørkunst, kanskje (sjølv om det kan vere greit å bli minna om at helten faktisk er ingeniør), og som vanleg litt mykje emosjonell distanse i teikningane. Mest for fansen, eller einkvar som faktisk har følgt med heilt til nå.

Terningkast 4.  

*
Jens Von Bustenskjold  (Bladkompaniet / kr 69,-)
Ofte kan det vere vanskeleg å seie noko om denne rotnorske serien. Humoren er klassisk,  men som mange andre av desse «teksten under bileta»-klassikarane, så sliter dei med åra.

Når det er sagt, årets historier er ganske gode, to historier med Plassbakk-kallen på friarføter (og vi veit jo korleis det må ende) og Jens Von Bustenskjold som vert sitjande fast i ei stikkrenne under vegen når han berre skal gøyme seg vekk litt for å drikke øl.  Til slutt ei skjemtehistorie med Bernt Skomaker.

Det er ikkje alltid at Bustenskjold er så lettlest og moro som i år, så i år sette eg verkeleg pris på nettopp dette heftet, sjølv om det er prega av alderen.

Terningkast 4


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *