Julehefter 2020 – Moderne norske

Norske teikneseriar post-Pondus har ein stadig meir dominerande plass i juleheftestativet. Med god grunn, for ofte er dei blant dei aller beste, men det finst også skuffelsar.

Flåklypa Julen 2020 (Egmont / kr 67,-)
Ein ond og nedrig mesterhjerne har sett i gong ei intrige som sender Reodor, Solan, Ludvig og fleire andre frå Flåklypa, både venar og fiendar, mot Nordishavet som ein del av ein internasjonal maktkamp mellom Noreg og Russland, med USA innblanda.

Thierry Capezzone vert meir og meir aukrustsk i streken, og miljøa her er spill levande. Haakon Isachsen går på stram line, med høg risiko, og presenterer oss for mange morosame sketsjar med polfararar og Kaptein Sabeltann etc. på vegen mot målet.

Korvidt ein skal gi beste karakter eller trekke kraftig ned avhenger på om ein set pris på den noko spesielle intrigen.

Vi let tvilen kome tiltalte til gode og landar på terningkast 6

*

Kollektivet (Egmont / kr 75,-)
Kollektivet pleier å vere 100% «ferskvare», i år er det berre ein 10-sider med foreldra til Ronny på julebesøk som ser ny ut. Vanlegvis så pleier å Kollektivet å vere blant dei årsbeste og noko å sjå fram til, men i år går det litt på tomgang. Nokon vitsar og sentimentale scener landar ikkje heilt.

Det er òg litt forvirrande med så mange overlappande julehistorier som ikkje heilt passar saman, til det går opp for ein at delar er reprint frå andre juler. Konseptet er såpass likt som det var i 2006 at skiljet ikkje er openbart før ein ser årstalet.

Lien sin 3-sider i Radio Gaga juleheftet hadde meir snert enn Kollektivet sitt eige julehefte i år.

Terningkast 3

*

Lunch – Juletorsken Julen 2020 (Strand / kr 69,-)
Årets Lunch julehefte har eit lang spesialhistorie, samt juleutgavar av det vanlege hefteinnhaldet. «Juletorsken» er ei varm og sentimental julehistorie om familejul og tradisjonar og torsken som alltid slepper unna. Ei av dei betre langhistoriene i år.

Terningkast 5

*

Storefri – Secret Santa Julen 2020 (Strand / kr 69,-)
Heftet inneheld ein del Storefri-striper, Hurtigmat-ruter og ei lengre julehistorie om «Secret Santa» på lærarrommet. Eg er ikkje fan av denne serien frå lærarmiljø, sjølv om eg kjenner andre lærarar som er det.

Humoren er lettvint, karakterane enkle, men det er solid lærarsatire, om enn av russerevy-typen. Eit pluss for solid juleinnhald.

Terningkast 3

*

Radio Gaga (Egmont / kr 75,-)

Ein flott langhistorie, «Juleønsket», Eit før nemnt gjestespel frå Torbjørn Lien – «Gry baker nordnorske julekaker» – som er forvirrande, intenst og Lien i storform. Oskar Erobreren feirar jul og der er rikeleg med Radio Gaga julestriper.

Ikkje stort anna å seie enn: Kos.

Terningkast 5

*

Nemi (Gyldendal / kr 64,90 )

Dikt av Andre Bjerke, Dikt av Inger Hagerup, korte melankolske sekvenser med Ophelia, Cyan og Nemi og ein god del bra julestriper.

Eg har ikkje lese Nemi på ei stund, men dette heftet minna meg på kvifor eg pleide å lese serien. Overraskande hyggeleg gjensyn.

Terningkast 5

*

Rutetid (Egmont / kr 75,-)

Inneheld ein god del Frode Øverli og diverse bidragsytarar til månadsbladet. Akkurat såpass mykje godt julestoff at det vert godkjent, men kjapt lest og kjapt gløymd.

Terningkast 3

*

Jul på Hjemmefronten (Egmont / kr 99,-)

Therese Eide leverer eit tjukt hefte med Hjemmefronten i år, med nokre fine gjestespel på 2-3 sider av Linn Eielsen, Kristin Storrusten og Ellen Bergheim som er interessante kontrapunkt til familiejula Eide presenterer.

Mange observasjonar om stressande småbarnsjul, gøyale aktiviteter og anna, dette er det perfekte juleheftet for småbarnsforeldre med dårleg samvit for alt dei ikkje rakk over.

Terningkast 6

*

Pondus (Strand / kr 69,-)
Pondus sitt julehefte kan best samanliknast med å få Liverpool til tabelltoppen med Drillo som trenar. De får det de vil ha, men kanskje ikkje slik som de vil ha det.

Der er solide og ferske julestriper, men mykje av 1 stripe per side, pluss tradisjonell julenøtt-side, Bestis 2-sider av Kenneth Larsen, Dunce julestripe av Jens K. Styve og ei visuell oppsummering av kva som skjedde i Pondus i året som gjekk. I tillegg eit lite nikk til barneboka om Frida. Stort sett det vi kan forvente av Øverli og Pondus.

Som alltid så er det eit hjartesukk om at der ikkje er ei eiga langhistorie til bladet.

Øverli står alltid til ein sekser (eller til naud femmar) på innhald, men det vert litt kjapt bladd igjennom.

Terningkast 5

*

Jul på Skaugum (Aller / kr 69,90)

Sukk. Pent teikna «kongehusparodi». Sam Klein er OK på andlet og omgjevnadane, men der er lite liv over figurane. Martin Ernstsen er ein fortreffeleg teiknar som vanleg, medan Kine Kjær har litt stive men dyktige kjendisportrett.

Forfattar forbigåast i stillheit.

Problemet er historiane, i år som i fjor. Eg hugsar frå barndomen at Se og Hør hadde fotofortellingar i påska der Se-og-Hør-venlege kjendisar stilte opp som versjonar av seg sjølv i ein medveten banal krimparodi. Manuset og replikkane var redselsfulle, men det var ein del av sjarmen at kjendisane gjorde ap med seg sjølv. Den delen finner ein ikkje her.

Eg får same kjensla av banalitet her, berre at det er trekt ut altfor lenge og meir kleint når det handlar om folk som ikkje sjølve er med på spøken. Mange av vitsane er så lettvinte og utgamle at dei har oldebarn som opptrer på russerevy. Det går i Mette Marit som Kaptein Sabeltann-skodespelar, Marius som Russ på n’te året og Durek. Mykje Durek i år som i fjor.

Å gjere ap med maktpersonar er alltid OK, og kongefamilien er ikkje eit unnatak, men det skurrar litt når ein fokuserer for mykje på personar som Marius og Durek, personar som IKKJE er del av arverekka og ikkje ein del av makta. Det vert som å gjere ap med ungane til Erna Solberg i staden for å gå etter regjeringa.

Fordi det er lettvint.

Eg er ikkje bekymra over korvidt dette heftet fornærmar kongefamilien, eg er meir bekymra over i kva grad det fornærmar profesjonelle utøvarar av satire.

For teiknarane si skuld, og berre for deira skuld, lurte eg på å gi så mykje som 2, men…

Terningkast 1

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.